Trygdeoppgjeret: 
Vil ha meir pengar til minstepensjonistane

Trygdeoppgjeret gjekk som venta, men Gerd Eva Volden håpar på ekstra tillegg til minstepensjonistar og uføre i det reviderte statsbudsjettet.

KRONETILLEGG: Gerd Eva Volden håpar på fleire ting i det reviderte statsbudsjettet. Blandt anna på eit kronetillegg til dei pansjonistane og uføre som får minst å rutte med.
Publisert Sist oppdatert

Frå 1. mai aukar regjeringa grunnbeløpet i folketrygda (G) med 4,91 prosent til 136 549 kroner. Dette er ein auke på 6389 kroner.

Alderspensjonane har ein auke på 4,69 prosent og trygd aukar med 4,91 prosent.

– Det gjekk som venta, men sjølve prosentresultatet vart noko meir enn det me trudde då det kom nye justering av prisveksten. Dette justerte prosentsatsen vår litt opp, seier Gerd Eva Volden, leiar av Fagforbundets pensjonist- og uføreutvalg.

Sjølv om pensjonistar og uføre får auka kjøpekraft som følgje av trygdeoppgjeret, er det ei gruppe Volden ynskjer får meir merksemd i det reviderte statsbudsjettet.

Minstepensjonistar og uføre

Volden fortel at for pensjonistar med grei pensjon er trygdeoppgjeret i utgangspunktet berre eit reknestykke. Altså gjennomsnittet av pris- og lønsvekst.

– Men for minstepensjonistar og uføretrygda under fattigdomsgrensa så er det ikkje like greitt, seier Volden.

Volden fortel at med eit prosentoppgjer, slik trygdeoppgjeret er, så får ein ikkje utlikna forskjellane på dei som får minst og dei som får mest.

Fagforbundets pensjonist- og uføreutvalg, saman med Pensjonistforbundet, håpar det vert gjort noko for å styrke dei som får minst.

– Me håpar no som drøftingane om det reviderte statsbudsjettet er i gong, at det vert lagt til eit kronetillegg som skal styrke dei pensjonistane og uføre som har minst å rutte med.

Lagt fram krav

Fagforbundets pensjonist- og uføreutvalg har lagt fram tre hovudkrav saman med Pensjonistforbundet og SAFO-organisasjonane.

Desse hovudkrava vart lagt fram før statsbudsjettet no skal reviderast.

Det første kravet handlar om å løfte minstepensjonistane ut av fattigdomsgrensa, noko Volden meiner ikkje let seg gjere med eit prosentoppgjer.

– Med prosentoppgjer vert gapet mellom dei som har mest og dei med minst berre større.

– Me håpar at det reviderte statsbudsjettet tek til seg forslaga våre om å løyse dette, legg ho til.

Det neste kravet er noko dei meiner kan vere ei løysing på problemet. Nemleg eit kronetillegg.

– Det må gis eit ekstra kronetillegg til dei som har lågare pensjonar for å sikre meir sosial profil på oppgjeret.

Det siste kravet handlar om at gjenlevandetillegget må oppjusterast med pris- og lønsveksten.

At gjenlevandetillegget ikkje skulle justerast på lik linje med øvrig pensjon, vart vedteke i 2024 og trådde i kraft 2025.

– Det er ikkje mange dette gjeld for, men for nokre kan dette beløpet sørgje for at dei kan halde hovudet over vatnet. Me meiner at dette skal regulerast på lik linje med øvrig pensjon, og ikkje stå på stedet kvil sånn som no, seier Volden.

Under fattigdomsgrensa

Sjølv om grunnbeløpet (G) stig med 6389 kroner, er Volden framleis bekymra for pensjonistar og uføre som må leve under fattigdomsgrensa.

– Ein kan tenkje om ein sjølv hadde ei årsinntekt på om lag 270 000 å leve på i dag med dei kostnadane og den prisveksten. Folk har dei same utgiftene enten du har mykje eller lite i lommeboka.

Auke i grunnbeløpet

Sjølv om Volden meiner lite skjer i trygdeoppgjer for å utlikne forskjellane, er det bra at ein i år får betre kjøpekraft. 

– Auka i grunnbeløpet på 6389 kroner i er sjølvsagt til hjelp for dei som har minst. Resultatet i trygdeoppgjeret er jo noko me har kunna føresjå, og det er sjølvsagt gledeleg at det vart noko meir enn venta, seier Volden.

Powered by Labrador CMS