Åleinemor fryktar privatisering vil ramme familielivet hardt
Jobben til reinhaldar og åleinemor Karen kan bli privatisert: – Då må eg ha ein eller to ekstrajobbar for å overleve.
Fem kvitkledde sit inne på eit tomt reinvaska legevakt-rom. Ein av dei, Karen Alegre tek ordet:
– Om eg blir flytta over frå kommunen til eit privat selskap, vil det bety mykje for livet mitt, seier åleinemora og Fagforbundet-plasstillitsvalde Karen Alegre og fortset:
– Då må eg ha to, kanskje tre jobbar for å betale rekninga. I dag har eg fleksible ordningar på jobben som gjer at eg kan gå på møte på skulen om sonen min eller hente han når han blir sjuk. No har eg fleksibilitet og tryggleik i ein fysisk krevjande jobb, seier Fagforbundet-medlemen.
Alegre har i dag ein jobb med kjernetid og fleksitid. Som gjer legg til rette for at ho kan gå på møte på skulen blant anna. Ho fryktar at om ho må over i eit privat selskap må ho ta ulønna fri der ho i dag kan bruke fleksitid. Og at både løna, pensjonen og forsikringane blir dårlegare.
Kan miste over ein million i pensjon kvar
Åleinemora Alegre seier ho fryktar å miste alt dette om jobben på legevakta i Oslo blir sett ut på anbod. Ho er ikkje åleine om å ha bekymringar. Ved sidan av ho sit kollega Samuel Berhane og Mary Gloria Basil:
– Eg har jobba som reinhaldar på legevakta i 34 år, seier Basil. Ho og Berhane har eit problem om dei må over i eit privat selskap: Dei risikerer å miste AFP-pensjonen sin fordi dei er over 55 år og ikkje rekk å spare seg opp ny.
Då vil dei tape rundt ein million i pensjon kvar, og begge må jobbe fem år lenger. I ein jobb der dei ofte gjer den same bevegelsen fleire hundre gonger om dagen. På golvet. På veggane. I taket:
– Eg har arbeidd mange år for Oslo kommune. Dette vil eg ikkje, seier Berhane.
Vil spare pengar på reinhaldarane
Oslo kommune er styrt av Høgre og Venstre med støtte av Frp. Byregjeringa har starta Effektiviseringsprogrammet. I januar kom Effektiviseringsprogrammet med forslag om å sette ut rundt 30 stillingar innan vakt, drift og reinhald på anbod. Tanken er at dette skal spare rundt ti prosent av utgifter på drift i året:
– Dei tenker ikkje på situasjonen til vanlege folk. Dei må slutte å eksperimentere, tenke på framtida vår og behandle oss likt som andre tilsette i kommunen. Eg inviterer politikarar som vil privatisere til å møte oss og bli med oss ein dag på jobben. Der vil dei sjå at utan oss er det ikkje noko sjukehus, seier Rose Måke.
Måtte kjempe seg til faste jobbar
Reinhaldarane ved legevakta har måtta kjempe lenge og hardt for å kome dit dei er i dag. Tre av dei fem som Fagbladet intervjuar, måtte jobbe midlertidig i fleire år. Etter at Fagforbundet og tillitsvalde Stig Berntsen tok saka deira fekk dei etter kvart 50 prosent fast stilling. Seinare 65 prosent fast jobb. Men så fekk reinhaldarane tilbod om det som blei omtala som den minste faste stillingane i Noreg. Dei fekk kontraktar på 0,33, 0,51 og 0,53 prosent faste stillingar. Oslo kommune kalla desse kontraktane eit arbeidsuhell og gav reinhaldarane tils lutt heile faste jobbar:
– Vi gjer jobben med heile hjartet og jobbar lojalt. Og vi er trygge slik vi har det i dag, seier Genalita Rosantina. Om forslaget til Effektiviseringsprogrammet får ja, blir jobbane til reinhaldarane ved legevakta sett ut på anbod og privatiserte i løpet av i år.