Anbud

Anbodsplanane krasjlanda: Kostar kommunen åtte millionar kroner

Plana var at privatiseringa skulle gje ein betre sjukeheim og at kommunen skulle spare 3,6 millionar kroner i året. Det enda med at fleire slutta, sjukmeldingar og ei rekning på rundt åtte millionar kroner. 

ANBOD: Hatlane omsorgssenter i Ålesund med rundt 60 plassar blei bestemt lagt ut på anbod våren 2025. Det førte til at fleire tilsette slutta, som igjen førte til meir bruk av vikarbyrå. Det kosta kommunen.
Publisert

Det politiske fleirtalet i Ålesund kommune ville legge ut Hatlane omsorgssenter på anbod. Prøveprosjektet til Høgre, Frp og Ålesundlista var å sjå om private kunne drive betre og rimelegare for den økonomisk pressa kommunen. I vinter blei konkurranseutsettinga stoppa etter at tilsette slutta, vikarutgiftene auka og berre eit selskap la inn anbod. SV ba administrasjonen finne ut kor mykje anbodsrunda har kosta kommunen. Nyleg kom anslaget frå administrasjonen: Åtte millionar kroner

Varaordførar: – Viktig å skaffe kunnskap

Jessica Gärtner (H) er varaordførar i Ålesund kommune. Ho meiner det var rett å gjere anbodsforsøket.

– Kva tenkjer du om meirkostnaden på 8 millionar kroner? 

– Det er rett at det har vore kostnadar knytt til sjølve prosessen. Samtidig meiner eg det var viktig å undersøkje kva moglegheiter som finst i marknaden, skriv Gärtner i eit e-post svar og fortset:

– Som lokalpolitikarar har vi eit ansvar for å vurdere ulike løysingar. Og ikkje på førehand utelukke alternativ. Å skaffe seg kunnskap om marknad kostnadsnivå og ulike driftsformer har i seg sjølv ein verdi, trass i at prosessen ikkje førte fram til ei konkret løysing denne gongen. 

FORSVARAR: Jessica Gärtner (H) er varaordførar i Ålesund kommune. Ho meiner det var rett å prøve å sette Hatlane omsorgssenter ut på anbod og at det har gjeve viktig lærdom.

Tilsette slutta

Kommunaldirektøren estimerte at om eit privat selskap tok over drifta av Hatlane omsorgssenter, ville det bli 3,6 millionar kroner billigeare i året. Slik gjekk det ikkje.

Gjennomgangen frå administrasjonen  tek for seg kva som førte til meirkostnadar ved anbodsprosessen. I analysen som blei lagt fram for formannskapet, blir det blant anna peika på at seks helsefagarbeidarar og ein sjukepleiar slutta då dei fekk vite at omsorgssenteret skulle bli privat. Det var få nye som ville jobbe på omsorgssenteret, auka sjukmelding og meir bruk av vikarbyrå.

Samtidig slit kommunen tungt med økonomien og har vore i faresona for å hamne på ROBEK-lista og bli sett under statleg administrasjon. Les meir om kva som blei dyrare grunna anbodet i faktaboksen under. 

 

Sjå oversikt over meirkostnadane her

Meirkostnader i 2025 

  • Ekstra bruk av vikarbyrå: 1.537.237 kroner
  • Internkostnader/arbeid med konkurransegrunnlag: 1.201.360 kroner
  • Overtid: 437.652 kroner
  • Totalt: 3.176.249 kroner

Forventa meirkostnader i 2026 

Totalt estimert meirkostnad første halvdel 2026

  • Auka bruk av vikarbyrå i 2026
  • Overtid på nivå med siste halvår av 2025
  • Kostnader tilsvarande i snitt 1 pasient på bot/fastvakt
  • Driftsutfordringar som krev ekstra tiltak 
  • Estimert totalt: 4.593.612  kroner

Samla meirkostnader 2025/2026

– Har lært mykje

Ein pårørande som har kona på Hatlane omsorgssenter, kallar anbodsrunda eit «gedigent mageplask» . Varaordførar Gärtner seier det politiske fleirtalet har fått ny kunnskap.

– Kva er lærdomen frå prosessen?

– Det er viktig at organisasjonar lærer av dei prosessane dei går gjennom og i dette tilfellet meiner eg at Ålesund kommune har lært mykje. Prosessen har gitt verdifull erfaring med korleis slike prosessar fungerer og kva som blir kravd av førebuande arbeid. Denne lærdommen vil vere nyttig i framtidige vurderingar og avgjerder.  

Meir anbod?

Høgre, Frp og Ålesundlista har diskutert at det kan bli aktuelt å legge ut heimetenesta på anbod. 

– Kva tenkjer du om eventuelle framtidige prosessar med anbod?

– På eit overordna nivå meiner eg det er viktig å vere open for å undersøkje kva for løysingar som finst. Det kan vere kommunale løysingar, ideelle aktørar eller private. Eg meiner lokalpolitikarar må tore å sjå på ulike alternativ og skaffe seg kunnskap, framfor å låse seg til éi løysing av prinsipp. Målet må alltid vere å sikre best moglege tenester for innbyggjarane, innanfor trygge og ansvarlege rammer.

Tillitsvald: – Kastar pengar ut vindauget for ideologi

Laila Irene Alvestad er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Ålesund kommune. Ho meiner Frp, Høgre og Ålesundlista har blitt blenda av ideologi:

– Kommunen har slite økonomisk. Det opplevast som om dei kastar pengar ut gjennom vindauga for å følgje eigen ideologi. Dei ville få inn andre aktørar som kunne vise at tenestene kunne drivast på ein annan måte, seier tillitsvalde Alvestad.

GLAD: Laila Irene Alvestad er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Ålesund. Ho var glad og feira då anbodsprosessen blei lagt på is. Samtidig er ho kritisk til kostnaden på prosjektet.

– Har blitt åtvara 

Alvestad seier Fagforbundet og fleire andre åtvara mot å legge Hatlane omsorgssenter på anbod:

– Det verste er at dei har fått varsel på varsel om at dette kom til å bli dyrt. Likevel valde dei å gå vidare med det. No viser det seg, ikkje overraskande, at dette blei dyrt, seier den hovudtillitsvalde. Ho håper no at fleire vil ønske å jobbe ved senteret igjen:

– Hatlane er eit svært godt drive omsorgssenter som har hatt eit veldig bra arbeidsmiljø. No håpar eg verkeleg at folk søkjer. Dei har mista mykje kompetanse som det er viktig å få tilbake. Det er òg viktig å få ned utgiftene til vikarbyrå, seier Fagforbundet-tillitsvalde Alvestad. 

Powered by Labrador CMS