Anbod stoppa: Tilsette feira med kake

Privatiseringa av Hatlane omsorgssenter blei stoppa etter åtvaringar frå tillitsvalde og pårørande: – Eg håpar det politiske fleirtalet har lært, seier hovudtillitsvalde Laila Irene Alvestad.

GLEDE: Onsdag samla fleire av dei tilsette for å feire at Hatlane omsorgssenter ikkje blir drive av private.
Publisert Sist oppdatert

Førre fredag kom nyheita om at Hatlane omsorgssenter i Ålesund likevel ikkje blir lagt ut på anbod. Onsdag blei det markert med kake og feiring blant dei tilsette ved Hatlane omsorgssenter:

– Eg vart veldig glad og letta då nyheita om at konkurranseutsettinga var avlyst kom. Ikkje minst på vegner av dei tilsette, seier Laila Iren Alvestad som er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Ålesund. 

Ho og Fagforbundet har protestert og åtvara mot konkurranseutsettinga blant anna i Sunnmørsposten

FEIRING: Frå venstre Lill Rustad (leiar i Fagforbundet Ålesund), Laila Irene Alvestad (hovudtillitsvald Fagforbundet Ålesund kommune), Solveig Bonsaksen Skogvik (Hjelpepleiar 1 og medlem), Inna Solbakken (hovudtillitsvald Fagforbundet Ålesund kommune)

Åtte sa opp grunna anbod

Frp og Høgre styrer Ålesund med støtte frå Ålesundlista. Fleirtalet vedtok å sette ut Hatlane omsorgssenter på anbod våren 2025. 

Alvestad fortel at åtte tilsette sa opp jobbane sine på grunn av anbodsrunda:

– Det trist å tenke på den enorme belastninga dette har vore for dei tilsette ved omsorgssenteret. Vi veit jo at dei i tillegg til å vere bekymra for sin eigen situasjon, også har vore veldig bekymra for brukarane, seier Alvestad og legg til:

– For brukarar med alvorleg demens er det svært viktig med tilsette som kjenner brukarane og deira behov. Konkurranseutsettinga har ført til meir innleie av vikarbyrå og meir gjennomtrekk av tilsette.

ANBOD: Frp og Høgre vedtok å sette Hatlane omsorgssenter ut på anbod våren 2025.

Ville ha tapt ein million i pensjon

Alvestad fortel at alle dei åtte som sa opp, gjorde det fordi dei ville måtta jobba fem år lenger. Og i tillegg mista ein million kroner i pensjon. Om dei hadde blitt overført til eit privat selskap:

– Dei har ikkje moglegheit til å opparbeide seg nye AFP-rettar hos ein privat aktør. Og det har vel gjort at dei ikkje har sett nokon andre moglegheiter enn å søke seg til andre offentlege jobbar der dei framleis får behalde AFP-en sin, seier Alvestad. 

Slik reglane er i dag, må du ha jobba sju år samanhengande på same arbeidsplass for å få AFP. 

Uroa pårørande

Fagforbundet, NSF og pårørande jobba imot at omsorgssenteret med rundt 60 plassar skulle settast ut på anbod. 

Kona til Gunnar Herfjord bur på Hatlane omsorgssenter. Han meiner det ikkje har kome noko godt ut av prosessen:

– Anbodet har skapt mykje uro, uvisse og folk har blitt fortvila og lurar på kva som skjer, seier han og fortset:

– Kona mi har vore der i ti månader no. Og eg treffer framleis pleiarar som eg ikkje har treft før. Det betyr at det er stor sirkulasjon av folk som jobbar der inne. Sirkulasjonen fører til at dei som jobbar, kjenner brukarane mindre, seier Herfjord. 

Han seier dei pårørande vil ha faste folk som dei føler seg trygge på. Herfjord åtvara det politiske fleirtalet mot privatisering av omsorgssenteret der kona hans bur. Blant anna i lesarinnlegget «Hva blir bedre ved Hatlane omsorgssenter»

– Håpar dei lærer

Frp og Høgre har blant anna diskutert å sette heimetenesta ut på anbod. Tillitsvalde Alvestad håpar prosessen rundt Hatlane omsorgssenter vil føre til lærdom:

– Eg håpar at dei partia som er i posisjon i Ålesund kommune, har lært. At dei ikkje no går i gang med nye prosessar med konkurranseutsetjing. Det har vore eit vedtak angåande heimetenesta, men det vart lagt på vent. Så det håpar eg verkeleg ikkje skjer. For då har dei jo ikkje lært nokon ting, seier Fagforbundet-tillitsvalde Alvestad.

NØGD: Laila Irene Alvestad er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Ålesund og seier anbodsprosessen har slått dårleg ut både for brukarane og tilsette. Ho er glad anbodsrunda er stoppa.

Ordførar: – Fekk inn for få anbod

Fagbladet har ringt, sendt e-post og SMS til ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) og varaordførar Jessica Gärtner (H), men ikkje fått svar så langt. På heimesida til Ålesund kommune skriv ordførar Strand dette:

«Vi ønsket en reell konkurranse for å få fram alternative måter å levere gode tjenester på. Når det kun er lagt inn ett tilbud, mister vi muligheten til å sammenligne løsninger, kvalitet og utviklingspotensial. Da er det riktig å stoppe prosessen og heller se på hvordan vi best kan arbeide videre.»

Powered by Labrador CMS