Lei av IT-system som er seigare enn sirup? Det kan du forandre
Er du frustrert over noko på jobben som tungrodd kastar vekk tida di? Er du redd for å miste jobben til automatisert KI? Det kan du sjølv gjere noko med, seier Trond Finstad i Fagforbundet. Han er klar med ny guide.
Du har eit treigt system på jobben din som gjev deg grå hår og sinnarynke i panna berre nokon seier namnet. Jobbar du i kommunen, fylke eller ein annan stad i det offentlege? Då er det faktisk ganske mykje du kan gjere:
– Vi skal ikkje berre vere passive. Vi kan ha handa på rattet og kome med forslag som gjer at ein tek i bruk teknologi på ein betre måte, seier Trond Finstad.
Han sit i leiinga i Fagforbundet med ansvar for Yrkesseksjon kontor og administrasjon.
Slik kan du forandre
Og det handlar ikkje berre om å si nei til alt som er nytt. Er du fagforeiningsmedlem og ser noko som ikkje fungerer eller som kan bli betre, har du mange moglegheiter til å snu nyvinninga til din fordel.
Ser du eksempelvis at her kan smart bruk av KI gjere jobben lettare? Eller at det finst eit system som er mykje meir effektivt?
– Då kan du ta kontakt med næraste tillitsvalde, kome med forslag og så kan den tillitsvalde ta med dette vidare til leiinga. Det kan bli sett ned ei styringsgruppe og arbeidsgruppe der tillitsvalde og leiinga sit saman og blir einige blir om korleis ein kan innføre det nye og betre systemet, seier Finstad.
Konstruktiv kraft
Staten har store ambisjonar om å bruke ny teknologi, inkludert kunstig intelligens, i offentleg sektor. På grunn av Hovudavtalen og ordninga om medbestemming har medlemmar og tillitsvalde store moglegheiter til å vere ei konstruktiv kraft på jobben og kome med initiativ, fortel Finstad.
Det er bakgrunnen for at Fagforbundet saman med KS og blant andre LO kommune har kome med guiden En god start.
Veiledaren viser korleis medlemmar og tillitsvalde kan bruke stemmen sin på jobben. Mange er ikkje klare over kor stort rom fagforeiningsmedlemmer har, seier Finstad:
– Dette er ei stor moglegheit for å vere med på å endre arbeidskvardagen sin, ved å ta aktiv del i digitaliseringsprosessane, seier han.
På ein plass der han jobba før, hadde dei ein boks der tilsette kunne skrive ein lapp med idear og forslag.
– Systemet for medbestemming er ei moderne forslagskasse. Her skal vi ta i bruk ny teknologi, bli med på dugnaden for å få brukt teknologien på best mogleg måte, seier seksjonsleiaren.
Kan også protestere
I tillegg til å kome med forslag, kan medlemmar og tillitsvalde kome med innvendingar eller vende tommelen ned i partssamarbeidet.
Tillitsvalde kan delta i styringsgrupper, arbeidsgrupper, referansegrupper og testgrupper:
– Den nye guiden forklarar verktøyet som legg til rette for at ein kan få gjennomført dei gode prosessane. Dei tilsette blir tekne med som gode sparringpartnarar for å ta i bruk ny teknologi, seier Finstad.
Makta er ikkje ubegrensa. Det er til slutt arbeidsgjevar som endeleg bestemmer kva system som skal kome. Men tilsette har ein rett til å kome med forslag, innspel, bli informerte og tekne med på drøfting.