Milliard-kutt i Oslo:
Ventar rekordmange overtalige neste år
Ingen har mista jobben i Oslo kommune grunna overtalighet dei siste ti åra, men: – Vi fryktar beskyttande avtalar kan ryke, seier Roger Dehlin, leiar i Fagforbundet Oslo som deler kva du skal gjere om du blir overtalig.
I starten av desember var 248 tilsette i Oslo overtalige. Det er rekordhøgt, og det vil bli fleire neste år. Då vil milliardkutta treffe kommunen for fullt:
– Den verkelege effekten av byrådet sine kutt har vi ikkje sett enno. Dei kjem i 2026. Det første du bør gjere om du blir overtalig er å ta kontakt med plasstillitsvald eller hovudtillitsvald, seier Roger Dehlin som er leiar av Fagforbundet i Oslo. Han legg til at dei tillitsvalde står klare til å kome med råd og vise veg.
Dette skjer når du blir overtalig
Per Egil Johansen leiar Fagforbundet sitt kompetansesenter i Oslo. Han fortel at Overtallighetsavtalen i kommunen har sikra at dei siste ti åra har ingen mista jobben grunna overtaligheit:
– Du får ein overtaligheitsattest. Alle overtalige skal meldast til Utviklings- og kompetanseenheten (UKE). Det er rett og slett fordi då har UKE oversikta over overtaligheita i kommunen. Alle stillingar som blir ledige, skal haldast ledige i ei veke. Sånn så får UKE moglegheita til å sjekke om det finst overtalige som er aktuelle for stillingar. Du har fortrinnsretten om det er ei ledig passande stilling, seier Johansen. Han fortel at vidare blir overtalige kalla inn til ein samtale for å finne ut om jobben passar.
Avtale kan ryke i 2028
Overtallighetsavtalen sikrar at dei tilsette har krav på løn i to år om dei blir overtalige. Johansen i kompetansesenteret i Oslo fortel at det er nettopp denne avtalen som kan ryke fordi byrådet vil gå over til ein KS-avtale:
– Då opphøyrer Oslo å eksistere som eige tariffområde. Så vil det vere hovudtariffavtalen i KS som då vil vere gjeldande med andre rettar. Det betyr at Overtalighetsavtalen vil vere i spel.
– Når kan eventuelt dette skje?
– Det er klart at eit skifte av ein tariffavtale skjer i eit hovudoppgjer. Og ein rekk ikkje det i 2026. Det vil eventuelt skje tidlegast i 2028, seier Johansen.
Fryktar kommune ikkje greier å handtere alle
Dehlin seier han trur Oslo kan slite med å finne ein jobb til alle når dei store kutta kjem:
– Vi kjem til å måtte omstille og kutte så mykje at vi fryktar at kommunen ikkje greier å handtere det, seier leiaren av Fagforbundet i Oslo. Han legg til at slik situasjonen er no, er Overtallighetsavtalen under press.
Vil gjere det lettare å sparke
Han likar også dårleg at dei borgarlege vil gjere det lettare å seie opp folk:
– Vi ser at dei politisk signaliserer at dei ønsker å prøve å omgå dei rettane folk har. For i budsjettvedlegget signaliserer dei at dei ønsker å lage prosedyrar som gjer det lettare å seie opp folk, seier Dehlin. Han meiner politikarane ikkje kan gå lenger enn avtaleverket:
– Dette er politisk og ikkje administrativt. Vi svarar at dette bryr vi oss ikkje mykje om, for vi har avtaleverket i Oslo kommune. Vi fryktar ikkje at det skal forsvinne, ved at politikarar ikkje kan vedta noko som er dårlegare enn avtaleverket. Men vi fryktar eit volum som gjer det vanskeleg å handtere, seier Dehlin.