Vedtok konkurranseutsetting:
Reinhaldarar risikerer å miste over ein million kroner i pensjon
Høgre og Frp bestemte at jobbane til rundt 80 reinhaldarar og vaskeritilsette skal ut på anbod: – Dei er lei seg og uroa for framtida, seier tillitsvald Anita Lorentzen.

Onsdag kveld fekk dei rundt 160 som jobbar med reinhald og vaskeri i Nordre Follo kommune beskjeden: Halvparten av stillingane skal ut på anbod:
– Vi er skuffa. Vi fortalte politikarane at det er pensjon vi taper på. Det var ingen av dei som stemte for som var innom at det blir dårlegare pensjon på dei tilsette, seier Anita Lorentzen som er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Nordre Follo.
Vil spare pengar
Det er Høgre og Frp som har teke til orde for å sette ut reinhald og vaskeri på anbod. Dei fekk med seg Senterpartiet og Pensjonistpartiet. Lorentzen seier at høgre-sida møtte ho med at Fagforbundet er mot private og at det blir betre kvalitet med anbod:
– Vi er ikkje imot private aktørar, men vi vil jo sikre at våre medlemmar får behalde den pensjonen dei har i dag. Det gjer dei ikkje når det går over til eit privat firma. Sånn er det berre. Ein stad må jo dei private tene pengar, og då er det pensjon, seier tillitsvalde Lorentzen. Les meir om kva som skjer med pensjonen til dei tilsette og kva LO-leiaren og leiaren av Fagforbundet sa då dei møtte reinhaldarane tidlegare i september.

Snakkar ikkje lenger om same vilkår
Då saka var oppe i formannskapet og i førebuinga til vedtaket snakka høgresida om at dei tilsette skulle garanterast dei same vilkåra som når dei var offentleg tilsette. Vedtaket i kommunestyret har fjerna dei formuleringane. Overføringa av dei tilsette skal skje ved verksemdoverføring. I eit tidlegare intervju sa ordførar Cecile Dahl-Jørgensen Pind (H) at regjeringa har gjeve kommunen dårlegare råd. Og at dei må spare:
– Ved å konkurranseutsetje reinhaldet kan vi undersøkje om det finst betre og meir kostnadseffektive måtar å løyse denne oppgåva på.
Fagbladet kjem tilbake med meir om konsekvensane for dei rundt 25 Fagforbundet-medlemmane som kan miste over ein million kroner i pensjon. Og intervju med ansvarlege politikarar, samt leiinga i LO og Fagforbundet.

Heile vedtaket
Les heile vedtaket som Frp, Høgre, Senterpartiet og Pensjonistpartiet sikra fleirtal for her:
"Kommunen konkurranseutsetter deler av renholdstjenesten gjennom en anbudskonkurranse som gjennomføres etappevis: Oppstart med 25 prosent som tilsvarer en avdeling. Påfølgende år: nye 25 prosent, inntil 50 prosent som utgjør to avdelinger i Renholdstjenesten. Evaluering av ordningen gjennomføres innen to år etter oppstart. Basert på evaluering vurderes ytterligere konkurranseutsetting. Anbudskonkurransen gjennomføres med øvre kostnadsramme med utgangspunkt i kommunens kostnadsbilde, kvalitet og hyppighet. Dersom konkurransen ikke fører frem fortsette driften i egenregi. Renholdstjenester i Helsebygg har flere ansvarsområder i tillegg til daglig renhold og er i utvikling for å møte utfordringer knyttet til rekruttering av helsepersonell. Denne avdelingen vil derfor ikke bli konkurranseutsatt. Det gjennomføres en intensjonskunngjøring for å undersøke markedet for Nordre Follo. Kommunes vaskeritjeneste, siden vaskeriet håndterer både flattøy og beboertøy. Dersom det er interesse i markedet, vil det gjennomføres en konkurranse for hele vaskeritjenesten"