Anbud
Konkurranseutset reinhald: No opnar han for å sette ut meir på anbod
Vara-ordføraren ønsker å finne ut om reinhaldet kan bli betre og rimelegare: – Vi må sjå på om alle kommunale tenester skal drivast av kommunen i framtida, seier Knut Tønnes Steenersen (Frp).

Onsdag vedtok fleirtalet i Nordre Follo kommune å opne for at over 80 reinhaldarar skal ut på anbod. Ein konsekvens er at dei over 55 år som må over i eit privat selskap vil miste opp mot ein million kroner i pensjon. Både leiinga i LO og Fagforbundet seier dei er forbanna og kallar dette ideologi der dei konkurranseutset dei med lågast løn først.
– Urimeleg av LO-leiaren
Varaordførar Knut Tønnes Steenersen avviser dette og seier han uttalar seg på vegner av sitt eige parti Frp, men også Høgre, Senterpartiet og Pensjonistpartiet:
– Aller først meiner eg det er urimeleg av LO-leiaren å antyde at vi berre vil konkurranseutsetje dei med lågast løn. Eg anerkjenner at det er politisk usemje når det gjeld konkurranseutsetjing, og eg anerkjenner òg den jobben LO og fagforeiningane deira gjer for dei tilsette i kommunen vår. Men eg tek avstand frå denne påstanden frå LO-leiaren. Vi set stor pris på alle dei dyktige tilsette i Nordre Follo kommune som kvar dag gjer ein god jobb for innbyggjarane våre, seier Steenersen. Han seier saka handlar om dette:
– Vi trur vi har ein veldig god reinhaldsteneste, men kan vi få han meir effektiv og rimelegare? Med konkurranseutsetjinga er jo det vi ønsker svar på med anbodskonkurranse.
Meiner sjukefråværet er for høgt – set ut på anbod
Det er rundt 140 stillingar i reinhald i kommunen. Fleirtalet som består av Frp, Høgre, Senterpartiet og Pensjonistpartiet vil ha konkurranseutsetjinga i tre trinn. Først 25 prosent av reinhaldet. Etter ei evaluering skal dei sjå om dei skal vidare konkurranseutsette nye 25 prosent av stillingane. Vedtaket opnar også i prinsippet for meir konkurranseutsetting alt reinhald og heile vaskeritenesta etter ei evaluering og om det er "interesse i markedet":
– Vi er opne for konkurranseutsetjing, men er opptekne av at kommunen sjølv skal delta i ein anbodskonkurranse. Det har òg dei tillitsvalde peikt på som viktig dersom tenesta blir konkurranseutsett. Vi ønskjer å starte med 25 prosent, så får vi sjå korleis det går. Samstundes er sjukefråværet innan reinhald svært høgt – rundt 12 prosent – og det er ikkje berekraftig, seier varaordføraren. Han meiner det er lågare sjukefråver innan privat reinhald og viser til denne lenkja frå NHO.

Kva med arbeidsvilkåra og pensjon?
Steenersen seier at kommunen vil gå langt for å sikre gode vilkår for reinhaldarar som blir overført til private selskap frå kommunen:
– Eg trur at både kommunen og dei private er tent med gode arbeidsvilkår på alle måtar, fordi ein treng motiverte og nøgde tilsette for å gjere ein god jobb òg innan reinhald.
– Blir det like gode vilkår for løn og pensjon for dei som blir overført til private selskap?
– Vi kan ikkje krevje det i eit anbod har vi fått beskjed om frå kommunedirektøren. Vi kjem til å stille krav. Vi vil ikkje at dei som eventuelt skal jobbe vidare i eit privat selskap, skal ha dårlegare vilkår. Eg har kanskje meir tru på det private næringslivet enn våre meiningsmotstandarar hadde i kommunestyret, kor eg fekk eit inntrykk av at alle private selskap har dårlege vilkår. Det trur eg ikkje er tilfelle.
Kan ikkje garantere tariff
– Er det slik at de kan stille krav til tariffavtale ved anbod?
– Det er ingen garanti for at private selskap innanfor reinhald har tariff. Nokon har det vel, men ikkje alle. Ja. No må eg berre seie at eg er ikkje nokon ekspert på anbod og regelverk rundt det. Det er andre i kommunen som jobbar med det, eg er politikar og kan litt om alt. Men det eg vil seie, er at ein ting er i eit anbod at det er pris. Noko anna vi legg vekt på er kvalitet, seier han og legg til.
– Eg trur at gode vilkår er konkurransefortrinn for ein del private selskap. Eg trur ikkje alle er ute etter å tyne dei tilsette med dårlegare vilkår. Eg trur det er heilt andre forhold som gjer at dei selskapa kan konkurrere.

Vil miste AFP
– Korleis skal du få til at dei på 55 år og over skal få bevare AFP-en sin, eventuelt?
– Det trur eg ikkje vi kan krevje. Men det er eit av spørsmåla som har blitt stilt, så vi må få eit svar på i anbodsprosessen og når papira blir utarbeidde. Vi har vore ganske klare på at vi ønsker å ta vare på vilkåra til dei tilsette, og det er ein del av den kvaliteten. Det er jo pris og kvalitet, men det er ikkje slik at vi skal ha det billigast uansett. Det må vere god kvalitet. Det går også på vilkåra til dei tilsette.
– Ein tilset som ser på vedtaket, som er 55 år, vil nok kanskje stille det spørsmålet: Er det ikkje greitt å vite om den personen får behalde AFP-en sin eller ikkje, før ein fattar vedtaket?
– Jo, det kan du seie. Men det er jo lagt fram eit saksframlegg. Eg har stilt sju-åtte spørsmål. Vilkåra til den tilsette var eitt av spørsmåla. Og så har vi fått dei svara vi har. Vi stemte for å skape identiske vilkår for dei tilsette i formannskapet. Men vi fekk i ettertid informasjon frå kommunedirektøren at det ikkje var mogleg og kunne då ikkje støtte det i kommunestyret. Vi kunne ikkje stille dei krava. Men eg trur det er ganske tydelege signal frå oss at så langt vi kan i ein anbods-konkurranse ønsker vi å ta vare på vilkåra til dei tilsette og sørgje for at dei også er ein del av den kvaliteten som kan bli kravd frå den som vinn anbodet, seier varaordføraren.
Meiner tariffløn er minstekrav
Frp-politikaren meiner tariffløn er eit minstekrav:
– Eg synest ikkje Nordre Follo kommune skal samarbeide med bedrifter som ikkje held seg avtalt tariff. Tariffen for reinhaldar er heller ikkje kjempehøg og må vere eit minstekrav. Eg syns eit selskap som ikkje følger ein avtald tariff, er litt useriøst. Då er vi over på det som eg meiner ikkje har den kvaliteten vi ønsker, seier varaordførar Steenersen. Han seier vidare at formålet med anbod er samanlikning:
– Kan vi få nokre fordelar av konkurranseutsetjing , så er vi villige til å sjå på det. Viss ikkje, så kan kommunen fortsette å gjere jobben. Viss kommunen klarer å levere inn eit godt anbod sjølv, så skal eg vere den første til å gratulere kommunen om vårt anbod blir vald. Då viser det at vi har gjort ein veldig god jobb. Det er vanskeleg for oss å kunne svare på når vi ikkje har fått moglegheita til samanlikne med kva andre kan tilby.
Skal sjå om alle tenester skal ut på anbod
Steenersen meiner prosessen med å sette reinhald ut på anbod vil gje viktig læring:
– Det er litt forskjell på ideologien her. Vi meiner at alle ikkje oppgåver treng å vere utførte av kommunen sjølv, seier han. Seinare i intervjuet opna han for at alt innan kommunen kan kome på anbod:
– Vi må sjå på om alle kommunale tenester skal drivast av kommunen i framtida. Det er uansett kommunen som har ansvaret for at tenestene skal vere der. Og at vi har gode og anstendige samarbeidspartnarar.