Kutt i Oslo
Politikarane høyrde ikkje på Victoria (29). No forsvinn arbeidstilbodet
Tiltaket som har sikra Victoria lærlingplass og hundrevis av andre fast jobb, blir lagt ned. Samtidig er 17.000 unge utan arbeid eller utdanning i hovudstaden.
I løpet av mars må fire tilsette og rundt ti unge i arbeidstreningsprogrammet APRO finne seg noko nytt å gjere:
– Eg trur mange vil slite no som APRO blir lagt ned. Eg trur mange unge vil slite spesielt sosialt. Det er vanskeleg for mange utan erfaring å kome seg i arbeid. Der har APRO hjelpt mange, seier målarlærling og Fagforbundet-medlem Victoria Pham.
Ho trur nedlegginga vil føre til fleire unge uføre.
Ein ufør kostar 17 millionar
Om ein ung blir uføretrygda livet ut, vil det koste samfunnet rundt 17 millionar kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
I Oslo er det rundt 17.000 mellom 20 og 29 år som ikkje er i arbeid eller tek utdanning.
Det er 14 prosent av dei unge i hovudstaden, viser tal frå Nav. I heile landet er det 114.000 unge som står utan jobb eller skule.
Pham seier APRO hjelpte ho å finne ny lærlingplass hos Blå Kors. Kva som skjer med dei andre deltakarane er uvisst.
– Trist å sjå kollegaer gråte
Geir Braathen er arbeidsleiar og plasstillitsvald for Fagforbundet. Han seier starten på det nye året har vore vond:
– Det har jo vore forferdeleg trist. Vi sat i møte med HR og veit jo ingenting framover om kva som skjer. Med oss. Det er emosjonelt tungt. Det er trist å sitte og sjå på at kollegaer græt over å miste jobben. Eg spør meg framleis om korleis byrådet har kome fram til dette.
Både Ap, SV og Raudt har vore svært kritisk til nedlegginga og meiner APRO sparer kommunen for store pengar. Ved å få unge frå ei framtid på Nav til å bli skattebetalarar som arbeider, og ved at APRO leverer blant anna billigare målar- og tømrartenester enn det private til kommunen.
APRO har hjelpt over hundre unge som ikkje var i arbeid eller utdanning dei siste ti åra. Nedlegginga rammar fire Fagforbundet-medlemmer.
Høgre: – Krevjande økonomi
Fagbladet har kontakta Venstre, Frp, Høgre og KrF som har sikra fleirtalet for Oslo-budsjettet i desember.
Byregjeringa i Oslo er styrt av Høgre og Venstre. Om APRO skulle fortsette var til sjuande og sist opp til det politiske fleirtalet.
Høgre er det einaste partiet som har svart om nedlegginga.
Hilde Helland er fraksjonsleiar for Høgre i helse- og sosialutvalet i Oslo. På e-post svarar ho blant anna:
«Oslo kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon, på lik linje med resten av kommunane i Noreg. Det inneber at vi må prioritere. APRO er eit godt tiltak, men det når dessverre for få unge. Dei seinare åra er det to unge som har fullført lærlingløpet i APRO kvart år. Byrådet arbeider for talet på lærlingplassar skal auke, og at òg unge som har særskilde behov for oppfølging, skal få tilbod om lærlingplass. Av det samla talet på lærlingplassar i Oslo kommune har tilbodet i APRO likevel utgjort ein svært liten del.»
(Fagbladet har omsett e-posten til nynorsk.)
Lærlingsjef: – Har levert svært bra
Kristoffer Søgaard er dagleg leiar av Opplæringskontoret for tømrerfaget i Oslo og omland. Dei jobbar med å skaffe lærlingplassar til dei som skal bli tømrarar. Opplæringskontoret har skaffa over 8000 læreplassar.
I APRO jobbar tre tilsette med lærlingar. Dei har fem lærlingplassar der dei unge brukar to til fire år på å bli ferdig med løpet. Søgaard seier tiltaket har levert svært godt:
– Ei gjennomsnittleg byggmeisterbedrift i Noreg ligg på ti-elleve mann. Dei har i snitt ein til to som tek sveineprøve i året. APRO, som er under halvparten så stort, produserer to lærlingar i året. Dette er også lærlingar som ikkje ville ha fått praksisplassar ein annan stad, seier Søgaard og legg til:
– Med så få ressursar har APRO levert langt over snittet samanlikna med andre lærebedrifter. Dei har levert svært bra.
– Einaste igjen
Søgaard seier at med nedlegginga av APRO blir det slutt på lærlingplassar for unge med utfordringar som treng tilrettelegging:
– Tidlegare hadde vi Rehabil, Fretex og APRO som hadde moglegheit til å hjelpe oss. Rehabil er borte, og Fretex er borte. Vi har berre hatt APRO igjen som har vore den einaste i Oslo som har tatt inn desse. No forsvinn dei òg.
Trur kommunen taper på kuttet
Søgaard i Opplæringskontoret for tømrarfaget trur kommunen vil tape pengar på det som er tenkt som eit spare-kutt:
– For det første må Oslo kommune ut på anbod for å få lagt om litt laminatgolv og byte nokre rekkverk. Vi mistar ein som kan ta seg av dei som treng mest hjelp og oppfølging. Vi har hatt lærlingar i APRO som har bestått eit svennebrev og jobbar som tømrarar i dag. Så vi mistar jo tilgang på fagutdanna folk òg. Ikkje berre dei med kompetansebevis, men dei som får sveinebrev til slutt, og som blir skattytarar og jobbar som tømrarar, seier Søgaard og legg til:
– Det vil bli fleire unge utanfor arbeidslivet utan dette tiltaket.
Meiner APRO heller burde blitt utvida
Søgaard er ikkje einig i argumentet til Helland frå Høgre om at tiltaket når for få unge:
– Ein skulle hatt fleire plassar på APRO. Eg synest ikkje løysinga er å fjerne tilbodet fordi dei ikkje klarer å ta med fleire.
– Har vore gull
Arbeidsleiar Braathen veit ikkje kva som ventar han og kollegaene når APRO må stenge dørene for godt. Men han er sikker på ein ting. Kva det har gjeve han å jobbe med unge som stod utanfor:
– Det å kunne gje vidare den kunnskapen til ungdomane og sjå at det betyr noko for dei. Det har vore veldig viktig – ein kombinasjon av å jobbe med folk, sjå at dei blir betre når dei er her, og samtidig jobbe med det faget ein likar. Det har vore heilt gull, seier tillitsvalde Braathen.
APRO som blei starta i 1993 legg ned drifta i mars.