Tilsette over 55 vil miste AFP ved konkurranseutsetting
Fryktar million i pensjonssmell: – Må eg jobbe til eg blir 67, er eg redd eg ikkje har mykje armar og kropp igjen
Høgresida sa dei tilsette skulle få same vilkår om jobbane blir private. No viser ein gjennomgang at Heidi Olsen (59) må jobbe fem år lenger og taper over ein million kroner om ho blir flytta frå kommunen til eit privat selskap.

– Eg blir jo gjort til business, seier mannen inn i mikrofonen.
Ved sidan av han i kinosalen sit rundt 100 kollegaer som jobbar med reinhald og på vaskeri.
Dei har ikkje kome for å sjå filmen om senkinga av Blücher som skal bli vist seinare same kvelden.
Dei har nyleg fått vite at fleirtalet av politikarane i kommunestyret planlegg å sette opp mot 150 stillingar ut på anbod.
Mellom anna jobbane deira. Og no er det informasjonsmøte om saka.
Det skal skje i fleire trinn. Først er planen at reinhaldarane i kommunen skal settast ut på anbod.
Seinare kjem eventuelt vaskeriet og andre tenester.
Det vil få store konsekvensar for spesielt ei gruppe.
Heidi (59) ei av dei som kan bli rammet aller hardast.

Starta på ungdomsskulen
Heidi Olsen opnar døra inn til vaskeriet:
– Her er det automatisk bretting, forklarar ho.
Ho strekkjer ut eit lyst handkle og legg det på eit samleband som matar det inn i ei stor maskin.
Ho har vore her lenge.
– Eg var lei skule og fekk lov til å starte å jobbe i 8. klasse som ein del av undervisninga. Det var 7. september i 1981. Og den jobben var i eit vaskeri, seier ho kvikt.
Sidan har Heidi jobba i ulike vaskeri, for det meste i kommunen:
– Eg starta her 5. mai i 2014, seier Fagforbundet-medlemmen.

Rekk ikkje å spare opp AFP
Heidi, som er 59 år, er blant dei i Nordre Follo kommune som vil bli hardast ramma om ho må over i eit privat selskap.
Alle tilsette som er over 55 år og som blir verksemdsoverdratt frå kommunen til eit privat selskap, mistar AFP-en sin. Det er rundt 25 tilsette i denne alderen som jobbar med reinhald og vaskeri i Nordre Follo.
Grunnen ligg i vilkåra for AFP: For å få avtalefesta pensjon i privat sektor må du ha vore tilsett i eit selskap som har ei slik AFP-ordning i minst sju av dei siste ni åra.
Dei rekk ikkje å jobbe lenge nok til å spare seg opp AFP. Slik systemet er i dag. Det er heller ikkje garantert at selskapet dei eventuelt skal over i, faktisk har AFP-ordning.
Dette får blant anna to konsekvensar: Dei kan ikkje pensjonere seg når dei er 62 år, men må jobbe til dei blir 67. Og dei går glipp av pensjonspengar.
– Eg trur ikkje politikarane har tenkt seg så nøye om og sett seg inn i kva dette vedtaket vil bety for oss som jobbar her, seier Heidi.

Så mykje taper ho
Ein som har sett seg grundig inn i konsekvensane av denne typen vedtak, er Steinar Fuglevaag.
Han er spesialrådgjevar for pensjon i Forhandlingsenheten i Fagforbundet.
Han har laga ei oversikt og gått igjennom kva Heidi Olsen og andre i hennar situasjon vil tape om dei blir overført til eit privat selskap.
Ein 59 år gamal kommunalt vaskeritilsett vil samla sett ligge an til å miste rundt 1.161.000, kroner, ifølgje Fuglevaag sin gjennomgang.
Han understrekar at han ikkje har sett på dei konkrete vilkåra til Heidi, og at tala kan variere noko individuelt.
I tillegg risikerer Olsen å få dårlegare sikring om ho skulle bli ufør:
– I offentleg tenestepensjon har alle tilsette ein rett på uførepensjon frå pensjonskassa i tillegg til utbetaling frå NAV. I privat sektor er dette ikkje obligatorisk, og vi erfarer at næringer med høg uførerisiko, som reinhald og vaskeri, som oftast ikkje har uføredekningar. Blant anna fordi det kostar mykje å forsikre tilsette i ein bransje med høg uførerisiko, seier pensjonsekspert Fuglevaag.
Sjå reknestykket og oversikta hans for kor mykje Heidi og dei andre over 55 vil tape om dei må over i eit privat selskap under.
Mykje løfting
Heidi har eigentleg ferie i ei veke når Fagbladet ringer, men seier ho veldig gjerne vil vise fram arbeidsplassen og kollegaene :
– Eg er glad i jobben min, og brenn verkeleg for arbeidsplassen vår og det miljøet vi har her, seier ho medan ho viser korleis ein gigantisk trommel blir tømt. Dei åtte som jobbar her løftar, vaskar og brettar 280 tonn tøy i året.
Ei kvinne kjem inn frå sida og dultar ho vennleg i sida:
– Heidi, flytt deg, du har jo ferie og skal ikkje eigentleg vere her no, dette kan eg ta!

– Det er kollegaen min Isabell, ho passar på at eg ikkje tek for mange tunge løft, forklarer Heidi.
Heidi har planlagt å pensjonere seg når ho blir 62.
Dette tenkjer ho om kva som skulle skje om dei planane må forandrast og ho blir ein av dei som skal over i eit privat selskap:
– Eg er veldig glad i jobben min, samtidig kan det jo det kan vere tungt. Det kan vere tøft med mange løft. For du vil jo gjerne ha litt meir krefter igjen når du går av. Må eg jobbe til eg blir 67, er eg redd eg ikkje har mykje armar og kropp igjen.
Skulle få same vilkår, men....
Det er Høgre, Frp, Pensjonistpartiet og Senterpartiet som har foreslått og seinare vedteke å sette ut tenester på anbod. I papira til formannskapsmøtet stod det at dei tilsette ikkje skulle miste løn, pensjon eller faglege rettar.
Ordførar Cecile Dahl-Jørgensen Pind (H) sa blant anna dette i eit intervju med Fagbladet før det endelege vedtaket:
– For oss er det òg viktig at dei tilsette ikkje tapar på ei eventuell konkurranseutsetjing – dette handlar om å organisere tenesta smartare, ikkje å svekkje vilkår.
Kan ikkje krevje AFP ved anbod
I ettertid har fleirtalspartia snudd og seier dei ikkje kan garantere like gode vilkår ved anbod likevel.
I dette intervjuet etter kommunestyrevedtaket erkjenner varaordførar Knut Tønnes Steenersen (Frp) at dei ikkje kan garantere at det blir tariffavtale for dei tilsette som skal over i eit privat selskap.
Og at kommunen ikkje kan krevje AFP.
– Ein tilset som ser på vedtaket, som er 55 år eller eldre, vil nok kanskje stille det spørsmålet: Er det ikkje greitt å vite om den personen får behalde AFP-en sin eller ikkje, før ein fattar vedtaket?
– Jo, det kan du seie. Men det er jo lagt fram eit saksframlegg. Eg har stilt sju-åtte spørsmål. Vilkåra til den tilsette var eitt av spørsmåla. Og så har vi fått dei svara vi har. Vi stemte for å skape identiske vilkår for dei tilsette i formannskapet. Men vi fekk i ettertid informasjon frå kommunedirektøren at det ikkje var mogleg og kunne då ikkje støtte det i kommunestyret. Vi kunne ikkje stille dei krava. Men eg trur det er ganske tydelege signal frå oss at så langt vi kan i ein anbods-konkurranse ønsker vi å ta vare på vilkåra til dei tilsette og sørgje for at dei også er ein del av den kvaliteten som kan bli kravd frå den som vinn anbodet, seier varaordføraren.
Les meir om korfor varaordføraren og resten av fleirtalet vil sette ut på anbod her.
Åtvara
Sv, Ap, Venstre, Partiet sentrum, Rødt, MDG og KrF stemte mot å sette reinhald, seinare eventuelt vaskeri og andre tenester ut på anbod.
Tidlegare stortingsrepresentant og no LO-økonom Nicholas Wilkinson (SV) kom med motforslag om å droppe anbod:
– Høgreside-partia forstår ikkje kva konkurranseutsetting er. Vi åtvara frå dag ein: Det er dei tilsette som må betale med lågare løn, pensjon eller rettar. Difor fremma SV utsetting og forslag i kvar instans, for å stoppe eller minimere skadane anbod vil ha for våre tilsette. De har blitt åtvara i vekesvis, men ønska ikkje å høyre på kva dette vil bety for våre tilsette.
Fryktar ein inkluderande arbeidsplass ryk
Heidi held i to hjørna i eit stort laken. Dei to andre hjørna er heldt av ein kollega. Raske hender strekkjer, brettar og med eit møtes dei to med hendene heldt i skulderhøgde.
Lakenet blir kjapt bretta og alt skjer som om det skulle vore ei ein godt innøvd rask pardans:
– Eg har ein kollega som er her på varig tilrettelagt arbeid, blant anna. Vi har også ofte flyktningar frå Ukraina som jobbar her for å lære norsk. Og andre som kjem hit for språktrening. Dette hjelp mange å kome inn i arbeidslivet, seier Heidi.
Ho har kollegaer frå Polen, Latvia, Eritrea, Somalia og Norge i vaskeriet som ligg ved Finstadtunet sjukeheim.
Heidi har også jobba i eit privat vaskeri:
– Eg trur det er liten sjanse for at dei inkluderande tiltaka vi har her, vil overleve om tenesta blir privatisert. Desse tiltaka krev ekstra tid, og det trur eg ikkje vil bli prioritert.
– Vil føre til fleire arbeidsledige

Heidi peikar på eit anna problem for dei åtte som jobbar ved vaskeriet om dei må over i det private.
Dei tre næraste eksisterande private vaskeria og som har best utgangspunkt for å legge inn anbod, ligg i Drammen, Lier og Rakkestad.
Det tek rundt 50 minutt å køyre frå der arbeidsplassen ligg i dag, til desse vaskeria:
– Eg og mange andre som jobbar her, har ikkje lappen og må då reise kollektivt. Det blir i praksis umogleg, seier Heidi.
Skal dei reise kollektivt, tek det over ein og ein halv time ein veg til alle dei tre vaskeria:
– Det går jo ikkje, det vil ikkje vere lett for meg som blir 60 neste år å finne ny jobb. Det blir heller ikkje så lett for kollegaene mine som framleis utviklar norsken. I praksis vil dette bety mange nye arbeidsledige, seier Heidi.
Ho har eit ønske til politikarane:
– Vi er eit godt team her nede på vaskeriet som har eit høgt tempo og som bryr seg om kvarandre. Eg inviterer alle politikarane i kommunestyret, spesielt dei som har vedteke å konkurranseutsetje: Besøk oss. Kom og jobb med oss i ein dag, bli kjent med oss og sjå korleis vi driv vaskeriet.