Sikrar fleire kjente fang for dei små
Barnevikarsituasjonen i Drammen blei så dyr at det skapte kaos i kommunestyret. No har Fagforbundet jobba fram eit forslag som har fått politiske motstandarar til å finne saman.
– Var det litt skummelt, dette, spør Sara Dehghan?
Den pedagogiske medarbeidaren ser spørjande på den vesle jenta i treårsalderen i sandkassa i Steinberg barnehage i Drammen. Barnet gløttar med eit senka blikk med store auge opp på ein mann med kamera som ho ikkje kjenner.
Tryggleik viktigast
Armane til Sara opnar seg. Utan at eit ord smett den vesle jenta inn i ein lang omfavnande klem. Etter nokre lange augeblink med dei rolege hendene til Sara rundt seg går ho ut i sandkassa igjen, plukkar opp ein glinsande liten stein og smiler.
– Det er dette det handlar om, seier Sara.
Ho har over 30 års erfaring med barn, og veit kva som er heilt sentralt.
– At ungane kan kome til folk dei kjenner godt til og er trygge på. Får dei denne tryggleiken, utgjer det så mykje.
Skrikande overskrifter
Det har storma i Drammen nyleg. Kommunen har brukt rundt 80 millionar kroner på å leige inn vikarar til barnehage frå 2022 til 2025.
I tillegg har det blitt leigd inn vikarar for 30 millionar kroner frå fleire vikarbyrå enn det som var avtalt og lov.
Kommunedirektøren fekk mistillitsforslag mot seg og slutta.
Mens overskriftene har skrike, har det skjedd noko i det stille.
Fagforbundet med forslag til løysing
Er det ikkje betre å lage ein tilsettbank eller vikarpool? Ein ressursenhet med fast tilsette folk som kan gå inn ved sjukdom. Folk som både kollegaene og ungane kjenner godt? Kanskje blir det billegare enn å leige frå vikarbyrå også?
Dei spørsmåla har Fagforbundet Drammen stilt over tid.
Først til Ap, som vidare fekk med seg sine raudgrøne vener på tanken.
Og for ikkje lenge sidan skjedde dette: Det største partiet i kommunen, Høgre, blei med.
Høgre likte tanken så godt at dei blei med-forslagsstillar.
I mai stemte alle partia i kommunestyret, unntatt Frp, for å utrede ein bank med fast tilsette som trår til ved sjukdom.
Avtrykk
Laila Evensen er leiar av Fagforbundet i Drammen. At det no er fleirtal for løyse vikar-utfordringa med faste kommunalt tilsette, ser ho på som eit spor av Fagforbundet si jobbing:
– Vi har jo heile tida pusha på med tanke på tilbakemeldingane vi har fått frå dei tillitsvalde. Dei har delt at det er betre både for ungane og dei tilsette med kollegaer dei kjenner godt. Dette vedtaket har Fagforbundet sitt fingeravtrykk på seg, seier Evensen, som har vore i mange møte med ulike parti på Fagforbundet sitt kontor i Drammen.
Trur sjukefråværet vil gå ned
Lina Strandbråten, som er gruppeleiar for Ap i Drammen, fortel at Ap har lytta.
– Fagforbundet har jo rett og slett fortalt oss korleis verkelegheita er der ute i barnehagane. Så vi har fått godt innblikk i kva som trengst der ute.
Strandbråten seier dei har kalla gruppa som skal kome, ressursenhet for barnehage. Dei skal steppe inn når det er sjukdom. Om ingen er sjuke, skal dei tilsette frå ressursenheten gå inn og forsterke avdelingane.
– Dette håper vi skal gjere det meir stabilt og få ned sjukefråværet generelt. Eg trur dette også blir rimelegare for kommunen samanlikna med å leige inn frå vikarbyrå. Den tredje og kanskje største fordelen er at det blir fleire kjente fjes for ungane, seier Strandbråten.
Høgre med på laget
Victoria Elisabeth Cavallini Kristoffersen er hovudutvalsleiar for oppvekst og utdanning i Drammen kommune.
Høgre-politikaren er eigentleg advokat, men omskulerer seg no for å bli lærar.
Ho seier dette om at parti frå Raudt til Høgre har funne saman:
– Vi er einige om utfordringsbildet innanfor barnehage og skule, og vi finn ofte gode løysingar på tvers av partia. Barna våre skal ha eit godt tilbod. Der synest eg det er kjempefint at vi greier å finne så brei semje, seier Kristoffersen.
Ho seier at noko av bakteppet for at Høgre har snudd og var medforslagsstillarar, er at kommunen har brukt mange millionar på å leige inn barnehage-vikarar.
Ho håpar ressursenheten skal gje meir tryggleik.
– Dei yngste barna er jo sårbare og mange startar barnehage når dei er små. Det å ha robuste, trygge vaksne som ungane kjenner godt, er kjempeviktig, seier småbarnsmora.
Kan utdanne seg på jobb
Høgre-representant Kristoffersen seier at ho er trygg på at utgreiinga vil ende med ein ressursenhet, fordi det er eit så breitt fleirtal for.
Gro Elisabeth Bolstad, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Drammen, har sjølv jobba 20 år i barnehage.
Ho har snakka med mange medlemmar i barnehagane og delt tankar og innspel med Ap og andre parti:
– Eg er sikker på at sjukefråværet vil gå ned når det vi kan kalle tilsettbanken kjem på plass, seier ho og legg til:
– Vi treng fleire hender i form av pedagogiske medarbeidarar og i tillegg barne- og ungdomsarbeidarar. Dette er ei gyllen moglegheit å legge til rette for at blant andre pedagogiske medarbeidarar kan ta fagbrev medan dei er på jobb, seier Bolstad.
Trur på nøgde ungar
Tilbake i sandkassa deler Sara Dehghan litt om utfordringane ved sjukdom:
– Vi er nesten alltid for få hender og fang. Vi opplever jo nokre gonger at vi får heilt ferske folk som vi aldri har sett før. Då blir det nesten meir ei belastning, fordi det tek lang tid å få dei inn i rutinane og bli kjent med ungane, seier pedagogen.
Ho håpar og at forslaget som no har fått fleirtal, fører til dette:
– Trygge faste kjente fjes og fang. Då blir det fornøyeleg å vere unge og dei utviklar seg slik dei skal.