Blei angripne på jobben: – Ikkje eksperimenter med tryggleiken vår

Sjukepleiarane Lise Ringlund og Stine Pettersen jobbar på legevakta i Oslo. Dei har sett alt frå folk med machete til pistol, og er sterkt imot eit nytt forslag i byrådet.

UTRYGGE: Lise Ringlund er sjukepleiar og hovudverneombod ved legevakta i Oslo. Kollega Stine Pettersen jobbar som sjukepleiar. Bildet til høgre viser våpen som pasientar har hatt med seg inn på legevakta og som har blitt tatt av helsepersonell eller vakter.
Publisert

– Det var her inne det skjedde, seier sjukepleiar Stine Pettersen ved legevakta i Oslo og opnar opp ei dør til eit behandlingsrom. Ho skulle vekke ein pasient som hadde vore til rusobservasjon:

– Pasienten blei utagerande og aggressiv. Plutseleg blei det kasta ei søppelkasse mot meg, seier Pettersen. 

Sjukepleiaren fortel pasienten kom etter for å ta ho:

– Eg greidde så vidt å slenge døra igjen. Heldig vis kom vaktene. Dei hadde sett kva som skjedde via eit overvakingskamera og fekk stoppa pasienten før eg blei angripen vidare. Eg rakk ikkje å trykke på alarmknappen. Vaktene var på plass og fekk avverja før, seier sjukepleiaren. 

KRITISK: Sjukepleiar Stine Pettersen meiner dagens vaktsystem er avgjerande for tryggleiken til dei tilsette.

Vakter på anbod

Byrådet i Oslo har starta Effektiviseringsprogrammet som har kome med rapportar og forslag til sparetiltak

Det er eit av desse forslaga som sjukepleiar Pettersen og kollegaene ved legevakta er kritiske til. 

Forslaget går ut på at vaktene og reinhaldarane ved legevakta i Oslo kommune skal settast ut på anbod i løpet av 2026. Dette dreier seg om til saman rundt 30 stillingar. 

Oslo er styrt av Høgre, Venstre og med støtte frå Frp. Saman med KrF har dei fleirtal. Partia skal sjå på spareforslaga og bestemme kva dei vil gå for i løpet av våren. 

Byrådet meiner at ein kan spare rundt tre millionar kroner i året på å sette ut dei 30 stillingane på anbod. Det blir blant anna vist til denne NTNU-rapporten

Pistol ramla ut av sekken

Lise Ringlund er hovudverneombod ved legevakta i Oslo. Ho har jobba der sidan 2020 som sjukepleiar og sett mykje:

– Dette bildet viser kva som kjem inn til oss på legevakta ein heilt vanleg dag. Pistolen fall ut av ryggsekken til ein pasient. Sjølv har eg sett ein mann kome inn med ein machete i ein pose, seier Ringlund. 

Det er ein dag ho hugsar spesielt godt, då delar av legevakta låg i Oslo sentrum. 

LEGEVAKTA: Hovudverneombod Lise Ringlund tok dette biletet ein dag ho var innom jobben på legevakta i Oslo.

Slått ned på jobb

Ho jobba med ruspasientar og skulle gå ei vanleg runde for å sjekke om dei blant anna pusta:

– Ei kvinne reiste seg opp og ville ikkje at eg skulle vere der. Ho blei høglydt og aggressiv. Ho kom mot meg og slo meg i magen så eg fall ned. Eg fekk trykka på alarmen, mens pasienten fortsette å angripe meg, seier ho og fortset:

– Vaktene kom løpande på eit par sekund. Då kom dei store, sterke og las situasjonen med ein gong. Dei fekk denne personen av meg og sørgja for at eg ikkje blei angripen meir. Vi har mange tilfelle der vaktene har redda liva til både tilsette og pasientar. 

SJUKEPLEIAR: Lise Ringlund har jobba ved legevakta sidan 2020.

– Utrygge

Både Pettersen og Ringlund deler historiene sine slik at folk skal få innsyn i arbeidskvardagen deira. Og korfor spareforslaget gjer at dei kjenner på utryggleik. Dei opplevde seg ikkje like sikre då dei jobba med vektarar frå eit innleigd privat selskap. Det skjedde i samband med flytting av legevakta i 2023:

– Vi merka at det var veldig mange forskjellige vakter som kom på jobb. Dei var ikkje kjent med bygget og pasientane. Vi fekk ikkje den kontinuiteten som vi må ha på bygget. Då tenkte eg som verneombod at vi må ha dei som kjenner pasientane. Ikkje ein vikar som kjem, er der eit par veker, får opplæring og dreg igjen, seier hovudverneombod Ringlund. 

Kollega Pettersen er kritisk til forslaget om å sette vektarane på anbod:

– Eg blir jo litt provosert over at dette er noko i heile tatt å diskutere. Eg vil føle meg meir utrygg på jobben om det blir andre vektarar enn dei vi har i dag, seier sjukepleiar Pettersen. 

– Ikkje eksperimenter

Ringlund seier vakter med inngåande fagkunnskap om legevakta er avgjerande:

– Eg hadde ikkje vore på jobb om eg ikkje hadde stolt på vektarane som passar på meg. Eg veit dei alltid kjem. Dei kjenner mange pasientar godt. Dei greier å deeskalere svært krevjande situasjonar. Difor meiner vi i vernetenesta at det ikkje er tid å eksperimentere med tryggleiken på den største legevakta i Norden.

BLIKK: Marius Løveid, plasstillitsvald ved legevakta i Oslo. Han og kollegaene følger nøye med på kva som skjer i dei ulike romma via overvåkningskamera.

34 års erfaring

Overvåkingsskjermar fangar blikket til vakt Marius Løveid. Bak han heng eit gjennomsiktig skjold av hard plast med tre handtak. Same type skjold som blir brukt av opprørspoliti.

– Vi jobbar litt annleis enn det veldig mange andre tenester gjer. Det er jo folk og pasientar i nød. Så er det også pårørande vi må hjelpe, seier Løveid. 

Han har jobba 34 år som vakt ved legevakta i Oslo og er plasstillitsvald for Fagforbundet. Han er kritisk til forslaget om å sette sikringsjobbane ut på anbod:

– Du risikerer at det kjem urøynde og nye folk heile tida. Vektarar som ikkje kjenner miljøet og arbeidsmetodane. Dei vil heller ikkje vite like nøyaktig korleis dei skal kommunisere med pasientane og dei tilsette for å få roa ned situasjonen, seier Løveid. 

Rett etter intervjuet blir ein mann med ein beige parkas ført inn mot eit behandlingsrom med to vakter på kvar si side. Mannen ropar og vil ikkje bli med. Løveid står med armane rundt ei kvinne med gråleg hår og gjev ho ein lang klem. Mannen som blir teke med av vektarane og til eit rom med ein ventande lege er sonen hennar. Han vil ikkje ha legehjelp, men mora tok han med. 

FAGMANN: Marius Løveid er fagutdanna vektar. På stolen til venstre for han heng ein blå vest som verner mot knivstikk. På veggen heng plastskjoldet. Han forsikrar om at dei aller fleste dagane er rolege, men: Det kan bli tidvis heftig.
Powered by Labrador CMS