Ny EU-dom: Kommunar kan prioritere høgare løn i anbodsrundar

Det offentlege kan vekte høg løn minst like tungt som pris i anbodsrundar på helse og omsorg, slår ein fersk EU-dom fast. – Domen vil kunne gjelde for ganske mange bransjar, seier Halvard Haukeland Fredriksen, professor i EU-rett.

KOMMERSIELL VELFERD: Den ferske EU-dommen gjeld for tilsette i kommersiell velferd der tenestene er lagt ut på anbod. Det gjeld blant anna deler av eldreomsorgen og barnevern. Illustrasjonsfoto.
Publisert

Saken oppsummert

  • EU-domstolen har bestemt at høyere lønn kan brukes som et kriterium i offentlige anbud.
  • Dette kan føre til bedre kvalitet på tjenester ved å tiltrekke seg dyktigere arbeidskraft, mener EU.
  • Spørsmålet er om kommunene vil benytte seg av denne muligheten i praksis.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens og kvalitetssikret av Fagbladets redaksjon.

Kva har løna til heimehjelper i Ortuella kommune i Spania med løna til folk i Noreg å gjere? Ein god del, seier professor Halvard Haukeland Fredriksen ved Universitetet i Bergen.

Det dreier seg om ein rettsak der kommunen var klaga inn av arbeidsgivarorganisasjonen AESTE. Dei meinte kommunen sin politikk med å gje forrang i anbudsrundar til bedrifter med tariffavtale og høgre løn var ulovleg. 

AESTE meinte, kort oppsummert, at det var i strid med EU-regelverket å rangere ein anbudsrunde-aktør som betalte sine ansatte betre, over ein aktør som kunne tilby ei billegare teneste fordi lønsutgifta var lågre.

5. mars avgjorde EU-domstolen at det var feil.

– Domen vil kunne gjelde for ganske mange bransjar. Så lenge oppdragsgivar kan argumentere med at godt betalt arbeidskraft vil gjere ein betre jobb.

FAGMANN: Halvard Haukeland Fredriksen ved UiB har publisert ei rekkje forskingartiklar og skrive bøker om EU/EØS-rett.

EU: Høgare løn=høgare kvalitet

Den ferske EU-domen gjeld for dei som jobbar i privat kommersiell velferd. Eksempelvis i eldreomsorg, barnevern, omsorgsbustadar, heimehjelp og rusomsorg eksempelvis. 

Kort fortalt alle som har ein jobb som er lagt ut på anbod og der menneske jobbar med menneske. 

EU-domstolen har ein logikk som seier at om du betalar folk betre, får du tak i flinkare folk som som gjer ein betre jobb, og det vil truleg føre til betre tenester.

Halvard Haukeland Frediksen, professor i EU- og EØS-rett ved Universitetet i Bergen

Fredriksen, som blant anna har skrive ei fagbok om EØS-rett, forklarar domen slik:

– EU-domstolen har ein logikk som seier at om du betalar folk betre, får du tak i flinkare folk som som gjer ein betre jobb, og det vil truleg føre til betre tenester. 

Professoren underviser blant anna om EU og EØS-rett ved Universitetet i Bergen. 

I tillegg har han skrive omfattande om saksfeltet og han var med på EØS-utreinga som kom i 2024.  

Kan vektlegge høgare løn i anbod

I praksis betyr det at når det offentlege skal legge velferdstenester ut på anbod, kan det vere eit kriterium om at løna skal vere høgare enn vanleg tariffløn:

– Du kan gje utteljing for betre løns- og arbeidsvilkår enn tariff. Det offentlege kan vektlegge høgare løn i tilfelle kor det er grunn til å meine at det vil gje betre kvalitet. Domen avklarar at det i slike tilfelle er lov for ein oppdragsgjevar, til dømes ein kommune, å operere med lønnsvilkår som ein konkurranseparameter, seier Fredriksen.

Kan, men vil dei?

Fordi Noreg er med i EØS-samarbeidet, gjeld domen frå EU-domstolen også her. 

Fredriksen seier at det store spørsmålet er kva kommunane kjem til å gjere ved komadne anbodsrundar:

– EU-domstolen opnar eit handlingsrom her. Men, om kommunar vil bruke dette handlingsrommet. Og korleis leverandør vil svara på det? Det er ikkje juridiske spørsmål, det er politikk, seier professoren. 

Tanken bak domen er at i område og bransjar der ein slit med å få tak i folk, kan det offentlege krevje at dei tilsette skal få ei betre løn. For å sikre nok hender på dekk og høg kvalitet på tenestene.

Ser utfordringar for selskapa

Høgare løn kan vere gode nyheiter for nokon. Samtidig kan det by på utfordringar for leverandørar innan kommersiell velferd:

– Om du har ein stor leverandør som plutseleg må tilby betre vilkår for å vinne ein kontrakt i Ålesund. Då kan det fort skape problem internt når dei tilsette i Bergen og Trondheim lurar på korfor dei ikkje får like god løn. Eg trur store konsern i avgrensa grad vil tilby betre vilkår, seier Fredriksen. 

Den nye EU-domen slår i alle fall fast at det offentlege har lov til å krevje høgare løn når dei legg ut tenester på anbod. 

Powered by Labrador CMS