Ein av fire i arbeidslivet har innvandrarbakgrunn
– Slik får du draumejobben
Irene Nazareno vaska hotellrom i 15 år. I dag er ho seksjonsleiar ved eit av dei største sjukehusa i landet. – Når du veit kva du ønskjer å bli, må du òg ta ansvar for å gjennomføre det, seier ho.
– Med utanlandsk bakgrunn har det ikkje vore enkelt å finne draumejobben. Eg er svært stolt av mi eiga reise, fordi ho viser at utvikling og moglegheiter finst i alle ledd – òg for oss med utanlandsk bakgrunn, seier Fagforbundet-medlem Irene Nazareno.
Ho er seksjonsleiar ved Ahus og har personalansvar for 22 reinhaldarar.
Nyleg var helseminister Jan Christian Vestre ved Ahus der han sette søkelys på innvandrar som jobbar i helse.
Ministeren møtte blant andre Nazareno. Ho delte at vegen inn i arbeidslivet kan vere krevjande.
Spesielt om norsk ikkje er morsmålet ditt.
Starta på golvet
Nazareno jobba i 15 år som romvertinne på hotellet som då heitte Oslo Plaza:
– Etter kvart forstod eg at dette ville bli tøft for kroppen på sikt. Samtidig kjente eg at eg hadde leiar-eigenskapar, seier seksjonsleiaren for reinhald og fortset:
– Eg bestemte meg for å ta ei treårig bachelorutdanning. Då måtte eg stramme beltet økonomisk. Det var utfordrande å ta tre år permisjon utan løn, samtidig som eg hadde to små barn. Derfor jobba eg 20 prosent ved sidan av studia. Mannen min var ein uvurderleg støtte gjennom heile utdanninga.
Dette var avgjerande
Nazareno seier at vegen har vore lang. Og at ho brukar seg sjølv som eksempel når ho møter andre med utanlandsk bakgrunn som skal finne sin plass i det norske arbeidslivet.
Å setje mål er vesentleg.
– For meg har det vore avgjerande å setje meg tydelege mål. Når du veit kva du ønskjer å bli, må du òg ta ansvar for å gjennomføre det. Det krev mot, målmedvit og ikkje minst tolmod. Desse eigenskapane gav meg nøklane til å nå dit eg er i dag, seier Nazareno.
Ho legg vekt på å sjå dei tilsette:
– Eg er oppteken av å vere rettferdig og av at
folk skal bli sett, høyrt og anerkjent. Å
vere empatisk er avgjerande for meg som leiar.
– Mangfald gjev auka tillit
Ahus har rundt 12.000 tilsette. Tre av ti som bur i kommunane sjukehuset dekkjer, har innvandrarbakgrunn.
Helsefagarbeidar Nana Mbhele sit i styret for Fagforbundet Ahus som mangfald-representant:
– Vi har pasientar med ulik bakgrunn i helsevesenet. Dei føler seg kanskje meir representert når dei blir møtt av nokon med minoritetsbakgrunn. Dei får ein ekstra tillit til helsevesenet. Under koronaen såg vi mange som var skeptiske. Mange blei tryggare når dei møtte helsepersonell som kunne ulike språk, slik at pasientane kunne forstå, seier helsefagarbeidar Mbhele.
Mangfald bidreg og på idéstadiet, meiner ho.
– Folk med ulik bakgrunn kjem med ulike erfaringar og perspektiv. Dette bidreg til ulike og fleire løysingar.
Ahus jobbar aktivt med integrering
Då Jan Christian Vestre var på Ahus, møtte han blant andre Fagforbundet-medlem Bashira Hussein Hassan:
– Det tok meg 3,5 år å få fast jobb. No har eg jobba nesten 20 år på Ahus og tok fagbrev som reinhaldsoperatør, fortel Hassan.
I likskap med seksjonsleiar Nazareno legg ho vekt på at det er viktig å stå på og ikkje gje seg når det kjem til å søke jobbar eller å få seg fast stilling.
Helseminister Vestre trekte fram Ahus som eit eksempel på ein arbeidsplass som har fått til inkludering.
Ahus har blant anna ei langtidsplan for integrering, likeverd og mangfald.
Denne typen innsats har ført til både eit bedre helsevesen og eit rikare Noreg, meiner Vestre.
Tillitsvald: – Innvandrar=investering
Nyleg lanserte Frp eit "innvandringsreknskap", som er ein rapport av SSB.
Helsefagarbeidar Mbhele tenkjer dette om taldebatten:
– Om det er nokon som har drive forsking som har ført til statistikk er det fint. Ein kan stille seg sjølv eit spørsmål: Kva kan vi gjere slik at det blir sett på som ei investering og ikkje ein kostnad. Kan vi endre slik at dei som ikkje har jobb kan kome i jobb? Eller at dei får ein betre jobb som er til det beste for samfunnet, seier Mbhele.
Det er forskjell mellom ulike grupper, men SSB-rapporten viste at kvar innvandrarhushaldning i snitt betalar 45.000 kr meir i skatt enn dei får i stønader.