Kristihimmelfartsdag:
Dette bør du ikkje gjere
Du kan vente deg ei saftig bot om du bryt heilagdagsfreden.
«For å verne om det gudstenestlege livet og den allmenne freden på heilagdagar og for å gi høgtida ro og verdigheit, skal det vere heilagdagsfred i samsvar med reglane i denne lova.»
Dette står i Lovdata om lov om heilagdagar og heilagdagsfred.
Så, kan ein klippe plenen om morgonen eller dure med sirkelsaga i garasjen?
Utilbørleg larm
På heilagdag frå kl. 00 til kl. 24 skal det vere heilagdagsfred som ingen nokon stad må forstyrre med utilbørleg larm.
Utilbørleg larm vil seie støy som er meir enn kva som er rett og rimeleg.
Dette inkluderer høge lydar frå festar, musikk, byggjearbeid, maskiner eller annan støy som forstyrrar roa og stillheita som vanlegvis er venta på heilagdagar.
Religiøse høgtider og seremoniar er ofte knytte til ei særskild ro og andakt. Forstyrringar, bråk eller annan uønskt aktivitet som hindrar gjennomføringa av religiøse seremoniar, kan reknast som brot på heilagdagsfreden.
Typiske døme på aktivitetar som bryt med heilagdagsfreden:
- Motorgressklippar
- Motorsag
- Vinkelslipar
- Høgtrykkspylar
- Anna støyande hagearbeid eller oppussing utandørs
Med andre ord er det nok best å la dei bråkete hagereiskapane bli liggjande.
Om ikkje kan du vente deg ei bot på 3000 kroner.
Politiet rykkjer stadig ut etter klagar frå naboar som følgje av brot på heilagdagsfreden. Sjølv om mange saker løysast med advarsel, utsendast det jevnleg forenkla førelegg om støyen er til sjenansje.
Arrangement
På heilagdag mellom kl. 06 og kl. 13 er det ikkje tillate å arrangere eller halde offentlege tilstellingar eller framsyningar, sportskonkurransar og idrettsstemner.
Dette forbodet gjeld ikkje for arrangement i regi av trus- og livssynssamfunn og kunstutstillingar.
Det kan gjerast unntak for arrangement som ikkje er meinte for å samle publikum, men igjen er det unødig larm som gjeld.
Alt som kan støye og forstyrre heilagdagsfreden, bør leggjast på vent.
Sal av varer
På heilagdagar skal faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar, halde stengt.
Men ingen regel utan unntak:
Utsalsstader som sel kiosk- eller daglegvarer, og som har ei samla salsflate som ikkje overstig 100 kvm, kan halde opent.
Dette betyr at dei større daglegvarebutikkane er stengde, men at den lokale Bunnpris- eller Jokerbutikken er open som vanleg.
Alkoholsalet er stengt slik det vanlegvis er på andre heilagdagar.
Meir informasjon
Du finn den fulle lovteksten i Lov om heilagdagar og heilagdagsfred på Lovdata. For meir praktiske råd om kva som er greitt overfor naboen, kan du lese guiden hos Huseigarane.