Barnevernsarbeidarar får ikkje erstatning om dei blir uføre av pålagd øving
Dei må handtere ungdommar som kan vere utagerande: – Heilt feil at politiet får yrkesskadeerstatning under øving og ikkje vi, seier tidlegare politimann som no jobbar i barnevernet.
Dei aller fleste ungdommane dei jobbar med er rolege. Men, barnevernstilsette Thomas Melby har opplevd vanskelege situasjonar:
– Politiet kjem godt beskytta. Når vi er på jobb, står vi der med to tomme hender og ei olabukse. Vi har ikkje noko anna enn vår eigen kropp når det skjer alvorlege situasjonar, seier Melby som er einingsleiar ved Lierfoss ungdoms- og familiesenter i Aurskog utanfor Oslo.
Trener på heftige situasjonar
Det store fleirtalet av ungdommar i barnevernet er snille og rolege, seier Melby. Samtidig er det eit lite mindretal som kan vere utagerande. Det er grunnen til at kurset og treningsprogrammet Trygghet og sikkerhet blei starta i Bufetat. Her lærer dei vaksne å roe ned og trygge ungdommane for å unngå utagering. Dei tilsette lærer også kva som må til om ikkje noko anna nyttar.
– Fleire har slutta øvinga
Når dei øver på slike krevjande situasjonar, kan ein bli skadd. Når politiet trener, får dei yrkesskadeerstatning. Det gjer ikkje dei tilsette i barnevernet. Det har fått konsekvensar:
– Vi har jo avdelingar i fleire regionar som har sagt at dei ikkje trener fysisk meir. Fordi dei ikkje er dekte av yrkesskadeforsikringa, seier Lars Standerholen som er hovudverneombod i Bufetat region Øst. Han seier vidare at dei fleste trenar framleis, men med mindre intensitet.
Pålagd å trene
Jan Alfred Borgenvik har saman med blant andre einingsleiar Melby vore med å utvikla og undervist i Trygghet og sikkerhet i Bufetat. Borgenvik har jobba 20 år i barnevernet og har bakgrunn som politi:
– Det er heilt feil at vi er pålagde denne treninga i arbeidstida. Samtidig som vi ikkje er tilstrekkeleg forsikra. Dette har dei løyst i politiet og bør løysast hos oss i barnevernet også, seier den spesialutdanna miljøterapeuten som er med i Fagforbundet. Forsikringa gjeld om dei får lette skader under trening på jobben, men ikkje om det blir skadar som fører til ei grad av uføre.
Tryggare med trening
Sverre Olsen er regiontillitsvald for Fagforbundet i Bufetat Øst. Han seier at trening med låg intensitet ikkje er det same:
– Vi treng å trene med høg intensitet. Roleg trening er vel og bra, men at det også er nødvendig å trene med høg intensitet. Dette må vi ha i fingrane, som alt anna ein øver og trener på. Denne treninga er svært viktig for tryggleiken vår, seier Olsen. Han, Melby, Standerholen og Borgenvik meiner at no må politikarane sikre full yrkesskadeerstatninga ved trening. Også for dei tilsette i barnevernet.