Høgre, Venstre og Frp i Oslo

Fleirtalet opne for privatisering av reinhald ved legevakt

Dei vil ikkje privatisere på grunn av dårleg råd og fordi dei må, men fordi dei kan, seier SV-politikar Omar Samy Gamal.  

KAN MISTE EIN MILLION I PENSJON: Karen Alegre, Genalita Rosantina Gant, Samuel Berhane, Rose Måke og Mary Gloria Basil er blant reinhaldarane ved legevakta i Oslo riksikerer å miste ein millionar kroner kvar og å måtte jobbe fem år lengre om dei må over i privat selskap.
Publisert Sist oppdatert

I løpet av våren skal Oslo-politikarane bestemme om dei vil sette ut rundt 30 stillinger ved legevakta på anbod. Byregjeringa har sett ned ei gruppe med konsulentar i Effektiviseringsprogrammet som har kome med forslag til kutt og sparing.

Saken oppsummert

  • Oslo-politikere diskuterer å sette renhold ved legevakten ut på anbud for å redusere kostnader.
  • Flertallet i bystyret, inkludert Høyre, Venstre og Frp, er åpne for privatisering, men ønsker å sikre kvalitet og arbeidsvilkår.
  • SV, Ap, Rødt, MDG og Sentrum er imot privatisering, og mener det kan svekke tjenestekvaliteten og ansattes rettigheter.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens og kvalitetssikret av Fagbladets redaksjon.

SV:  – Unødvendige kutt

Det blir blant anna foreslått å sette vaktene og reinhaldarane ut på anbod. Alle over 55 år risikerer blant anna å gå glipp av ein million kroner i AFP. Omar Samy Gamal er gruppeleiar for SV i bystyret i Oslo. Nyleg blei det klart av hovudstaden går med over ein milliard kroner i pluss etter tre år med raude tal. Han meiner forslaga om kutt og privatisering er unødvendige:

– Byrådet si forteljing om at Oslo har ein svært krevjande økonomisk situasjon stemmer ikkje. Byrådet kuttar og set ut på anbod fordi dei vil, ikkje fordi dei må, seier Gamal.  

MOT: Omar Samy Gamal i Oslo SV er sterkt i mot at reinhaldarane ved legevakta skal ut på anbod. Bildet er teke i haust då han tok til orde for å bevare arbeidstiltaket for ungdom, Apro.

Fleirtalet opne for tanken

Oslo er styrt av Høgre og Venstre i samarbeid med Frp og KrF. Bystyret har 59 medlemmer. Høgre har 20 representantar, Venstre 6, Frp 4 og KrF 1. Fagbladet har stilt spørsmåla til alle partia i bystyret om kva dei meiner om privatisering av reinhaldet ved legevakta. KrF svarar verken ja eller nei. Høgre, Venstre og Frp seier dei er opne for tanken, men at dei ikkje har endeleg bestemt seg. Dei tre partia har til saman 30 representantar og med det fleirtalet i Oslo bystyre. 

Dette er spareforslaget

  • Byrådet i Oslo har vedtatt eit effektiviseringsprogram.
  • Formålet er å sjå på korleis kommunen kan spare pengar og drive meir effektivt.
  • Effektiviseringsprogrammet kom med rapportar 14. januar. 
  • Rapportane tek for seg sparing og effektivisering i desse sektorane i Oslo kommune.
  • Byutvikling, kultur og næring, miljø og samferdsel, utdanning, sosiale tenester, helse, finans og byrådsleiaren sitt kontor.
  • Ein del av forslaga går ut på å blant anna sette ut på anbod reinhald, vakt og drift.
  • Byrådet skal bestemme om dei går for forslaga i løpet av våren.
  • Privatisering av tenester er estimert å spare rundt ti prosent av utgifter til drift i året. 

Høgre:  – Generelt positive til anbod

Hilde Helland har bakgrunn som sjukepleiar frå blant anna legevakt og er medlem av Helse- og sosialutvalet for Høgre:

– Høgre er generelt positive til å sjå på andre måtar å organisere tenestene i kommunen på for å få ned kostnadene, så lenge kvaliteten på tenestene er like god eller betre enn når kommunen sjølv driv dei, svarar Helland.

Frp:  – Vil ha gode vilkår for tilsette

Julianne Ofstad er varaordførar i Oslo. Ho og Frp er positive til å sette reinhaldet ved legevakta på anbod:

– Dersom det blir aktuelt å setje ut reinhaldstenestene ved legevakta, legg vi til grunn at dette blir gjort på ein forsvarleg og god måte med tydelege krav til tenestene som skal leverast og gode vilkår for dei tilsette, svarar Ofstad.

POSITIV: Julianne Ofstad (Frp), varaordfører i Oslo bystyre, er for å sette kommunale tenester ut på anbod.

Venstre vil ha strenge krav

Tidlegare justismininster Odd Einar Dørum representerer Venstre i Oslo bystyre. Han seier at partiet er opne for anbod, med tydelege krav:

– Dersom ei ekstern løysing kan levere høg kvalitet innanfor klare og strenge krav frå kommunen, meiner vi det er riktig å vurdere det. Når det gjeld reinhald, er det tilsvarande viktig at kvalitet, smittevern og arbeidsvilkår blir tekne vare på. Dette er funksjonar som er heilt avgjerande for drifta av legevakta, svarar Dørum.

KrF vil ikkje foreslå anbod

Øyvind Håbrekke er KrF sin representant i Oslo bystyret. Han svarar dette på spørsmål om dei vil sette ut reinhaldarane ved legevakta på anbod:

– KrF har ikkje eit prinsipielt syn for eller mot å bruke private til reinhald. Det er eit spørsmål om kva som er tenleg for kommunen i det einskilde tilfellet. Men konkurranseutsetjing er ikkje eit mål i seg sjølv. Det må tene ei hensikt og dei tilsette må i tilfelle bli ivaretekne på ein god måte, svarar Håbrekke. I svaret nedanfor utdjupar han at KrF ikkje kjem til å foreslå å sette reinhaldarane ut på anbod.

TJA: Øyvind Håbrekke og KrF seier at dei ikkje vil ta initiativ til å sette ut vakt og reinhald ved legevakta på anbod. Samtidig er det uklart om han vil stemme for, om forslaget kjem. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sentrum seier nei

Anders Møller-Stray er rådgjevar for Partiet Sentrum i Oslo bystyre. Han seier dei er i mot å sette både vakt og reinhald ved legevakta på anbod:

– Vi ser ikkje at det finst tungtvegande grunnar for å setje reinhaldet på legevakta ut på anbod, og vi fryktar at tenesta blir dårlegare dersom det blir gjort.

Vi meiner òg generelt at dersom noko skal setjast ut på anbod, skal løn, pensjon og rettar for dei tilsette vere like gode eller betre. Det er ikkje bystyret si oppgåve å ta frå kommunalt tilsette tryggleik og pensjon.

Ap: – Kommunen gjer dette best

Jon Reidar Øyan sit i Helse- og sosialutvalet i Oslo for. Han og Ap seier blankt nei til å sette reinhaldarane ut på anbod:

– Reinhaldet ved legevakta handlar òg om smittevern, pasienttryggleik og eit forsvarleg arbeidsmiljø. Dette krev stabilitet, kompetanse og tett samarbeid med helsepersonell. Vi meiner kommunen sjølv er best eigna til å ta vare på dette.

BEVARE: Jon Reidar Øyan Oslo Ap vil at reinhaldarane ved legevakta skal fortsette å vere tilsette i kommunen.

Raudt:  – Hjartelaust

Siavash Mobashiri er nestleiar av Helse- og sosialutvalet i Oslo. Han og Raudt seier tydeleg nei til å sette reinhaldet ved legevakta på anbod:

– Reinhaldet ved ei legevakt er ein avgjerande del av smittevern og pasienttryggleik.

Eg tenkjer òg på reinhaldarar som har vore der i over 30 år, som har gjort den same tunge jobben dag etter dag, som stod i front under pandemien, og som no fryktar å miste pensjon og rettar dei har brukt eit heilt arbeidsliv på å byggje opp. Det er menneske som har lagt livet sitt til rette rundt ein trygg jobb i kommunen. Det er hjartelause dersom byrådet vil ta frå dei som har minst makt i slike prosessar.

KRITISK: Siavash Mobasheri, leiar av Oslo Rødt, kallar privatisering av reinhaldarar for hjartelaust.

Mdg vender tommelen ned til anbod 

Almaz Asfaha er medlem av Helse- og sosialutvalet i Oslo kommune. I eit telefonintervju seier MDG-politikaren tvert nei til å sette både reinhald og vakttenestene ved legevakta på anbod:

– Dette er eit dårleg forslag. Dei ventar å spare rundt tre millionar kroner på dette. Det er småpengar å spare når ein set tryggleiken til tilsette i fare. I tillegg vil det gå ut over arbeidsvilkåra til dei tilsette, seier Asfaha. Ho seier vidare i intervjuet at Oslo kommune slettes ikkje har dårleg råd og at anbod ikkje er nødvendig med tanke på å spare pengar. Fagbladet har sendt ut dei same spørsmåla til alle partia i Oslo bystyre. Les meir utfyllande om kva dei ulike partia tenkjer og vil med privatisering nedanfor. 

Les heile svaret til SV her

1: Er du og partiet ditt opne for å setje reinhaldet ved legevakta ut på anbod, ja eller nei? Grunngjev kvifor.

– Nei, det er vi ikkje. Det vil skape eit dårlegare arbeidsfellesskap og gjere det meir krevjande og byråkratisk å løyse dei oppgåvene alle dei tilsette på legevakta i fellesskap løyser kvar dag.

2: Reinhaldarane er mellom yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg har intervjua, seier dei er uroa for at dei vil få dårlegare råd dersom dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og partiet ditt om det?

– Då vi styrte Oslo, tok vi mange arbeidsplassar tilbake til kommunen, og resultata var tydelege. Nokre fagarbeidarar gjekk opp med over 100.000 kroner i løn og pensjon ved å byte. Det var grunnen til at Sosialistisk Venstreparti gjekk til val på å ta tilbake alt reinhaldet i kommunen i eigen regi.

Vi har eit ansvar som kommune for å motverke forskjellane i byen vår – då er det siste vi bør gjere å sørgje for at dei som tener lite, skal få mindre.

3: Fleire av reinhaldarane har barn og seier at dei fryktar at det å bli overført til eit selskap vil gå hardt utover familielivet, mellom anna på grunn av betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

– Eg er redd dette vil tvinge fleire, særleg kvinner, over i deltidsarbeid eller heilt ut av arbeidslivet. Det er dårleg likestillingspolitikk, og i ein så mangfaldig by som Oslo er det òg dårleg integreringspolitikk.

Sjå heile svaret til Høgre her

Fagbladet sendte e-post med dei same spørsmåla til alle partia i Oslo bystyre. Spørsmåla var:

1: Er du og ditt parti opne for å sette reinhald ved legevakta ut på anbod, ja eller nei? Grunngjev korfor.

2: Reinhaldarane er av yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg intervjua der seier dei er uroa for at dei får dårlegare råd om dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og ditt parti om det?

3: Fleire av reinhaldarane har ungar og seier at dei fryktar å bli overdratt til eit selskap vil gå hardt utover familielivet. Grunna betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

Høgre og Helland kjem med eit generelt svar:

«Oslo kommune står, i likskap med fleire kommunar i Noreg, i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Vi er difor nøydde til å snu kvar ein stein for å få mest mogleg ut av kommunale midlar. I rapportane frå Effektiviseringsprogrammet har det kome 126 forslag til tiltak på korleis ein kan arbeide smartare for å kutte kostnader. Reinhald og vakttenesta ved legevakta er ein del av desse forslaga. Det er viktig å presisere at dette per i dag berre er forslag, og at byrådet enno ikkje har teke stilling til innhaldet og tiltaka.

Når det er sagt, er Høgre generelt positive til å sjå på andre måtar å organisere tenestene i kommunen på for å få ned kostnadene, så lenge kvaliteten på tenestene er like god eller betre enn når kommunen sjølv driv dei.

Eg er sjølv sjukepleiar og har tidlegare jobba på legevakt, så eg veit kor viktig både reinhaldstenesta og vaktene er for at drifta skal gå rundt og for at lokala skal opplevast som trygge. Eg meiner òg at fleire enn kommunen kan drifte både reinhald og vakttenesta på ein framifrå måte – det ser vi allereie gode døme på i dag. Private aktørar, både ideelle og kommersielle, må sjølvsagt òg rette seg etter både arbeidsmiljølova og tariffavtalar på lik line med Oslo kommune»

 

Les heile svaret til Frp her

Fagbladet sendte e-post med dei same spørsmåla til alle partia i Oslo bystyre. Spørsmåla var:

1: Er du og ditt parti opne for å sette reinhald ved legevakta ut på anbod, ja eller nei? Grunngjev korfor.

2: Reinhaldarane er av yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg intervjua der seier dei er uroa for at dei får dårlegare råd om dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og ditt parti om det?

3: Fleire av reinhaldarane har ungar og seier at dei fryktar å bli overdratt til eit selskap vil gå hardt utover familielivet. Grunna betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

Frp og Ofstad svara dette:

«Effektiviseringsprogrammet har kome med fleire forslag til korleis kommunen kan kutte kostnader. Vi er positive til forslag om å leggje tenester ut på anbod. Dersom det blir aktuelt å setje ut reinhaldstenestene ved legevakta, legg vi til grunn at dette blir gjort på ein forsvarleg og god måte med tydelege krav til tenestene som skal leverast og gode vilkår for dei tilsette.

Det er ikkje alltid kommunen sjølv som er best eigna til å løyse oppgåvene vi står overfor, og vi er generelt positive til å sjå på korleis vi kan drive tenestene best mogleg, samstundes som vi får mest mogleg ut av kvar krone. Det viktigaste er ikkje kven som driv reinhaldstenestene, men at kvaliteten er god og at dei tilsette blir ivaretekne»

Les heile svaret til Venstre her

Fagbladet sendte e-post med dei same spørsmåla til alle partia i Oslo bystyre. Spørsmåla var:

1: Er du og ditt parti opne for å sette reinhald ved legevakta ut på anbod, ja eller nei? Grunngjev korfor.

2: Reinhaldarane er av yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg intervjua der seier dei er uroa for at dei får dårlegare råd om dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og ditt parti om det?

3: Fleire av reinhaldarane har ungar og seier at dei fryktar å bli overdratt til eit selskap vil gå hardt utover familielivet. Grunna betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

Venstre og Odd Einar Dørum svara slik:

«Vi ønskjer å presisere at Oslo kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon i åra som kjem. Skal vi framleis kunne levere gode og trygge tenester og løyse store samfunnsutfordringar, må vi bruke ressursane våre best mogleg. Difor må vi gjere alt vi kan for å få mest mogleg ut av fellesskapet sine midlar. Som ein del av dette arbeidet vart det i 2025 gjennomført ein brei sektorgjennomgang av kommunen, med hjelp av både eksterne konsulentar og interne ressursar. Effektiviseringsprogrammet har identifisert ei rekkje mogelege tiltak for å auke inntekter, redusere kostnader og arbeide smartare. Det er viktig å understreke at rapportane frå programmet derimot er eit fagleg innspel til byrådet sitt vidare arbeid – byrådet har førebels ikkje teke stilling til dei konkrete tiltaka.

Når det gjeld vakttenestene ved legevakta er vi opne for å vurdere ulike organiseringsformer. Dette inkluderer anbod dersom det kan dokumenterast at det gir minst like god eller betre kvalitet, tydelege krav til kompetanse og bemanning og tek vare på tryggleiken til både tilsette og pasientar.

Legevakta er ein særskilt viktig arbeidsplass med krevjande situasjonar, og tryggleiken må alltid vege tungt. Dersom ei ekstern løysing kan levere høg kvalitet innanfor klare og strenge krav frå kommunen, meiner vi det er riktig å vurdere det. Når det gjeld reinhald, er det tilsvarande viktig at kvalitet, smittevern og arbeidsvilkår blir tekne vare på. Dette er funksjonar som er heilt avgjerande for drifta av legevakta»

Les heile svaret til Partiet Sentrum

1: Reinhaldarane er mellom yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg intervjua seier dei er uroa for at dei vil få dårlegare råd dersom dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og partiet ditt om det?

– Når slike tenester blir sette ut på anbod, skal pengane som blir brukte på tenesta både finansiere sjølve arbeidet og gje anbodsvinnaren overskot. Desse pengane må hentast ein stad frå, og det er forståeleg at dei som utfører tenesta, er redde for at dei skal hentast frå lønene eller pensjonane deira. Det er vanskeleg å sjå kvar dei elles skulle hentast frå.

Det er lett å forstå at dei som allereie har låg løn, ikkje ønskjer at det skal takast pengar frå løna deira for å finansiere utbyte til bedriftseigarar.

2: Fleire av reinhaldarane har barn og seier dei fryktar at det å bli overført til eit selskap vil gå hardt utover familielivet, mellom anna på grunn av betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

– Som i førre spørsmål: Overskotet ved anbodsetjing må takast ein stad frå. Det er vanskeleg å sjå at ein anbodsvinnar kan vinne eit anbod på å drifte tenesta billegare enn kommunen klarer sjølv (føresetnaden er jo at kommunen skal spare pengar), samstundes som dei skal ta ut eige overskot – og likevel la dei tilsette arbeide under like gode vilkår og med same løn.

Oppgåvene skal framleis gjerast. Dersom dei skal gjerast billegare, betyr det at nokon må jobbe meir, tene mindre – eller begge delar.

Les heile svaret til Ap her

1: Reinhaldarane er mellom yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei seier dei er uroa for å få dårlegare råd dersom dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og partiet ditt om det?

– Vi forstår godt den uroa. Erfaring frå konkurranseutsetjing av mellom anna sjukeheimar i Oslo viser at løns- og pensjonsvilkår ofte blir svekka over tid, og at dei tilsette blir hengande etter lønsmessig samanlikna med kommunalt tilsette.

For oss er det viktig å sikre trygge jobbar med føreseielege løns-, pensjons- og arbeidsvilkår.

2: Flere av renholderne har barn og sier at de frykter at en overdragelse til et privat selskap vil gå hardt utover familielivet, blant annet på grunn av bedre permisjonsordninger og mer fleksibilitet i kommunen. Hva sier du til det?

– Det er en reell bekymring. Kommunen har gjennomgående bedre og mer forutsigbare ordninger når det gjelder permisjon, arbeidstid og fleksibilitet. For familier med stram økonomi kan slike ordninger være helt avgjørende. Vi mener det er feil å skape utrygghet for arbeidstakere som allerede har krevende og lavtlønte jobber.

Les heile svaret til Raudt her

1: Reinhaldarane er blant yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire seier dei fryktar å få dårlegare råd dersom dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer de om det?

– Eg meiner at den frykta er rasjonell. Vi veit korleis slike overføringar ofte endar: Løn og pensjon blir dårlegare, fleksibiliteten forsvinn, og tillitsforhold blir mindre føreseielege.

Dette er menneske med låge inntekter og fysisk krevjande arbeid. Dei toler minst, og likevel er det ofte dei som først blir ramma når «effektivisering» skal gjennomførast.

For oss i Rødt handlar dette om anstende og rettferd. Om vi byggjer ein by der dei som vasker blod og smittefare på legevakta må ta ekstrajobbar for å få endane til å møtast, medan vi kallar det effektiv drift, då har vi mista noko viktig.

2: Fleire av reinhaldarane har born og fryktar at ei overføring til privat selskap vil gå ut over familielivet, mellom anna på grunn av dårlegare permisjonsordningar og mindre fleksibilitet. Kva seier de til det?

– Det gjer inntrykk når einslege foreldre seier at dei kanskje må ta to jobbar, eller mister moglegheita til å gå på foreldremøte. Det er heilt uakseptabelt og utilgjeveleg dersom eit vedtak i bystyret kan føre til at foreldre får mindre tid og tryggleik med barna sine.

Les heile svaret til KrF

1: Reinhaldarane er av yrkesgruppene med lågast inntekt. Fleire av dei eg intervjua der seier dei er uroa for at dei får dårlegare råd om dei må over i eit privat selskap. Kva tenkjer du og ditt parti om det?

– Private som yter tenester for kommunen må vere part i tariffavtale slik at dei tilsette får tariffesta vilkår. Tariffavtaler i det private vil vere annleis enn i det offentlege. Ved konkurranseutsetjing bør ein stille krav om likeverdige løns- og pensjonsvilkår så langt det er mogleg. KrF kjem ikkje til å foreslå ei konkurranseutsetjing eller privatisering av reinhaldet ved legevakta og eg registrerer at byrådet heller ikkje har gjort det så langt.

2: Fleire av reinhaldarane har ungar og seier at dei fryktar å bli overdratt til eit selskap vil gå hardt utover familielivet. Grunna betre permisjonsordningar og meir fleksibilitet i kommunen. Kva seier du til det?

– Både arbeidsmiljølova og tariffavtaler vil gjelde uansett. Men som sagt kjem ikkje KrF til å foreslå ei konkurranseutsetjing eller privatisering av reinhaldet ved legevakta.

Powered by Labrador CMS