Hundrevis av unge har fått fast jobb. No vil kommunen leggje ned tiltaket

Jobben har gjeve meg rutinar, gjort meg friskare og meir sosial, seier målarlærling Victoria Pham. Ho trur fleire unge vil bli uføre og havne i rus og fengsel om ungdomstiltaket blir lagt ned.

VIL JOBBE: Victoria Pham jobbar som målarlærling i APRO som er eit tilrettelagt arbeidstiltak for unge vaksne. Her er ho i gang med å maskere før ho skal sparkle og måle ein vegg. Victoria seier fleire unge vil ende i rus, på NAV eller i fengsel som APRO blir lagt ned.
Publisert

Sidan 1993 har unge i Oslo fått tilbod om arbeidstreningsprogrammet APRO. Eit tiltak som har ført til at mange mellom 17 og 30 år har fått gått frå å få ein slipp der står "stønad" til at det står "løn":

– Før eg kom hit var eg i fengsel. No føler eg at eg meistrar noko, og dette er mykje betre enn å gå heime, fortel Einar, som er i starten av 20-åra. Han vil ikkje stå fram med fullt navn og bilde, men vil gjerne dele med verda kva det  nedleggingstruga tiltaket betyr for han:

  – Blir dette lagt ned, aukar det faren for at fleire unge endar i rus og kriminalitet, seier Einar. 

PUSSAR OPP: Ein gipsvegg blir riven av ein APRO-deltakar i ei kommunal leiligheit på Grønland i Oslo. APRO-deltakrane er med å måle og renovere hundrevis av kommunale bygg i året.

Fakta om APRO

Arbeidstreningstiltak i Oslo kommune starta i 1993

Godkjent lærebedrift innan maling og tømring

Består av ei målargruppe, tømrargruppe og ei vedlikehaldsgruppe

Har lågterskeltilbod til unge som slit med rus, psykisk uhelse og funksjonsnedsetting blant anna

Gjer hundrevis av målar, tømrar, vedlikehald og vaktmeister-tenester for Oslo kommune

Har i dag lærlingeplassar til fire tømrarar og ein målar

I tillegg kjem mellom 5-7 tiltaksplassar som jobbar med alt frå vedlikehald til grøntarbeid

Det er billigare for kommunen å bruke APRO enn innleide firma

17. desember skal Oslo bystyre bestemme om tiltaket skal leggast ned

Administrasjonen i Velferdsetaten har foreslått å legge ned APRO

I tillegg til dei ti unge vaksne jobbar det tre arbeidsleiarar og ein føretaksleiar i APRO

Sterkare fysisk og psykisk 

Eit langt skaft går som ein pendel. Eit grått tak skiftar taktfast litt etter litt farge til skinande kvitt. Målarlærling Victoria Pham (29) ser granskande oppover medan ho let rullen gå og får nokre kvite flekkar i det svarte håret: 

– Denne jobben har gjort meg sterkare både fysisk og psykisk. Jobben har gjeve meg motivasjon til å snakke meir med folk. Eg har blitt flinkare til å kommunisere og har blitt meir sosial, seier Fagforbundet-medlem og målarlærling Victoria. Ho fekk tilbod om å bli ufør grunna kronisk sjukdom, men takka nei fordi ho heller vil jobbe og fekk tilbod om å bli ein del av APRO.

STERK: Victoria Pham fortel at jobben med å blant anna måle i tak har bygd musklar. Samtidig som det å jobbe med kollegaer kvar dag og møte nye folk via jobben har gjort ho sterkare sosialt. På bildet målar ho taket til ein bustad for rusavhengige i Oslo.

– Fleire unge uføre

Mellom ti og tolv unge er ein del av APRO til ei kvar tid. Tal frå programmet viser at rundt halvparten av dei som går der kjem ut i arbeid eller vidare utdanning.

– Fleire unge vil ende som uføre om APRO blir lagt ned. Eg håpar politikarane reddar denne bedrifta. Her kan unge vaksne få seg arbeidstrening, lærlingplass, vidare utdanning og jobb. Det er vanskeleg i dag å finne både lærlingplass og fast jobb, seier Victoria. 

MÅLAR: Josephine Obasogie jobbar i APRO og deler av kunnskapen sin med kollega og lærling Victoria Pham medan dei målar ei av Oslo sine kommunale bustader.

Fleire unge på NAV

Geir Braathen er tillitsvald for Fagforbundet i APRO. Han har jobba som arbeidsleiar der sidan 2004:

– Mange av dei som kjem hit, kan eksempelvis veldig lite om det at du skal seie frå, ringe viss du blir forseinka. At du helst skal gå til lege og få sjukemelding når du blir sjuk. Ein del av dei ungdommane eg jobbar med, har ikkje fastlege. Ofte så er det veldig mangelfullt grunnlag om A4-livet. Dette er ting dei må lære. Dei må lære både forventningane og pliktene sine, seier tillitsvalde Braathen. 

KRITISK: Geir Braathen er arbeidsleiar ved APRO og tillitsvald for Fagforbundet. Han meiner det vil ramme mange sårbare unge som han og kollegaene kan hjelpe ut i arbeid, istadan for at dei ender på NAV resten av livet.

– Du er verdt noko

Arbeidsleiaren var sjølv deltakar på ARPO. Braathen fortel at han som ungdom hamna på utsida av samfunnet, var tørst og glad i rus. APRO blei vendepunktet i livet hans:

– Det betydde veldig, veldig mykje. Eg hadde inga interesse av å jobbe. Eg var sur på samfunnet. Og tenkte kvifor skal eg gidde å bli ein del av ei maurtue og ein lønnsslave? Men så fekk eg tilbod om å begynne her. Møtte folk som hadde litt dei same bakgrunnen som meg. Eg møtte også andre folk og fekk kjenne på at her tek nokon meg seriøst. Du blir ikkje berre sett på som ein tulling, men nokon som faktisk er ein verdifull ressurs, ein som er verdt noko.

MEISTRING: Victoria Pham og Josephine Obasogie jobbar saman i team ved APRO. Victoria er målarlærling og ferdig i 2027. Josephine har over ti års erfaring som målar. Begge seier jobben på APRO gjev dei føler meistring.

Opp til politikarane

Braathen seier at vegen kan blir kortare inn i kriminalitet, rus og eit liv bak lås og slå utan APRO:

– Eg er ikkje i tvil om at mange kjem til å slite meir viss ikkje eit sånt tilbod som Apro er tilgjengeleg.

Arbeidsleiaren peikar på at det er ei politisk målsetting å skaffe fleire lærlingplass og hindre kriminalitet:

– Politikarane snakkar så varmt om auka satsing mot utanforskap og ungdomskriminalitet. Og det blir peika på kor vanskeleg det er å finne lærlingplassar og at kommunen skal satse på lærlingar. Då må dei vise at dei ikkje berre pratar, men at det også blir gjort noko. Tenk å berre utradere eit prosjekt som dette med eit pennestrøk , med erfaring sidan 1993, seier Braathen

GUIDAR: Thor Idar Pedersen er arbeidsleiar ved APRO i Oslo. Han hadde med seg tre unge menn som etter tur og veiledning jobba med å ta ned ein gipsvegg som ein del av renovering av ein kommunal bustad.

Sparar kommunen pengar

Arbeidsleiar Braathen seier at APRO sparar kommunen pengar ved at dei gjer nødvendig vedlikehald billigare som tiltaksbedrift:

NYTT: Eit gamalt slitent soverom for rusavhengige på Adamstuen i Oslo får nye strøk av Victoria Pham og Josephine Obasogie i APRO.

– Vi har eit nettverk av samarbeidspartnarar i Oslo kommune. Vi sparar kommunen pengar med å pusse opp og gjere vedlikehald fordi vi er billigare enn innleidde selskap. Vi møter ofte tidlegare deltakarar som det går veldig bra med. Det er ein gullskatt for oss å klare å sjå dei menneska som startar her og vere med å gje dei noko som gjer at dei klarar seg så bra  vidare i livet, seier tillitsvalde Braathen. Han fortel vidare at rundt 200 har hatt arbeidskontrakt i APRO dei siste ti åra. Dei nyaste tala viser at sidan 2023 kom 10 av 19 ut i ordinært arbeid. Ein del som er på tiltaket, går vidare til kvalifiseringsprogram i NAV eller andre jobbprogram som IPS, blant anna. Andre kjem seg inn i utdanning eller tilbake på skulebenken, fortel Braathen. Han estimerer at berre dei siste ti åra har over hundre APRO-deltakarar kome seg ut i ordinært arbeid.

Vil ikkje kommentere APRO

Fagbladet er kjent med at det er drøftingar internt i Velferdsetaten om nedlegging av APRO. Guri Skansen er kommunikasjonssjef i Velferdsetaten i Oslo kommune. I eit svar på epost skriv ho:

"Budsjettarbeidet hos oss er i gang framleis. Velferdsetaten er ikkje ferdig med interne drøftingar. Endeleg budsjett blir ikkje vedteke før etter bystyret sitt siste møte i desember. Velferdsetaten ønskjer ikkje å kommentere enkelttiltak når det ikkje er gjort vedtak.

Det er mange verksemder i Oslo kommune som må redusere eller avvikle tenester når driftsramma blir redusert. Dette rører ved tenester som er viktige for innbyggjarane, og som dei tilsette er stolte av.

Velferdsetaten må, som andre verksemder, gjere krevjande prioriteringar i budsjettarbeidet vårt. I prioriteringane tek vi utgangspunkt i kva tenester som er Velferdsetaten sitt oppdrag å tilby, og at vi sikrar at desse er tilstrekkeleg og rett bemanna".

Powered by Labrador CMS