Konkurranseutsetting

Reinhaldarar på anbod: – Høgre og Frp set dei med lågast lønn ut  først

LO-leiar Kine Asper Vistnes langar ut mot kommune som opna for å sette over 80 reinhaldarar ut på anbod. 

KRISITK: LO-leiar Kine Asper Vistnes i Nordre Follo då ho tidlegare i september møtte fleire reinhaldarar som no er vedteke konkurranseutsette.
Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i september møtte LO-leiar Kine Asper Vistnes fleire av reinhaldarane. Onsdag vedtok Frp, Høgre, Senterpartiet og Pensjonistpartiet  konkurranseutsetting av minst 80 stillingar innan reinhald:

– Det er dessverre ikkje overraskande at Høgre og Frp igjen vel å konkurranseutsetje tenester som råkar dei med lågast løn og svakast rettar. Vi har sett dette mønsteret i fleire kommunar rundt om i landet. Det er eit ideologisk løp, der kommersialisering og privatisering blir sett framfor omsynet til arbeidsfolk og kvaliteten på tenestene, seier LO-leiar Vistnes.

ANBOD: Opp mot 140 jobbar kan bli sett ut på anbod dei neste åra i Nordre Follo kommune. Bildet er teke onsdag kveld då dei vaskeritilsette og reinhaldarane fekk informasjonen om vedtaket.

Gjeld 140 stillingar 

Fleirtalet i kommunestyret vedtok å  konkurranseutsette først 25 prosent av reinhaldet. Etter ei evaluering skal dei sjå om dei skal vidare  konkurranseutsette nye 25 prosent av stillingane. Vedtaket opnar også i prinsippet for vidare konkurranseutsetting alt reinhald og heile vaskeritenesta etter ei evaluering og om det er "interesse i markedet". 

LO-LEIAR: Kine Asper Vistnes frå då ho blei vald til no LO-leiar i mai.

– Skal spare på dei som tener minst 

LO har rundt ein million medlemmer. Leiar Vistnes meiner konkurranseutsettinga rammar dei som står svakast:

– Det er forstemmande at når kommunane skal spare pengar, så skjer det ofte på kostnad av dei som tener minst. Erfaringane frå tidlegare viser at dette fører til dårlegare løns- og arbeidsvilkår, og ikkje minst svekka pensjonsrettar. Reinhaldarar er mellom dei som har dei svakaste vilkåra frå før, og det er dei som no blir ramma hardast, seier Vistnes kritisk. Ein reinhaldar på 55 år som må over i eit privat selskap vil miste rundt ein million kroner i AFP-pensjon.

Peikar på Oslo

Vistnes ber politikarar vende blikket mot hovudstaden:

– I Oslo såg vi korleis det å ta tenestene tilbake i kommunal regi under raudgrønt styre fekk stor rolle for løna og tryggleiken til folk. No reverserer Høgre dette. Det er urovekkjande at Høgre- og Frp-styrte kommunar over heile landet førebur og gjennomfører konkurranseutsetjing og privatisering av tenester som reinhald, eldreomsorg og barnehagar, seier Vistnes.

MØTE: Mette Nord møtte saman med LO-leiaren fleire av reinhaldarane i Norde Follo i samband med valkampen i september.

Meiner pandemien har svaret

Mette Nord er leiar av Fagforbundet som har 414.000 medlemmer. Nord har tidlegare sagt at ho er forbanna over vedtaket til Nordre Follo kommune. Blant anna fordi rundt 30 tilsette på over 55 år vil miste over ein million kroner i pensjon kvar, om dei skal over i eit privat selskap. No peikar ho på beredskap:  

– Reinhaldarane er førstelinja til å sørge for å bryte smittevegar. Dei er førstelinja til å sikre alle arbeidstakarar eit godt og forsvarleg inneklima gjennom faget sitt, seier ho og legg til:

– Dette er å flytte ut og dele opp viktig og kritisk beredskap. Du skrenkar inn handlingsrommet til å flytte på ressursar om det kjem ein pandemi. Eller ein anna kritisk situasjon der du må flytte på folk raskt. Pandemien er eit glitrande eksempel på kor viktig og kor raskt ein kunne endre ressursar til dei stadene der det var meir prekært, seier Nord.

Powered by Labrador CMS