Feil i lønssystemet til 16.000 tilsette:
Hjelpepleiaren vakna blakk på lønsdagen

Eirin Nilsen fekk ikkje løn: – Eg vakna med seks kroner på kontoen og måtte ringe mor mi for bussbillett for å kome meg på jobb.

SJOKK: Eirin Nilsen er ein av mange tilsette i Kristiansand kommune som har fått feil og for lite utbetalt.
Publisert Sist oppdatert

Saka oppsummert

  • Kristiansand kommune har innført eit nytt lønssystem som har ført til økonomiske problem for tilsette.
  • Fleire har fått for lite utbetalt, spesielt i samband med ulempekompensasjon for kvelds- og helgearbeid.
  • Kommunen og selskapet Vivicta bak det nye lønssystemet jobbar med å rette opp feila.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens og kvalitetssikret av Fagbladets redaksjon.

Ho skulle eigentleg fått ei løn på 16.000 kroner torsdag 12. mars. I staden lyste talet opp i mobilbanken:

– Eg vakna opp til at det var seks kroner på kontoen. Då slo panikken litt inn. Det var veldig tungt, og eg sat der og visste ikkje korleis eg skulle kome meg på jobben i helga. Eg tenkte no er det min tur, seier Nilsen. 

Tre månader med for lite løn

Sidan januar har mange tilsette i Kristiansand kommune fått for lite i løn. Eller ikkje løn i heile tatt. Fagbladet skreiv tidlegare om arbeidarar som måtte pante flaskar for å kome seg på jobb. Dette fordi kommunen har hatt store problem med det nye IT-systemet for løn, levert av Tietoevry Tech Services (no Vivicta). Hjelpepleiar Nilsen fortvila då ho etterspurde løna:

– Eg ringde løningskontoret. Dei sa det kunne bli ordna fort eller kanskje i løpet av ein månad. Eg snakka med mor mi som kunne hjelpe meg med billett til bussen, slik at eg var sikra å kome meg på jobb. Heldigvis fekk eg pengar inn på konto fredag. Eg veit ikkje om det er riktig beløp, men eg kjem meg i alle fall på jobb.

– Eg er blant dei heldige

Nilsen jobbar på ein bustad i habiliteringstenesta i kommunen. Sjølv om ho fekk sjokk torsdag, har kollegaer større problem:

– Dei fortel at dei får ikkje heile løna og at dei ikkje får riktig tillegg. Nokre av dei har ikkje fått lønn. Når dei har fått tilbakebetaling, så har dei fått kanskje rundt halvparten. Eit par av mine kollegaer har hatt problem i nesten tre månader. Difor er eg ein av dei heldige som berre har fått for lite ein gong, seier Fagforbundet-medlemmen. 

– Må ordnast raskt 

Hjelpepleiar Nilsen er delvis ufør og jobbar 40 prosent. Ho seier at mange ikkje har ein buffer-konto, og at lønskaoset rammar dei spesielt:

– Lønssystemet har ført til unødvendig stress og bekymringar. Får ein løna? Kan vi betale rekningane? Kan vi gå i det barneselskapet? Dette må bli ordna fort, rett og slett, seier Nilsen. Kristiansand kommune skriv på nettsidene side at dei orsakar at dei framleis har problem med det nye lønssystemet. Og at dei køyrer ut fleire løner i veke tolv med den siste utbetalinga innan 19. mars

Kommunen orsakar

Kjell A. Kristiansen er direktør for Organisasjon og teknologi i Kristiansand kommune:

– Kommunen som arbeidsgivar er frykteleg lei oss for dette og orsakar på det sterkaste til alle tilsette. Vi skjønar at mange av dei har opplevd ei krise i kvardagen sin. Det vil vi frykteleg leie oss for, seier Kristiansen, som er medlem i Fagforbundet.

TESTA: Kjell A. Kristiansen er direktør for organisasjon og teknologi i Kristiansand kommune. Og Fagforbundet medlem. Han seier kommunen gjorde fleire runder med testing av det nye systemet og pilotprosjekt. Men at dei måtte ta i bruk systemet eitt år før plana.

Nytt system eitt år før plana

Direktøren seier at kommunen hadde eit gamalt IT-system for løn og hadde ei runde med anbod for å  skaffe ei ny og betre løysing:

– Den opphavelege plana var oppstart med det nye systemet 1. januar 2027. Då tidlegare leverandør sa opp avtalen eitt år tidlegare enn antatt, måtte kommunen fremskunde prosessen med overgang til ny leverandør, seier teknologidirektøren. Han seier vidare at kommune har oppretta ei ordning med hjelpetelefon for tilsette som ikkje har fått løna si. 

Mange system som skal snakke saman

Kristiansen seier at det er rundt 40 ulike system som skal snakke saman i den nye løysinga:

– Det har gjort at vi har fått frykteleg mange feilutbetalingar av lønn, spesielt på variable tillegg, men også folk som ikkje har fått det grunna to sidesystem. Det dreier seg om eit turnussystem og eit personalsystem, som ikkje fungerte som det skulle, seier Fagforbundet-medlemmen.

Første kommune med skybasert løysing

Kristiansen seier at kommunen ser for seg å fortsette med det nye systemet. Og at dei ventar at det vil fungere godt i løpet av våren:

– Vi er den første kommunen som tek i bruk dette systemet i ei skybasert løysing. Det er det som truleg er utfordringa til leverandøren. Den skybaserte løysinga har dei ikkje fått til å verke sånn som den skal, frå oppstarten hos oss, seier han og legg til:

– Det nye systemet er ei moderne plattform som erstattar utdaterte system og gjer det mogleg å ta i bruk ny teknologi som for eksempel kunstig intelligens. Dette vil blant annet styrke lønnsprosessen over tid.

Fagbladet har sendt epost og ringt til leverandøren Vivicta utan å få svar. Fagbladet kjem tilbake med spørsmål og svar frå Vivicta, om dei tek kontakt. 

Powered by Labrador CMS