Ventar konkursar i barnehagesektoren: –⁠ Ikkje gje dei meir pengar

– For alt i verda, ikkje gje barnehagekjeder med dyre leigekontraktar meir pengar. La dei ta tapet. Det seier økonomiprofessor Trond Bjørnenak etter at Norge fekk seks barnehagemiliardærar.

KRITISK: Trond Bjørnenak er professor ved NHH og kritisk til dyre leigekontrakter mellom norske barnehagekjeder og utanlandske eigarar av barnehagebygg.
KRITISK: Trond Bjørnenak er professor ved NHH og kritisk til dyre leigekontrakter mellom norske barnehagekjeder og utanlandske eigarar av barnehagebygg.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Endringslogg: Fagbladet har gjort endringar i saka etter publisering, og lagt til informasjon frå tidlegare publisert artikkel om blant andre Læringsverkstedet sitt syn på pengebruken.

Trond Bjørnenak er professor i økonomi ved NHH. Han ser no at fleire kjeder slit:

– Eg ventar at det vil kome nokre konkursar i barnehagesektoren framover, seier Bjørnenak.

Samtidig meiner han at foreldre treng ikkje å vere uroa. Ungane vil framleis ha krav på barnehageplass. Men det kan vere at ein del kjeder og utanlandske selskap vil slite. Og gå dunken.

Professoren seier han ikkje er uroa over eventuelle konkursar. Han peikar på det han beskriv som dyre og dårlege leigekontraktar mellom norske barnehagekjeder og utanlandske eigarar av barnehagebygg.

Utanlandsk-eigde barnehagar med over dobbelt leigenivå

EIGD I CANADA: Bekkeberget barnehage på Gjerdrum er eit av over 300 barnehagebygg som det kanadiske investeringsfondet Brookfield no har eigarkontroll over.
EIGD I CANADA: Bekkeberget barnehage på Gjerdrum er eit av over 300 barnehagebygg som det kanadiske investeringsfondet Brookfield no har eigarkontroll over.

Hundrevis av barnehagar med dyr leie

Blant andre Læringsverkstedet avviser at dei har dyre leier. I ein tidlegare artikkel sa Trude Sydtangen at:

– Læringsverkstedet er heilt trygge på at husleigenivået er innafor marknadsleige. Husleiga på bygga som blei selt i 2022, svarar til omtrent det som Læringsverkstedet tidlegare hadde som rente- og avskrivingsutgifter på dei same bygga. Reduksjonen i marginane for Læringsverkstedet og alle andre private barnehagar dei siste åra skuldast endringar i tilskotsmodell og i tilskotsutrekningar.

Nyleg avdekka Fagbladet i ei gransking at over 400 norske barnehagar har det som Bjørnenak beskriv som ei «svært høg» og «ikkje berekraftig» leie. Alle desse driv i barnehagebygg som blei seld til utlandet.

Det store utsalet av norske barnehagebygg kom i 2020. Etter salet sat dei til saman seks eigarane av Norlandia, Fus og Læringsverkstedet alle igjen som milliardærar.

Bjørnenak seier at det høge leigenivået på dei selde barnehagebygga, kan forklarast slik: Jo dyrare leigekontraktar på bygga, jo større salssum sat dei seks norske seljarane igjen med.

Sjekk om din barnehage er eigd i utlandet her

TAP: Professor Trond Bjørnenak ved NHH meiner at barnehage-kjedene og SBB som har signert leigekontraktene må tole tap når dei har inngått avtalar med dyr leige.
TAP: Professor Trond Bjørnenak ved NHH meiner at barnehage-kjedene og SBB som har signert leigekontraktene må tole tap når dei har inngått avtalar med dyr leige.

– IKKJE gje dei meir pengar

Nyleg gjekk Hans Jakob Sundby ut og sa at Læringsverkstedet «må slost for å gå i null». Sundby eig saman med kona Randi Læringsverkstedet som er den største barnehagekjeda i landet. Etter salet av kjeda sine barnehagebygg til svenske SBB, sat dei to igjen som milliardærar. Læringsverkstedet er ei av kjedene som Fagbladet si gransking viser leier tilbake barnehagebygga frå utlandet, til godt over snittnivået.

Professor Trond Bjørnenak, sat i Velferdstjenesteutvalet som blei sett ned av Solberg-regjeringa. Der såg han og utvalet på blant anna barnehagekjedene og eigedom. Han er no klar i talen:

– Eg kan ikkje understreke dette nok: Staten må IKKJE gje dei som slit grunna dårlege og dyre leigekontraktar meir pengar. Det er ikkje foreldra og skattebetalarane som skal betale for dette.

Fagforeiningsleiar: – Barnehagesal er ein heimeåleine fest som må granskast

LEIGE: I kommunen med høgast leigenivå, Oslo, brukar barnehagane i snitt 7 prosent av inntektene på leige. Dei 439 utanlandskeigde barnehagane betalar i snitt frå 12-16 prosent.
LEIGE: I kommunen med høgast leigenivå, Oslo, brukar barnehagane i snitt 7 prosent av inntektene på leige. Dei 439 utanlandskeigde barnehagane betalar i snitt frå 12-16 prosent.

Meiner seljar og kjøpar må ta tap

Bjørnenak seier at dyre leigekontraktar vil føre til at innteninga og resultatet til barnehagekjedene vil gå ned. Han meiner at det er dei som har signert leigekontraktane – altså utleigarane – som må ta støyten:

– Ein må heller forsøke å påføre dei som har signert avtalen eit tap. Dei som har kjøpt bygg av Læringsverkstedet og tenkt at dei skal få inn ei god leie i evig tid. Nei, du har gjort ei kommersiell investering. Om den ikkje er kommersielt berekraftig for leigetakar, då må du gå med på ei lågare leige.

Slik blei 37 norske barnehagar verdt ein halv milliard

– Ikkje foreldra sin jobb å redde svensk selskap

– Står vi ikkje i fare for at SBB (det svenske selskapet som kjøpte Læringsverkstedet-bygg for fleire milliardar, men som no sit igjen med minoritetsandel i selskapet som eig desse bygga, red.anm.) kan gå dunken om dei får inn mindre leige?

– Barnehagane vil fortsette om SBB går dunken. Den norske stat skal for all del ikkje redde SBB. Det er ikkje vårt problem at det går dårleg med SBB. Barnehagen forsvinn ikkje, seier Bjørnenak.

Han legg til at det ser ut som det er pengar i systemet.

– Læringsverkstedet gjekk med 12 prosent driftsmargin i 2017. Dei tente masse pengar, det gjer dei ikkje no lenger. No går pengane til husleige istadan. Eg syns Læringsverkstedet tente for mykje for lett den gongen, seier professor Bjørnenak.

Han meiner det er viktig å passe på at dei kommersielle kjedene som slit grunna høg husleige, ikkje leverer dårlegare kvalitet og tenester.

Læringsverkstedet: – Alle pengane kjem barna til gode

Trur barnehagar som går konk vil starte på nytt

Økonomiprofessoren ventar barnehagekonkursar:

– Eg trur barnehagane vil oppstå på ny fordi dei ikkje har noko betre alternativ. Dei som har kjøpt bygga, vil kanskje oppdage at dei betalte litt for mykje. Og at det sit nokre familiar rundt omkring i Norge. Som har tent på å selje bygga. Og kanskje nokon i Sverige som tenkjer dei betalte for mykje da de kjøpte desse bygga, seier Bjørnenak.

SBB eig rundt 300 norske barnehagebygg. Det kanadiske oppkjøpsfondet Brookfield eig 51 prosent av SBB.

Powered by Labrador CMS