Trygdeoppgjøret er i gong: 
Så mykje kan pensjonen stige

Fasiten får me først 20. mai, men allereie no kan ein anslå kva auka kan bli.

PROGNOSE: Pensjonistforbundet sine prognosar for trygdeoppgjøret og dei viktigaste datoane framover.
Publisert Sist oppdatert

Stortinget har vedteke at den årlege pensjonsaukaen skal skje i takt med gjennomsnittet av lønnsvekst og prisvekst.

Det endelege svaret på kva pensjonsauken blir, får me først når oppgjeret er gjennomført 20. mai. Likevel kan ein anslå kva auken kan bli.

Prognosen

Prognosen gjeld årets auke i alderspensjonen frå folketrygda. Han er basert på eit reknestykke der ein tek utgangspunkt i gjennomsnittet av løns- og prisvekst.

Dette er prognosen frå Pensjonistforbundet:

  • Auka pensjon frå 1. mai 2026: 4,69 prosent 
  • Årsvekst i pensjon: 4,37 prosent 
  • Når pensjonen aukar med 4,69 prosent 1. mai, vert pensjonen 4,37 prosent høgare i 2026 enn i fjor. 

Den auka pensjonen vert utbetalt av Nav 19. juni, med etterbetaling for mai.

Bakgrunn for tala

Prognosen er basert på desse tala:

  • Lønsvekst: 4,4 prosent
  • Prisvekst: 3,5 prosent

Prognosen tek også omsyn til avvik frå 2025, som skal korrigerast i årets oppgjer. 

I trygdeoppgjeret i 2025 vart det lagt til grunn ein venta lønsvekst og prisvekst som viste seg å vere lågare enn den faktiske løns- og prisveksten.

  • Lønsvekstavvik: +0,5 prosentpoeng
  • Prisvekstavvik: +0,3 prosentpoeng

Desse avvika bidreg til å trekkje opp pensjonsreguleringa i 2026.

Datoar

Dette er datoane for trygdeoppgjeret 2026:

  • 18. mai: Trygdeoppgjeret er i gang. Pensjonistforbundet og dei andre organisasjonane som deltek, og legg fram krava sine til regjeringa. I møtet skal det også vurderast om det ligg føre «særlege forhold» som har påverka lønsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved utrekninga av lønsveksten.
  •  20. mai: Trygdeoppgjeret vert avslutta. Årets auke i pensjon, uføretrygd og grunnbeløpet vert presentert.
  • Tidleg i juni: Regjeringa sender stortingsmelding om regulering av pensjonar i 2026 og inntektsforholda til pensjonistar til arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. 
  • Midten av juni: Stortinget gjer endeleg vedtak om oppregulering av alderspensjon, minstepensjon, garantipensjon, uføretrygd og grunnbeløpet.
  • 19. juni: Nav utbetaler oppregulert pensjon, inkludert etterbetaling for mai månad.

Privat sektor

Tenestepensjon frå privat sektor, slik som innskotspensjon og ytingspensjon, har som regel ikkje nokon faste reguleringsreglar. Likevel vil den auke avhengig av avkastinga på pensjonen.

AFP (avtalefestet pensjon) frå privat sektor blir oppregulert, og prognosen vår viser:

  • Vekst i livsvarig del av AFP frå privat sektor frå 1. mai 2026: 4,12 prosent 

Merk at AFP frå privat sektor òg kan bestå av eit kronetillegg og eit kompensasjonstillegg som ikkje blir oppregulerte. 

Oppgjer utan forhandlingar

Pensjonistforbundet har ikkje hatt forhandlingsrett med staten i trygdeoppgjeret sidan 2011.

Reguleringa av pensjon og trygd vert kvart år vedteke av regjeringa.

Pensjonistforbundet overrekker likevel sine krav til regjeringa, sjølv om oppgjeret ikkje avgjerast med forhandlingar som i andre lønsoppgjer.

I trygdeoppgjeret er det difor ingen reelle forhandlingar om pensjons- og trygdeauke, men såkalla drøftingar.

Pensjonistforbundet har lenge uttrykt at trygdeoppgjeret er eit usosialt inntektsoppgjer, og krev difor at auken av pensjon skal avtalast gjennom lønnsforhandlingane.

Powered by Labrador CMS