Torbjørn (60) trudde han var trygg. No kan jobben bli privatisert

Over 250 jobbar i denne kommunen kan bli privatiserte. – Eg har heile tida tenkt at jobben min var trygg, seier fagleiar Torbjørn Bogen. 

HUNDREVIS: Hundrevis av tilsette innan alt frå kjøkken, reinhald til løypekøyring kan bli sett ut på anbod i år. Torbjørn Bogen er fagleiar i Drammen kommune og medlem i Fagforbundet.
Publisert

Saka oppsummert

  • Fleirtalet i Drammen kommune vurderer å sette fleire tenester ut på anbod, noko som skaper usikkerhet blant dei tilsette.
  • Torbjørn Bogen, med 39 års erfaring, meiner fagkompetanse er viktig for å oppretthalde kvaliteten på tenestene.
  • Det politiske fleirtallet ønsker å utforske konkurranseutsetting for å auke valfridomen, medan Fagforbundet åtvarar mot konsekvensene for tilsette og tenestekvalitet.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens og kvalitetssikraav Fagbladet sin redaksjon.

Fleirtalet i Drammen kommune har bestemt at dei skal undersøke å sette fleire yrkesgrupper og tenester på anbod. Torbjørn Bogen er fagleiar og løypekøyrar i Drammen kommune:

– Vi føler ein enorm utryggleik. Eg har heile tida tenkt at eg har ein trygg jobb. Men, du veit aldri om du har tilsetjingstryggleik etter denne runda, seier Fagforbundet-medlem Borgen. Sjekk ut kva han og løypekøyrar-kollegaene driv med etter at snøen har smelta, i videoen under. 

 

DIGRE MASKINER: Torbjørn Bogen og kollegaene i Drammen kommune handterer maskiner på mange tonn som HAR velta: –Slikt me lærer av, seier løypekøyraren og skogsarbeidaren.

Sjekk kva jobbar som kan bli privatiserte i Drammen her

  •  Frp, Høgre, Krf og INP har vedteke at desse jobbane skal utredast på anbod
  • Løypekøyring (7 tilsette, 4 Fagforbundet-medlemmer)
  • Transporttenester (Ukjent antal tilsette)
  • Reinhald og praktisk bistand (17 Fagforbundet-medlemmer)
  • Dag- og aktivitetstilbod (74 Fagforbundet medlemmer)
  • Avlastning (Ukjent antal tilsette og medlemmer)
  • Drammen kjøkken (Rundt 20 tilsette)
  • Vaskeritenester (Rundt fem tilsette)
  • Krokstad sykehjem som skal byggast blir også vurdert sett redd på anbod (Rundt 130 arbeidsplassar)
  • Samla sett over 250 arbeidsplassar

– Folk med fagbrev

Høgre, Frp, KrF og Industri og næringspartiet (INP) i Drammen har fleirtalet og styrer kommunen. Dei har vedteke at blant anna løypekøyringa skal utredast på anbod. Dei vurderer også at ein sjukeheim som skal byggast med over 130 arbeidsplassar skal på anbod. Bogen meiner dei som allereie har mange års erfaring, bør fortsette med løypekøyringa:

– Her er vi folk med fagbrev. Er kommunen tent med at nokon utan den same faglege kompetansen skal hoppe inn? Det må jo vere betre at folk med fagbrev i eit yrke fortset der med sin kunnskap, seier Bogen som har 36 års erfaring med løypekøyring og skogbruk for Drammen kommune. 

UVISS: Petter Justad er plasstillitvald for Fagforbundet i Drammen kommune. Han er ein av sju som jobbar med løypekjøyring og rydding av skog i Drammen kommune. Han og kollegane veit ikkje kva som skjer med jobbane deira.

Betale for å bruke skogen?

Bogen trur ikkje tilbodet til innbyggarane vil bli betre om andre kjem inn:

– Om det er økonomi eller om det er fornuft, er ikkje det som er avgjerande for dei som vil privatisere. Det er rett og slett programfesta og ideologisk drive, seier Bogen. Han fryktar ei kommersialisering av skog og mark. Og at det kan koste pengar å ta seg ein ski eller joggetur:

– Viss det er ei foreining som overtek drifta her. Kva vil då skje med avgifter og medlemskap for å kunne bruke skogen? Det veit ein jo ikkje. Det finst eksempel på dette i utlandet og korleis dette har sklidd avgårde. I Tyskland må betale ein for å bruke løypene og du kan berre gå på oppmerka sti. 

GREP: Torbjørn Bogen i ei av skogsmaskinene han og kollegane brukar for å rydde skogen og halde ski- og turløypene opne-

Høgre: – Skjønar uroa

Kristin Surlien er gruppeleiar for Drammen Høgre som er det største partiet i kommunen og som har ordføraren.

– Fleire tilsette fortel dei føler jobbane deira ikkje er trygge lenger. Kva seier du til det?

– Eg forstår det. Eg forstår at det skaper uvisse når ein behandlar slike saker politisk. Men, difor er det òg viktig at ein har med seg at dette er ei utgreiing. Vi har bedt om ei sak av kommunedirektøren på å sjå på dei områda kor det er mogleg å konkurranseutsette. Det er veldig viktig å huske at dette er ei utgreiing, og at ingenting er bestemt. Vi har sagt at sakene som er lista opp, skal behandlast enkeltvis. Då vil vi vurdere om tenestene er eigna til å privatisere og om det er noko å hente der, seier gruppeleiaren.

ERFAREN: Kristin Surlien (H) er gruppeleiar for Høgre i Drammen kommune og sit i formannskapet. Ho har vore folkevald sidan 2011. I løpet av året skal ho og dei andre politikarane bestemme om tenester skal ut på anbod eller fortsette som i dag. Her viser ho fram formannskapssalen i Drammen kommune.

– Auka valfridom

Surlien som har vore folkevald sidan 2011 seier ho og Høgre vil ha mangfald i tenestene:

– Vi er opptekne av å få dei best moglege tenestene. Ikkje om dei er drivne av det private eller offentlege. Vi ønsker eit mangfald av tilbod som gjev auka valfridom for innbyggarane i Drammen, seier ho og legg til:

– Konkurranseutsetjing er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit verktøy for å sikre tenestene. Ved at ein slepp til andre aktørar, får ein tilgang til nye idear, meir spesialisert kompetanse og fleksible løysingar. Så konkurranse utfordrar jo det etablerte. Og gjer at vi alle må strekke oss litt lenger. Vi har gått til val på auka valfridom, seier Surlien som har bakgrunn som marknadsøkonom.

KRITISK: Laila Evensen er leiar for Fagforbundet i Drammen. Ho meiner egenregi og sjølvgjort er velgjort når det kjem til Drammen kommune.

Tillitsvald: – Allereie ein svært effektiv kommune

Laila Evensen er leiar av Fagforbundet i Drammen. Ho seier tenestene i dag er drivne godt. Både for tilsette og innbyggarar:

– Drammen kommune er ganske så effektivt drive i dag. Kommunen jobbar heile tida med å bli enno meir effektive og tenke annleis, seier ho og viser til KOSTRA-tal og oversikt over dei best drivne kommunane i landet. Evensen meiner at med privatisering er det stor fare for færre hender på dekk:

– Den effektiviteten vi har i Drammen dreier seg jo også om talet på folk på jobb. Når det skal privatiserast, sit ein tilbydar på toppen som skal tene pengar. Og då tenker eg: Er det då mindre folk dei skal tene pengar på å ha? Eller er det løna og pensjonsvilkåra til dei tilsette dei tener pengar på? 

PRIVAT?: Fagforbundet-medlem Petter Justad ryddar skog for Drammen kommune. I løpet av året blir det klart om det er han eller private som skal gjere denne jobben i framtida.

– Behald kontrollen

Leiaren av Fagforbundet i Drammen har denne oppmodinga til det politiske fleirtalet:

– Ønsker dei kontroll og styring, så beheld dei tenestene i eigen regi. Då vil dei få kontroll. Det er ikkje sånn at dei har noka form for kontroll viss tenestene er lagde ut på anbod. Då rettar ein seg til ein rammeavtale. Og ha med dykk hjartet i vedtaka de tar, fordi privatisering går utover nokon, seier Evensen. Tilsette som er over 55 år og som blir privatiserte risikerer dette: Fem år lenger i jobb og ein million kroner mindre i pensjon

Powered by Labrador CMS