Arbeidaranes dag: 
Framleis ein viktig kampdag?

Burde 1. mai avviklast som fridag? Dette meiner eit knippe engasjerte personlegdomar og politikarar om kampdagen.

DEBATT: Arbeiderenes dag har vore offentleg høgtidsdag sidan 1947. No er fridagen oppe for debatt med KrFU-leiaren i spissen.
Publisert Sist oppdatert

Saken oppsummert

  • KrFU-leiar Ingrid Oline Hovland foreslår å avvikle 1. mai som nasjonal fridag.
  • Ho meiner ressursane kan brukast betre på å styrke vanlege folks arbeidsdag.
  • Forslaget møter motstand frå både moderpartiet KrF og andre politiske røyster.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

Det er fyrste mai, arbeidarane sin dag og mange kringom i landet har fri.

1. mai er arbeidarane sin internasjonale kampdag, og har vore ein lovfesta offentleg høgtidsdag sidan 1947.

Dagen er òg ein internasjonal demonstrasjonsdag for arbeidarrørsla. I gatene ser ein gjerne at arbeidar- og fagrørsla arrangerer demonstrasjonstog og talar.

I kjølvatnet av årets 1. mai-feiring har det midlertid dukka opp ein debatt med KrFU-leiar Ingrid Oline Hovland i spissen:

Burde 1. mai avviklast som nasjonal fridag?

Utspelt si rolle

 – I dag blir dagen brukt av Arbeidarpartiet og LO til å stå på Youngstorget og fronte sin politiske agenda som ikkje har noko med arbeiderrettar å gjere. skriv Ingrid Olina Hovland, leiar i KrFU til Fagbladet.

Allereie i 1890 blei den fyrste 1. mai-feiringa gjennomført i Noreg.

Dagen vart innført som ein lovfesta fridag av Vidkun Quislings regjering i april 1942. Lova vart oppheva i 1945, men i 1947 vart dagen atter ein gong innført som offentleg høgtidsdag og lovfesta fridag i Noreg.

KrFU-leiaren understrekar at arbeiderrørsla har gjort mykje viktig for å sikre arbeidarrettar, men peikar på at tida dette var ei brei folkebevegelse, er forbi.

– Arbeiderpartiet og LO må gjerne demonstrere for sine politiske meiningar kvar dag heile året. Spørsmålet er om det skal vere ein fridag, eller om vi skal bruke ressursane på å betre vanlege folks arbeidsdag, legg ho til.

POLITISK: Ingrid Olina Hovland meiner dagen har blitt ein dag for politiske markeringar på venstresida. Ikkje for arbeidarane.

Frigjere midlar

    Då store bededag vart kutta som fridag i Danmark i 2024, rekna den danske regjeringa ut at endringa vil gi 3,2 milliardar danske kroner ekstra i statskassa kvart år.

    Inspirert av dette, meiner Hovland at staten kan spare omlag tre milliardar kroner i året på tiltaket.

– Dette er i teorien nok til å kunne tilsette for eksempel 3.700 fleire sjukepleiarar. Politiet slit også med å halde takt med kriminalitetsutviklinga. Kanskje kunne midlane blitt brukt til auka bemanning her, seier Hovland

 Kritikk frå moderpartiet

Moderpartiet KrF er ikkje på bølgelengde med Ungdomspartiet, og fleire KrF-politikarar har sagt seg ueinige med KrFU-leiaren.

KrFU opna debatten med eit innlegg på Facebook. Nikolai Skogan i Tromsø KrF kommenterte følgjande:

– Meiner de verkeleg at rørsla som har kjempa fram alt dette ikkje fortener å bli feira?

– Kva tenkjer du om kritikken frå KrF?

– Me er eit parti med stor takhøgde og rom for diskusjon. Det er bra!

    – Korleis skal du markere dagen?

– I år skal eg i utdrikningslag til ei venninne!

Prinsipplaust

Astrid Meland, politisk kommentator i VG, skriv til Fagbladet at det framleis er mange viktige kampar som står att, og at det arbeiderbevegelsen har oppnådd, også har kome KrFUarar til gode.

KAMPDAG: Meland tykkjer arbeiderenes dag er ein fin dag av mange grunnar, men peikar på at det framleis er ein kampdag.

På spørsmål om kva ho tenkjer om utsegnet til Hovland, svarar ho:

– Det er idiotisk og prinsipplaust, men det fungerte for å få merksemd.

– Tenkjer du dagen burde halde fram som nasjonal fridag?

– Ja, hundre prosent! Oljelandet Noreg skal ikkje gå i retning mindre fritid og ferie, tvert om. Den auka velstanden er det betre å veksle inn i meir fri enn feit bil og båt.

– Korleis skal du markere dagen?

– Det blir ein av dei herlegaste vårdagane på Nordmøre kor alt spirar og spretter, ei påminning om kor heldige me er som bur her. Vi skal ikkje spreie møkk, men kanskje plommetreet får ein diskre spade med hestemøkk godt og stille plassert rundt stammen. 

Viktig dag

– Eg tykkjer første mai er ein heilt fantastisk dag, seier programleiar og komikar Sigrid Bonde Tusvik.

Ifølgje Tusvik gir dagen høve til å rette merksemda mot arbeidstakarrettar og andre viktige kampsaker.

– Tenkjer du dagen burde halde fram som nasjonal fridag?

– Me treng første mai og det bør vere ein fridag, alltid. Det er den svake, som har minst å rutte med, som kjempar dei største og viktigaste kampane. Det er sjeldan dei rike som flyttar verda riktig veg. Det er det arbeiderane som gjer, seier Tusvik

– Eg er for streik og for 1. mai. Det er viktig at me nyttar annledningen til å snakke om arbeidarane sine rettar og andre viktige saker, legg ho til.

– Korleis skal du markere dagen?

– Eg plar alltid å gå i 1. mai-tog saman med barna.

PODCAST: Sigrid Bonde Tusvik er blant paneldeltakarane som gjestar den første sesongen av FriFagbevegelse sin nye podkast «Ikke si det til sjefen».

Ein dag for arbeidarane, ikkje AP og LO

– 1. mai er ein viktig dag fordi det er arbeidarane sin dag. Me er eit parti som kjempar for at nettopp vanlege arbeidsfolk skal få så gode kår som mogleg, skriv FrPs simen Velle i ein e-post til Fagbladet. 

Sjølv om FrP gjerne nyttar dagen på å feire arbeidarane, peikar han på det same som Hovland:

– For meg er dag ein god anledning til å minne veljarane om at denne dagen er til for lønnsmottakarane, ikkje for Arbeidarpartiet og LO, legg han til.

FEIRING: Simen Velle tykkjer dagen er ein fin anledning til å feire arbeidarane, men peikar noko av den same problematikken som Ingrid Olina Hovland.

Velle skriv så at Frp ønskjer mellom anna å redusere skattane, styrkje skulen, gjere det enklare for fleire å eige eigen bustad og leggje til rette for fleire arbeidsplassar gjennom meir konkurranse og valfridom i offentlege tenester.

– Alt dette står Ap-regjeringa i vegen for, og eg håpar at arbeidsfolk får det med seg.

– Tenkjer du dagen burde halde fram som nasjonal fridag?

– Kva dagar som burde vere raude dagar er ikkje så stor kampsak for FrP, men me i FrP brukar gjerne anledninga til å feire arbeidsfolk. Me vil at et meisterbrev skal være like prestisjefylt som ein mastergrad.

– Korleis skal du markere dagen?

– Då skal eg på FrPs landsmøte.

Eit sikkert vårteikn

– 1. mai er viktig for meg. Då får eg vere saman med vener og markere det som er viktig for oss. Og ikkje minst, dei viktige kampane folk har kjempa før oss, seier Sandra Edith Tenud i sentralstyret i AUF.

– Tenkjer du dagen burde halde fram som nasjonal fridag?   

– Eg tenkjer vel ikkje på 1. mai som ein fridag, men meir som ein kampdag som folk har kjempa fram for at dei skal få fri frå jobben til å heve stemma si for det som er viktig for dei. Fyrste mai er framleis ein viktig dag.

Sandra Edith Tenud er ikkje overraska over utsegnet frå KrFU-leiaren, men ser fram til å bruke dagen på å markere eigne kampsaker saman med gode vener.

På spørsmål om kva ho tenkjer om utsegnet til Hovland, svarar ho:

– Det er eit sikkert vårteikn når høgresida kjem og skal angripe 1. mai. Det er ingenting nytt. høgresida har alltid angripe arbeidsfolks dag. 

Men dette skal ikkje vere fokuset for Sandra på sjølve dagen. Sjølv fortel ho at ho skal bruke tida med venar, kjempe for bedre rettar i arbeidslivet, stå opp for eit fritt Palestina og ta likestillingskampen vidare i Noreg.

– Korleis skal du markere dagen?

– På 1. mai skal eg på frukost, høyre på apellar og gå i tog. På kvelden skal eg drikke vaksenbrus og synge arbeidarsongar med gode vener, seier Tenud.

Powered by Labrador CMS