Anbod
No risikerer reinhaldarar på biblioteket å miste ein million i pensjon og å jobbe fem år lenger
Åtte reinhaldarar ved Deichman Bjørvika er foreslått sett ut på anbod av Høgre og Venstre. Fire av dei risikerer å måtte jobbe fem år lenger og å tape ein million kroner i pensjon kvar.
Kluten til reinhaldar Pål Smievoll sklir langs eit rekkverk og fangar opp gråe støvkorn. Bak han sit rundt hundre unge menneske med auga i ein berbar PC, eller i ei bok med farga tusj i handa. Alle studerer til ein jobb ein gong der framme. Framtida til Smievoll og sju av kollegaene hans ved Deichman Bjørvika er no uviss.
– Urettferdig
Ein mann stoppar ved sidan av vasketralla til Smievoll og får augekontakt:
– Fem år etter at vaktmester-jobben min blei sett ut på anbod, blei eg sagt opp. Selskapet eg blei overført til tapte den neste runda med anbod, seier mannen som no jobbar ved Deichman-biblioteket i Oslo. Smievoll sjølv meiner Byrådet i Oslo er i ferd med å gjere ein feil:
– Min første tanke er at dette er urettferdig. Vi har verkeleg stått på. Vi har blitt fortalt og tatt det til oss at vi skal halde ein høg standard på reinhaldet. Vi har jo verkeleg stått på, alle desse åra. Heilt frå starten. Då vi tok over, så var det framleis ein byggeplass.
– Vi blei klappa fram
Oslo kommune er styrt av Høgre og Venstre, som sit i Byrådet eller byregjeringa. Dei har ein samarbeidsavtale med Frp. Saman med KrF har dei fleirtal og kan vedta konkurranseutsettinga. Reinhaldar Smievoll seier han og kollegaene gjekk ekstra steg for at det nybygde biblioteket skulle halde ope då covid slo folk i bakken:
– Under pandemien blei vi klappa fram. Vi gjorde ein kjempeinnsats. Vi heldt biblioteket ope der mange andre heldt stengt og sørgja for smittevern. Og blei sjølv smitta fleire gonger. Der ofra vi oss litt. Det er ein av grunnane til at dette kjennest urettferdig, deler Smievoll som er plasstillitsvald for Fagforforbundet og dei åtte reinhaldarane på Deichmann Bjørvika.
Kvar enkelt vil tape ein million i pensjon
Ein av grunnane til at Smievoll og kollegane føler at forslaget er urettferdig har med pensjon å gjere. Alle dei åtte reinhaldarane vil få dårlegare vilkår. Konsekvensane vil ramme hardast fire av dei åtte. Dei som er 55 år eller eldre. Dei vil miste rundt ein million kroner i pensjon kvar. Og måtte jobbe fem år lenger. Det fortel Steinar Fuglevaag som jobbar som spesialrådgjevar i Fagforbundet:
– Grunnen er at dei fire vil gå glipp av avtalefesta pensjon (AFP). Slik systemet er i dag, er kravet at du må ha jobba sju av dei siste ni åra i ei verksemd med AFP. Dei som er 55 år eller eldre rekk ikkje å jobbe lenge nok til å kunne få AFP om dei blir overført til eit privat selskap, seier Fuglevaag som er spesialist på pensjon og jobbar i Lov- og avtaleverksavdelinga i Fagforbundet.
Mistar særaldersgrensa
Smievoll står på kne og let handa som held ein støvklut fare raskt i ei hylle fylt av bøker ved golvet. Nokre sekund etterpå står han heilt ustrakt med handa høgt og støvtørkar ei hylle over hovudet. Reinhaldarar som jobbar offentleg har ein særalderspensjon. Den vil Smievoll og dei sju andre miste, om dei borgarlege går inn for konkurranseutsetting av dei åtte jobbane:
– Då vil dei miste særaldersgrensa. Reinhaldarar i kommunal sektor har særalderspensjon og rett på ein høgare pensjon tidlegare. Det har ikkje reinhaldarar i privat sektor. Særaldersgrense på 65 betyr at du har rett på ein høgare pensjon frå 62 år enn dei som har 70-årsaldersgrense. Du vil kanskje framleis ha moglegheit til å slutte tidleg dersom du får rett til AFP, også som privatansatt reinhaldar, men pensjonen blir dårlegare eller lågare enn han ville vore i offentleg sektor, seier Fuglevaag. Han seier vidare at det ikkje er alle selskap innan reinhald som verken tariff-avtale og AFP.
Mistar rett til uførepensjon
Smievoll og dei sju kollegaene har reint statistisk sett auka sjanse for å bli ufør. Fordi dei brukar kroppen både høgt og lågt, om igjen og om igjen. Kvar arbeidsdag. Pensjonsekspert Fuglevaag i Fagforbundet seier dei åtte også truleg vil miste ein annan rett om kroppen kastar inn handkledet før dei blir pensjonistar:
– Tradisjonelt i privat reinhald innanfor NHO har veldig få rett på uførepensjon. Dette er ei yrkesgruppe med veldig høg uførehyppigheit, og risikoen for uførheit er ganske stor. Då vil det vere eit stort potensielt individuelt tap ikkje å få rett på ein uførepensjon.
Vil spare ein million kroner
Byrådet grunngjev å konkurranseutsette dei åtte reinhaldarane med at dei seier det vil spare kommunen ein million kroner i året. Fuglevaag seier det meste av denne innsparinga er kutt i pensjonen til Smievoll og dei sju andre som alle er Fagforbundet-medlemmer:
– Over halvparten av sparinga til kommunen vil kunne vere direkte det at private selskapet betalar mindre i pensjon enn det offentlege. Kommunen sparar pengar på at dei tilsette får dårlegare pensjon.
Ristar på hovudet
Fagforbundet-medlem Smievoll held eit godt grep om det pilotliknande handtaket til vasketralla og rullar mellom bokhyller, snirklande neonlys i taket og unge som vil lese seg til ei god arbeidsframtid. Han ristar på hovudet over politikarane som han meiner set pengar over verdi:
– Sett at kommunen sparar pengar på å flytte deg og kollegaene over i eit privat selskap. Kva seier du til det?
– Er det verdt å minske kvaliteten på arbeidsmiljøet og servicenivået? Skal ein berre tenkjer pengar, eller skal ein også tenkje arbeidsmiljø og resultat?
– Kva legg du i det arbeidsmiljøet som du vil bevare?
– Vi jobbar fulltidsstillingar. Mange jobbar innan reinhald er akkord der du får ein viss sum etter kor fort du greier det. Her jobbar vi på ein annan måte der vi kan gjere ein nøyare jobb. Det er bra for oss reinhaldarar, då stressar vi så mykje heller, seier han legg til:
– Vi jobbar her på dagtid, ettermiddag og kveld. Vi er synlege og hjelper publikum som ofte kjem til oss med spørsmål. Vi er oppmuntra til å hjelpe dei besøkande og det gjer vi. Reinhaldarar er ikkje dei som har den høgaste løna eller høgaste utdanninga. Eg syns det blir urettferdig at dei skal spare pengar på denne gruppa. Det føler også fleire av kollegane mine på, seier Smievoll.
Takkar
Smievoll rullar vidare mellom rundt 250.000 bøker med tralla si. Han har rista på hovudet fleire gonger under intervjuet. Reinhaldaren får eit smil når han nemner kollegaene og andre organiserte:
– Vi har fått mykje god støtte og oppmuntrande ord. Det må eg takke Fagforbundet og kollegaer for. Det hjelper og er veldig fint for oss, fortel Smievoll. Det er opp til Frp og KrF om jobbane til dei åtte skal ut på anbod. Fagbladet kjem tilbake med spørsmål til blant andre ansvarlege politikarar.