Valkamp-innspurten

Konkurransesjokk for reinhaldarar: – Nokon vil miste over ein million i pensjon

– Her ser du forskjellen på høgre- og venstresida, seier fagforeiningstopp Mette Nord. Saman med LO-leiaren møtte ho ei gruppe bekymra kommuneansatte dagen etter at dei fikk nyheiten.

KRITISK: Formannskapet i Nordre Follo vedtok 3. september å konkurranseutsette 50 prosent av reinhald og vaskeritenesta. Verksemdsleiar Anette Garsrud (tv) og avdelingsleiar Per Martin Karslsson i møte med Fagforbundet-leiar Mette Nord (th) og LO-leiar Kine Asper Vistnes.
Publisert

Ein kniv skjer inn i ei kake ved kantina i Nordre Follo rådhus. Det er ingen av dei rundt 30 i rommet som feirar. 

Kvelden før fekk dei rundt 160 tilsette som jobbar med reinhald og vaskeri vite om vedtaket i formannskapet. 

Ei kvinne ser ned i golvet og nemner at dei blei klappa for frå balkongar under pandemien. Ho lurar på kor det blei av applausen deira no.

– Takk for jobben de gjer

Kakeskeiene stoppar opp. Blikka vender seg mot ei kvinne med halvlangt hår som tek ordet:

– Takk for kjempejobben de gjer. Og takk til tillitsvalde som no står i ein utruleg viktig jobb. For å prøve å få ideologi sett til side, seier kvinna.

Ho kom nettopp ut av ein buss det står «Sterkare saman» på. 

Det er valkamp-innspurt.

Fagforbundet-leiar Mette Nord har saman med blant andre LO-leiar Kine Asper Vistnes teke turen til rådhuset for å møte dei tilsette, som har mange spørsmål om jobbframtida si.

STØTTE: Mette Nord på møte i Nordre Follo med tilsette og Fagforbundet-medlemmar i reinhald og vaskeri i Nordre Follo kommune.

– Forbanna og lei meg

Høgre og Frp har fleirtalet i Nordre Follo med støtte frå Pensjonistpartiet og Senterpartiet. Dei kan om dei vil lett få igjennom vedtaket vidare i kommunestyret.  

Fagforbundet-leiaren er arg over det dei rundt 95 medlemmane møter:

– Eg blir forbanna, og ikkje berre litt, over dette vedtaket. Og i tillegg lei meg, seier Nord. 

Det jobbar rundt 160 med reinhald og vaskeri i kommunen. Frp og Høgre fekk igjennom i formannskapet at opp mot halvparten av stillingane kan bli konkurranseutsett i løpet av to år. 

LEIAR: LO-leiar Kine Asper Vistnes i Nordre Follo tok ordet mot konkuranseutsettinga og til støtte for dei tilsette.

– Mistar ein million i pensjon

Ein av dei tinga som gjer Nord forbanna, er situasjonen til rundt 30 tilsette som er over 55 år:

– Dei vil gå over på ei anna pensjonsløysing. Frå ein livsvarig pensjon over til ein pensjon dei får i ti år (det er forskjellen på offentleg og privat AFP som dei ser ut i dag, red.anm.). Dei over 55 mistar retten til pensjon. Dei greier ikkje å opparbeide seg ein ny AFP før dei er 62 år. Det betyr at dei minimum taper ein million kroner per person, seier Nord.

MEDLEMMAR: Mette Nord med nokre av dei 95 medlemmane innan reinhald og vaskeri som kan bli konkuranseutsette.

– Vi er for dyre for kommunen

Methpiya Haug er varatillitsvald for Fagforbundet og fagutdanna reinhaldar:

– Vi reinhaldarar blei for dyre for kommunen og Frp og Høgre vil ha oss bort og vekk. Eg og mange med meg er redde for pensjonen og framtida, seier ho skuffa.

Ho meiner reinhaldarane er ei god investering.

– Eg jobbar med mykje meir enn reinhald. Når eg er på skulen, gjer eg også det eg kan for å bidra til eit godt miljø. Eg hjelper til når eg ser elevar som kranglar eksempelvis og roar ting ned. Vi har fått gode tilbakemeldingar fordi kommunen sine reinhaldarar gjev god kvalitet og bidreg til godt arbeidsmiljø. Nesten halvparten av oss er fagarbeidarar.

– Må søke på eigen jobb

Nord fortel ho har sett det som no er i ferd med å skje i Nordre Follo før når dei borgarlege får fleirtal i ein kommune:

– Dei vil truleg måtte søke på sin eigen jobb igjen. Og har ingen garantiar der for kven det private selskapet vil tilsette, seier Nord.

Ho har ikkje noko til overs for løysinga.

– Dette er rein ideologi, for det er ingen stadar det kan bevisast at det blir betre tenester. Og billegare blir det heller ikkje. Det blir dårlegare løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Samt dårlegare kvalitet. Vi har sett av dei private løysingane at dei har mindre kompetanse og færre folk på jobb.

Vedtok meir enn dei kan love?

I vedtaket frå formannskapet står det at dei legg til grunn at ingen ansatte skal«i løpet av to år ikke miste lønn, pensjon eller faglige rettigheter» om det blir konkurranseutsetting. 

Dette er ein variant av ei vanleg formulering ved slike vedtak. Nord meiner kommunen verken kan love eller garantere. 

Fordi det er andre reglar for dei som jobbar i det private. Og ein kan ikkje pålegge selskap dei same vilkåra som i det offentlege.

Ordførar:  – Må bruke ressursar på kjerneoppgåver

Cecile Dahl-Jørgensen Pind (H) er ordførar i Nordre Follo. På epost svarar ho at kommunen må spare:

– Fleirtalspartia H, Frp, Pp og Sp meiner kommunen må bruke ressursane på det som er kjerneoppgåvene våre – skule, helse og omsorg. Kommunen har fått vesentleg strammare økonomiske rammer frå regjeringa gjennom inntektssystemet, og vi er nøydde til å sjå på nye løysingar for å sikre berekraftig drift. Ved å konkurranseutsetje reinhaldet kan vi undersøkje om det finst betre og meir kostnadseffektive måtar å løyse denne oppgåva på.

Kommunen skal levere anbud sjølv 

Ordføraren svarar at Høgre trass vedtaket i formannskapet ikkje har endeleg bestemt seg:

– For oss er det samstundes viktig at kommunen sjølv kan levere eit tilbod og delta i konkurransen. Då får vi eit reelt samanlikningsgrunnlag – og dersom kommunen sitt eige tilbod er best på pris og kvalitet, held vi tenesta i kommunen. For oss er det òg viktig at dei tilsette ikkje tapar på ei eventuell konkurranseutsetjing – dette handlar om å organisere tenesta smartare, ikkje å svekkje vilkår. Vi arbeider med saka heilt fram til kommunestyrehandsaminga, og det kan difor kome endringar i endeleg vedtak, skriv ordførar Dahl-Jørgensen Pind.

Powered by Labrador CMS