Massiv motstand mot kuttplanane:
– Hjarterått og uansvarleg
Torsdag kjem truleg domen om tiltaket får leve. Ap, SV, Raudt og KrF vil stoppe nedlegging av tilbodet som har fått hundrevis av unge frå NAV til fast jobb.
Ei tatovert hand blir strekt ut:
– Takk for at de tek turen, seier Fagforbundet-tillitsvalde Geir Braathen ved APRO.
Handa hans blir møtt av neven til Jon Reidar Øyan, bystyremedlem for Oslo Ap:
– Det er vi som skal takke for jobben de gjer, seier han og får anerkjennande nikk frå Siavash Mobasheri i Oslo Raudt og Omar Samy Gamal i Oslo SV. Dei tre politikarane er på besøk hos APRO fordi dei ønsker å redde tiltaket frå kuttkniven som kan vere nokre timar unna.
Byråd Ferskaug vil ikkje svare
Tidlegare skreiv Fagbladet om unge i Oslo som fryktar fleire vil ende i rus, fengsel, utanfor arbeidslivet og på NAV om APRO blir kutta. Byregjeringa har bedt etatane i Oslo å kome med kutt-forslag. Velferdsetaten har blant anna føreslått å legge ned ungdomstiltaket APRO. No tek fire parti til orde for å berge arbeidstiltaket. Fagbladet har sendt spørsmål til alle partia i Oslo bystyre. Til no har SV, Ap, KrF og Raudt svart. Alle vil bevare APRO. Raudt og Siavash Mobasheri har stilt spørsmål til Venstre-byråd Julianne Ferskaug som til slutt saman med Frp og Høgre er dei som avgjer om tiltaket skal fortsette eller ikkje. Fagbladet har også sendt byråden spørsmål. Ingunn Rakstad Eck er spesialrådgjevar i Byrådsavdelingen for sosiale tjenester og svarar på epost at byråd Ferskaug ikkje vil uttale seg om APRO:
"Det er ikkje naturleg at byråden uttaler seg i saka sidan dette handlar om prioriteringane til Velferdsetaten innanfor eigne budsjett. Byrådet sitt budsjettframlegg er dessutan heller ikkje vedteke enno".
7000 unge utanfor arbeid og utdanning
I tillegg til 10-12 unge deltakarar jobbar det tre arbeidsleiarar og ein avdelingssjef ved APRO. Dei tre arbeidsleiarane som risikerer å miste jobben, er Fagforbundet-medlemmar. Jon Reidar Øyan i Oslo Ap meiner ein statistikk gjer det ekstra ille å legge ned tiltaket. Over 7000 mellom 15 og 24 år er verken i utdanning eller arbeid i hovudstaden:
– Vi trenger å styrke innsatsen retta mot desse, då blir det helt feil medisin av Høgrebyrådet å kutte APRO. Høgrebyrådet må slutte å prioritere skattekutt til dei med dei dyraste bustadane, framfor gode ordningar for innbyggarane i byen vår, seier Øyan som er fraksjonsleiar for Helse og sosial for Ap i Oslo bystyre. Ap, SV og Raudt er alle imot kuttet på elleve millionar kroner i Velferdsetaten i Oslo og har sett av pengar til dette dei alternative budsjetta sine.
– Hjarterått kutt
Siavash Mobasheri er leiar av Oslo Raudt og er opprørt over kutt-forslaget:
– Vi meiner det er heilt uforståeleg og djupt uansvarleg. I over 30 år har APRO gitt unge moglegheita til å meistre arbeidslivet, få lærlingplass, fullføre utdanning og kome seg vidare i livet. Å leggje ned eit så vellukka tiltak – for unge som ofte fell mellom alle stolar – er ikkje berre uklokt. Det er hjarterått, seier Mobasheri som er nestleiar av Helse- og sosialutvalget i Oslo bystyre. Han legg til at kuttet vil bli dyrare for kommunen:
– Dette er eit tiltak som sparar kommunen for pengar og som gjev unge ein reell sjanse i arbeidslivet.
– Skyt seg sjølve i foten
Omar Samy Gamal er tidlegare byråd (minister i byregjeringa) i Oslo og kritisk til at leiinga i Velferdsetaten foreslår å legge ned APRO. Og at verken Høgre eller Venstre som sit i byregjeringa vil berge tiltaket:
– Det er heilt feil prioritering fordi APRO løner seg for samfunnet og er uvurderleg for dei som er med på det. APRO burde førast vidare. Høgre skyt seg sjølv i foten. Dette er eit heilt unødvendig kutt – byrådet kuttar fordi dei vil, ikkje fordi dei må. Høgrebyrådet tenkjer svært kortsiktig; dei kuttar i rimelege lågterskeltilbod og ignorerer at det blir dyrare i andre enden, seier Gamal og viser at unge som fell utanfor må få støtte frå NAV. Pengar som det er kommunen som må betale.
Krf-støtte
Øyvind Håbrekke er KrF sin einaste representant i Oslo bystyre. Byregjeringa som består av Høgre og Venstre, er avhengige av støtte frå blant andre Krf. Håbrekke vil verne APRO:
– KrF er opptekne av eit inkluderande arbeidsliv, og har i tidlegare budsjettforhandlingar med byrådspartia sikra meir til ungdomsjobbar, arbeidsaktivitet for menneske med både tidlegare og aktiv rusmiddelavhengigheit i regi av ideelle organisasjonar. I tillegg tilbod for unge som står utanfor arbeid og opplæring. Vi meiner at tilbod som gir meistring, tilhøyrsle og utvikling, slik som APRO, er viktige, og håpar at tilbodet blir vidareført, seier KrF-representanten.
Blir truleg avgjort torsdag
Torsdag 11. desember er det bystyremøte for budsjett i Oslo. Der blir det avgjort om APRO skal fortsette eller bli lagt ned. Både Gamal i SV, Mobasheri i Raudt og Øyan i Ap meiner dei planlagde kutta til både Uteseksjonen, Pro Sentret og APRO i Oslo er unødvendige. Dei viser til at regjeringa og partia som blei einige om statsbudsjettet har sikra Oslo ein halv milliard ekstra kroner. Fagbladet har til no ikkje fått svar frå MDG, Frp, Høgre, Partiet Sentrum og ein uavhengig representant om dei vil kutte eller bevare APRO. Fagbladet vil sende nye spørsmål til desse partia og kjem tilbake med om dei svarar eller ikkje.