Jubel over yrkesskade-grep: – Du vil bli mykje tryggare på jobben
Både ambulansearbeidarar og brannkonstablar jublar: Ei historisk forandring, seier både SV og Fagforbundet.
Utan at mange er klar over det, har det skjedd noko på stortinget som gjeld alle som jobbar i Norge: Før helga la regjeringa fram eit lovforslag som skal gjera det enklare for arbeidsfolk å få yrkesskadeerstatning.
No jublast det i fagrørsla, og i SV, som sto i bresjen for å presse Ap-regjeringa til å gå litt lenger enn dei opprinneleg foreslo.
– No har jo SV sitt forslag fått fleirtal. Ein samla fagrørsle har jobba det fram. Og regjeringa har endeleg levert på lovforslaget. Arbeidsfolk vil få eit heilt anna vern, om ein blir sjuk eller skada på jobben eller på øving, seier SV-leiar Kirsti Bergstø utanfor Stortinget.
Ho har nettopp gjeve ein raus klem brannkonstabel Lars Grimsgård og feira lovforandringa som vil gjelde alle dei tre millionar arbeidstakarane i Noreg.
Fekk ikkje erstatning av skade på jobb
Lars Grimsgård og hans kollegaer i brann og redning har vore særleg kritiske til regelverket som gjeld i dag:
– Vi har hatt ei hending der vi skulle sette opp skyvestige på oppdrag. Det er ein stor, tung og høg stige som vi brukar når vi ikkje kjem til med maskinstige eller lift. Vi må sette opp ein ganske lang stige for å kome til. Skyvestigen er viktig for å kunne evakuere folk. Under ei hending der var det ein tilsett som drog på seg ein ryggskade. Det medførte at mange i lang tid etterpå ikkje trente med skyvestigen, seier Grimsgård, som er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Oslo Brannkorpsforening.
Grunnen til at mange brannkonstablar slutta å øve på skyvestige, er at han som blei skadd, ikkje fekk yrkesskadeerstatning.
Brannkonstablane tok kampen heile vegen til Høgsterett, og tapte.
Fagforbundet: – Historisk siger
Dette fant blant andre Fagforbundet og SV seg ikkje i.
Fagforbundet-leiar Helene Skeibrok, som feira framfor Stortinget med SV og brann- og redningsarbeidarar, seier samarbeid har vore nøkkelen til forandring.
– Det er eit kjempehistorisk løft som viser at vi faktisk endrar lovverket i tråd med korleis samfunnet og arbeidslivet har endra seg dei siste 40 åra. Denne saka viser at det nyttar å stå saman og å vere organisert. Dette hadde ikkje ein enkelt tilsett kunne ha kjempa fram åleine. Her er det fagrørsla i kombinasjon av eit godt fagleg-politisk samarbeid som har ført fram. Eg er veldig glad for blant andre SV som har stått på og jobba hardt for dette, seier Skeibrok.
Pålagde å øve, men ikkje dekte av forsikring
Blant andre ambulansearbeidarar, tilsette i barnevern og brannkonstablar er pålagde å øve. Dei har ikkje fått yrkesskadeerstatning om dei blei skadde under øving eller trening. Systemet har også vore slik at om brannkonstablane har fått kreft grunna skadeleg røyk har dei måtte bevise at sjukdomen kjem frå jobben.
Alle på Stortinget einige om at reglane var dust
Den såkalla omvende bevisbyrden blir no snudd med dei nye reglane:
– Fram til no har du nesten måtta sagt kva brann du var til stades i. Og kva stoff du blei eksponert for og som var kreftframkallande i dei ulike brannane. Det er ei heilt umogleg oppgåve for ein arbeidstakar. Så her er det viktig at bevisbyrda no blir snudd, seier Fagforbundet-leiar Skeibrok.
SV sitt forslag om ny lov fekk støtte av eit einstemmig Storting.
Regjeringa kom nyleg med forslag til ny lov, som no skal ut på høyring.
Etter plana kjem dei nye reglane for yrkesskade på plass 1. januar neste år.
Gjeld også tunge løft i helse
Skeibrok understrekar at dei nye reglane også er godt nytt for dei mange tusen som jobbar i helse:
– Vi ser samtidig at kvinnene i helsesektoren som har fått skadar ved tunge løft på jobben, ikkje har vore dekte og fått yrkesskade. Denne endringa gjer at også dei kvinnedominerte yrka vil vere betre dekte, seier Fagforbundet-leiaren.
SV-leiar Bergstø kallar det gamle regelverket ein stor urett:
– Veldig mange skadar og sjukdomar har ikkje vore regna som yrkesskade, sjølv om det har veldig klar samanheng med nettopp utføringa av yrket. Det gjeld brystkreft for nattarbeidarar. Eller berre det å ha ein tryggleik når du er på øving, at du både kan øve realistisk og vite at du er varetatt om du blir skada på øving. Det har mykje å seie for beredskapen og for tryggleiken i samfunnet, seier SV-leiaren.
For ho har dei nye lovforslaget vore personleg. Far hennar jobba som frivillig brannmann.