Pensjonist eller trygda? Her er resultatet frå trygdeoppgjeret
Regjeringa aukar grunnbeløpet i folketrygda med 4,91 prosent til 136.549 kroner. Her kan du sjå kva det vil få å seie for din pensjon eller trygd.
Regjeringa la onsdag fram årets trygdeoppgjer.
Dette oppgjeret avgjer inntekta til over éin million alderspensjonistar, rundt 375.000 uføre og fleire andre som får ytingar frå Nav.
Auken i grunnbeløpet vert på 6389 kroner, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Resultat
Årets resultat betyr følgjande:
- 4,69 prosent auka pensjon frå 1. mai 2026.
- Ein årleg pensjon som er 4,37 prosent høgare i 2026 enn i 2025.
- Uføretrygd og andre trygdeytingar for personar under 67 år aukar med 4,91 prosent frå 1. mai.
- Grunnbeløpet er per 1. mai 2026 på 136.549 kroner - ein auke på 6.389 kroner frå i fjor.
Frå 1. mai aukar regjeringa grunnbeløpet i folketrygda (G) med 4,91 prosent til 136 549 kroner og alderspensjonar under utbetaling med 4,69 prosent. Med ein venta prisvekst på 3,5 prosent gir det både pensjonistar og trygda auka kjøpekraft i 2026.
Når grunnbeløpet vert heva, aukar ytingane tilsvarande. Endringa gjeld frå 1. mai kvart år.
Ny alderspensjon
Når alderspensjonistar får ein auke på 4,69 prosent i pensjonen, får dei også auka kjøpekraft. Det betyr at inntektene aukar meir enn prisane.
Det er venta at prisane vil auke med 3,5 prosent i 2026.
Dette blir ny pensjon viss han var 20.000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 20.938 kroner frå 1. mai.
- Det er 938 kroner meir per månad og 11.256 kroner meir i årleg pensjon.
Dette blir ny pensjon viss han var 25.000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 26.173 kroner frå 1. mai.
- Det er 1.173 kroner meir per månad og 14.076 kroner meir i årleg pensjon.
Dette blir ny pensjon viss han var 30.000 kroner i månaden i april i år:
- Auke med 4,69 prosent til 31.407 kroner frå 1. mai.
- Det er 1.407 kroner meir per månad og 16.884 kroner meir i årleg pensjon.
Minstepensjonist med full trygdetid fødd i 1953:
- Årleg pensjon er i dag på 279.933 kroner.
- Aukar med 13.129 kroner til 293.062 kroner.
Ny uføretrygd
- Ordinær sats: 318.023 kroner (2,329 G, lever saman med ektefelle eller sambuar), ein auke på 14.880 kroner.
- Ordinær sats for ung ufør: 369.911 kroner (2,709 G, lever saman med ektefelle eller sambuar), ein auke på 17.308 kroner.
- Høg sats: 345.332 kroner (2,529 G, einsleg uføretrygda), ein auke på 16.157 kroner.
- Høg sats for ung ufør: 404.048 kroner (2,959 G, einsleg uføretrygda), ein auke på 18.905 kroner.
Nytt minste pensjonsnivå
- Låg sats 209.531 kroner (ektefellen har pensjon), ein auke på 9.387 kroner.
- Ordinær sats 242.509 kroner (ektefellen har uføretrygd eller inntekt over 2 G), ein auke på 10.864 kroner.
- Høg sats 255.191 kroner (ektefellen har inntekt under 2 G), ein auke på 11.432 kroner.
- Særskild sats 293.062 kroner (einsleg pensjonist), ein auke på 13.129 kroner.
- Særskild sats 397.215 kroner (ektepar, forsørgjer ektefelle over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg), ein auke på 17.795 kroner.
Når kjem pengane?
Utbetalinga av den auka pensjonen, inkludert etterbetaling for mai, kjem 19. juni.
Medan veksten i pensjonane vert regulert etter gjennomsnittet av regjeringa sine anslag for løns- og prisvekst, får mottakarane av trygdeytingar ei auke tilsvarande lønsveksten.
No som trygdeoppgjeret er ferdig drøfta, skal resultatet behandlast i Stortinget. Det har vore vanleg praksis sidan 2021.
Stortinget gjer endeleg vedtak om oppregulering av alderspensjon, minstepensjon, garantipensjon, uføretrygd og grunnbeløpet i folketrygda (G) i midten av juni.
Fagforbundet
Leiaren i Fagforbundet, Helene Skeibrok, uttrykte i går overfor Fagforbundet eit ønske om at pensjonistane som har minst å rutte med, òg fortener å halde følgje når levekostnadene stig.
– Dette handlar om meir enn tal og prosent. Det handlar om tryggleik, verdigheit og moglegheita til å leve gode liv, seier leiaren i Fagforbundet, Helene Skeibrok.
Årets trygdeoppgjer er avgjerande for tusenvis av menneske. Både dei som har bidrege gjennom eit langt arbeidsliv, og dei som av helsemessige grunnar ikkje har hatt moglegheit til det. Over 140.000 pensjonistar og uføre er medlemmer i Fagforbundet.
Stigande levekostnader
Fagforbundet er tydelege på at ingen skal oppleve å få dårlegare råd fordi prisane aukar. Difor kjem dei no med ei fråsegn i samband med trygdeoppgjeret.
– Når levekostnadene stig, må også inntektene gjere det. Pensjonistar og uføre skal ikkje tape kjøpekraft, seier Skeibrok
Fattigdomsgrensa
I dag lever altfor mange pensjonistar og uføre med så låge inntekter at dei hamnar under EUs fattigdomsgrense. Det betyr at heilt vanlege utgifter til bustad, straum, mat og helse kan bli vanskelege å dekkje.
– Det utfordrar både tryggleiken for den enkelte og tilliten til velferdsstaten, fortel Skeibrok.
Redusere skilnader
Fagforbundet krev difor eit tydeleg og målretta løft for dei med dei lågaste pensjonane.
Eit slikt løft vil bidra til å redusere skilnader og gi fleire økonomisk tryggleik i kvardagen.
– Alle pensjonistar og uføre skal ha moglegheit til å leve eit verdig liv, med rom for sosial deltaking, føreseielegheit og tryggleik.