Svetlana flykta frå krigen: Reiste frå sprengde vindauge til opne dører på den lille øya

3500 innbyggjarar. 120 flyktningar. Slik går det til når ein liten kommune opnar dørene.

ØYDELAGT: Svetlana har nyleg kome til Aukra frå krigsherja Mykolajiv i Ukraina: – Eg såg gnistar frå skyting 500 meter frå huset mitt. Svigerfar min bur i eit lite hus der han dyrkar poteter. No har russiske soldatar øydelagt huset og knust alle vindauga med skyting og sprenging.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved eit veldig langt bord i Kreml sit ein president og hans folk og diskuterer. Kva som blir det neste dei skal gjere med Ukraina. 200 mil unna, inne i ein mursteinsbygg med flatt tak på Nordvestlandet, sit nokre anna folk og lurar på heilt andre ting. Men det handlar om dei same folka. Dei som kjem fordi husa deira ikkje lenger har vindauge og leikeplassen til ungane har blitt eit bombekrater.

Tenkjer på kven som kan bli dei neste

– Velkomne, seier Aaslaug Søreide og opnar inngangsdøra til Aukra rådhus. Kommunen er blant dei i landet som har teke imot aller flest ukrainske flyktningar per innbyggar.

Søreide og kollegaene er av dei første ukrainarane møter når dei kjem til øykommunen ytst i Romsdalsfjorden. Søreide er servicesjef, sikkerheitsleiar i kommunen og medlem i Fagforbundet. Ho og medarbeidarane i resepsjonen på Aukra rådhus viser vegen til barnehagen, legesenteret og skulane, blant anna.

– Eg tenkjer det er veldig bra me kan opne døra og hjelpe folk. Dei som kjem no er folk som har levd i eit samfunn som har fungert bra, slik eg har skjønt det. Når denne krigen har blitt så nær, kan me tenkje på kven som blir dei neste. Dette er noko me bør vere med å hjelpe til med og som folk har lyst til, seier Søreide.

Noko av det dei får mest spørsmål om, er rommet med ski, telt, padlebrett og kanoar. Fritidsutstyret låner kommunen ut gratis.

ETTERSPURT: Rommet med fritidsutstyr er noko veldig mange spør etter når dei kjem på Aukra rådhus, fortel servicesjef og medlem Aaslaug Søreide. Alt utstyret kan lånast gratis.
ETTERSPURT: Rommet med fritidsutstyr er noko veldig mange spør etter når dei kjem på Aukra rådhus, fortel servicesjef og medlem Aaslaug Søreide. Alt utstyret kan lånast gratis.

Dei fire første frå Ukraina

– Sjå her – dette er frå då eg og mannen min padla i Ukraina, fortel rekneskapsførar Svetlana.

Ho kom til Aukra i vår og viser fram eit bilde på mobilen av to personar i kvar
sin kajakk. Padlande på ei brei elv farga av ei låg kveldssol. No har ein ny kvardag starta:

– Når me køyrde, såg snøen og alle dei små husa, tenkte eg at det kan vere her julenissen bur. Det ser ut som eit eventyr. Det er veldig stille her og ikkje så mykje folk, seier Svetlana og
får anerkjennande nikk frå venninnene Vlada, Jana og Oksana.

Praten om at Oksana har fanga sin første fisk nokosinne og kajakkpadling blir med eit brote. Ein skarp sirenelyd skjer igjennom rommet. Svetlana senkar augebryna og handa finn telefonen raskt.

UKRAINA: Dotter Maria og mor Oksana har kome frå vest i Ukraina til Aukra i Møre og Romsdal. Oksana har aldri fiska før og står over kjelen med supa frå den første fisken ho har fanga i sitt liv: -Det er veldig stille, roleg og mykje natur her, fortel landmålaren.

Alarm

Den ulande lyden frå telefonen fortel at no er det eit nytt luftangrep på gong mot heimbyen hennar Mykolajiv. Heimbyen til Svetlana står i vegen for mannen ved det lange bordet sine planar om å ta Odessa og sørlege Ukraina. Sjukehus og administrasjonsbygg er øydelagt. Svetlana fortel at russiske soldatar har sprengt og skote i stykkar vindauga på huset til svigerfaren:

– Det einaste vi vil er at dette skal slutt. Og at Ukraina skal bli fritt. Vi vil heim når dette er over. Samtidig er me veldig takksame til alle som har hjelpt oss her i Noreg, seier rekneskapsføraren.

VIL HEIM: Dei ukrainske flyktningane har nettopp kome til Noreg og Nord-Vestlandet. Alle fortel dei vil to ting. At Ukraina blir fritt og at dei kan reise heim igjen. Frå venstre Maria, landmålar Oksana, tolk Gosha Breivik, Misha, barnehagelærar Jana, grafisk designar Vlada og regnskapsførar Svetlana.

Haugar til flyktningar

I ein sofa inne på eining for innvandring og integrering ligg ei lita rosa jakke. Den ligg på toppen av ein haug med andre klede i eit lagerrom fylt til taket med alt frå barnevogner til barneseter til bil. Haugane kom frå innbyggarane på øya. Ein av dei som hjelper flyktningane med å finne sin plass på Aukra er Naqeebullah Poya. Miljøarbeidaren meiner det er viktig å lytte til flyktningane:

– Det er viktig å vise sympati. Bruk ti minutt og ver med dei. Høyr korleis dei har det, seier Poya som sjølv har bakgrunn som flyktning. Han kom nettopp inn døra etter å ha køyrt ein ukrainsk familie til eit ærend.

– Folk har sett det grusomme, og det er grunnen til at dei flyktar. Dei har aldri drøymt om og ønsker å flykte. Eg hadde ein draum om å bli journalist og ein person som kunne bli viktig for å forandre mitt land, Afghanistan. Eg var ferdig med universitetet og på veg til å bli journalist. Men, på grunn av krig har eg ikkje den sjansen, fortel Poya. Han meiner det er viktig å møte folk på flukt med empati.

TEK I MOT: Fagforbundet-medlem Richard Parr og Naqeebullah Poya jobbar som miljøarbeidarar: – Eg trivs godt i Molde. Eg har fast jobb i Aukra og bur saman med min familie og har gode venner. Noreg har blitt min andre heim, fortel Poya som sjølv har bakgrunn som flyktning.

– Ser på flyktningane som ressurs

Ei av dei som bestemte at kommunen skal ta imot 120 flyktningar er Berit Cesilie Huse. Ho er leiar av Fagforbundet i Aukra og er i tillegg leiar yrkesseksjon kontor og administrasjon i kommunen. Huse jobbar i økonomiavdelinga på rådhuset. I tillegg sit ho i kommunestyret for Arbeidarpartiet.

– Korfor trur du at det politiske miljøet på Aukra var tidleg ute med å signalisere at kommunen vil ta imot flyktningar, før forespørselen kom?

– Det trur eg eigentleg alle vil. Det er kanskje au eit kostnadsspørsmål og at me er betre stilt enn andre kommunar. Det vil koste, men samtidig tenkjer eg at flyktningane vil bidra. Eg tenkjer at haldninga i kommunen er at flyktningar er ein ressurs som vil bidra til lokalsamfunnet, seier Huse.

Alle i kommunestyret var einige om å ta imot dei 120 flyktningane.

– Eg trur dette er folk som kjem til å verte sjølvhjelpne ganske fort, seier Berit Cesilie Huse.

Powered by Labrador CMS