Skadd på jobben? Regjeringa lovar at fleire skal få erstatning
Dei er pålagde å øve på å handtere utagerande ungdom, men får ikkje erstatning om dei blir skadde. Regjeringa lovar nye reglar til våren.
Begge yrkesgruppene må handtere utagerande folk på jobben. Og begge er pålagde å trene på dei vanskelege situasjonane. I dag får politiet yrkesskadeerstatning om dei får varige skader under øving. Det gjer ikkje tilsette i mellom anna barnevernet.
Regjeringa: – Urimeleg
I eit tidlegare intervju med Fagbladet seier fleire tilsette i barnevernet at mange har slutta å øve på utagerande situasjonar. Eller trenar med mindre intensitet. No lovar Ap-regjeringa at det skal bli betre yrkesskade-dekning:
– Regjeringa meiner det er urimeleg at arbeidstakarar i yrke der det er vanleg med store påkjenningar sjølve må bere risikoen for skadar som er typiske for yrket. Difor har vi hatt på høyring eit forslag om å endre arbeidsulykkebegrepet i folketrygda. Vi foreslår å leggje meir vekt på faktisk risiko i yrket framfor å samanlikne med kva som er «usedvanleg», slik dagens yrkesskadereglar krev, svarar statssekretær Edvin Søvik (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
«Usedvanleg skade»?
Om tilsette innan dømevis barnevernet får ei skade som fører til grad av uføre, får dei ikkje yrkesskadeerstatning. Skal du få erstatning i dag, må skada kome frå ei ulykke. Hendinga må føre til ei påkjenning eller belastning som er «usedvanleg» på jobben. Fagbladet har mellom anna skrive om ein brannkonstabel som fekk ei alvorleg skulderskade under pålagd trening på jobben. I vinter tapte han i Høgsterett og fekk ikkje erstatning. Blant andre har Fagforbundet vore kritisk og meiner dette ikkje er godt nok.
Vil ha dekning for alle typar skader
Regjeringa og statssekretær Søvik lovar betring:
– Vi ønsker at alle skadar knytt til yrkesrisiko skal kunne reknast som yrkesskadar. Dette gjeld både skadar i samband med pålagd realistisk trening og øving med høg risiko – inkludert i barnevernet – og yrke der ein i det daglege arbeidet blir utsett for fare. Til dømes innan helse- og omsorgssektoren eller bygg- og anleggsbransjen.
Nytt forslag til våren
Statssekretær Søvik seier regelverket i dag er fleire tiår gamalt, og at Ap-regjeringa vil ta ansvar for oppdaterte reglar:
– Vi ønsker å gjere det meir rettferdig og betre tilpassa dagens utfordringar. Det føregår fleire prosessar i dette arbeidet, mellom anna forslaget om endringar i arbeidsulykkebegrepet. Ordninga har lenge vore kritisert av grupper som ikkje får gjennomslag for krav om erstatning når dei blir skadde på jobb, mellom anna tilsette i barnevernet, seier Søvik og legg til:
– Vi arbeider no med å ferdigstille eit konkret lovforslag om arbeidsulykkebegrepet, og tek sikte på å leggje det fram for Stortinget denne våren.