Over ein av fire i helse har innvandrarbakgrunn
– Mangfaldet har gjort oss rikare, lykkelegare og ført til betre helse
Utan fleirkulturelle ville helsevesenet stoppa opp, seier helseminister Jan Christian Vestre.
Kva kostar det landet å ha innvandring, har nyleg eit parti stilt spørsmål om. Kva er det innvandring gjev oss, syns ein annan politikar er eit meir interessant spørsmål:
– Hyggeleg å møte deg, seier helseminister Jan Christian Vestre i det han bukkar djupt og den ustrakte neven hans finn handtrykket til reinhaldar Bashira Hussein Hassan ved Ahus. Ministeren har noko på hjartet som han vil dele med dei tilsette.
Reinhaldar: – Frå mange land med eitt felles mål
Hassan er verneombod, Fagforbundet-medlem og har jobba med reinhald i nesten 20 år ved Ahus:
– Det er morosamt å jobbe med fleire språk og kulturar fordi vi er forskjellige. Vi har alle eitt mål: Å passe på Ahus, at alle har det bra, trivst og at det er eit godt arbeidsmiljø, seier Hassan, som har fagbrev som reinhaldsoperatør. SSB kom nyleg med ei undersøking som såg på kor mykje innvandrar betalar i skatt i forhold til kor mykje dei får i støtte.
Bidreg med milliardar i året
I snitt bidreg innvandrar med 45.000 kroner per hushaldning til samfunnet i året har SSB funne, skriv Nettavisen. Samla sett tener Noreg fleire milliardar i året på innvandring i følge undersøkinga:
– Vi bidreg veldig mykje. Her på Ahus har vi mange med utanlandsk bakgrunn. Vi har hjartelegar, sjukepleiarar, portørar, dei som jobbar på kjøkken eller vi som jobbar med reinhald. Det er ein god stad å jobbe, seier Hassan.
Ministeren: – Klarar oss ikkje utan innvandring
Helseminister Vestre blir vist rundt på Ahus. Han stoppar opp ved ein vegg der det er bilde av alle tilsette på avdelinga. Mange av dei er fødd i eit anna land enn Noreg:
– Eg meiner at vi i samfunnsdebatten må bli mykje flinkare til å verdsette mangfald. Helse- og omsorgstenesta hadde stoppa opp viss ikkje det var for den viktige arbeidskrafta, seier ministeren som viser til at på sjukehusa har 13 prosent innvandrarbakgrunn. I kommunane har over 20 prosent av dei som jobbar i helse eit anna opphav enn Noreg.
– Rikare og lykkelegare av innvandring
Vestre deler eit bodskap som er personleg viktig for han:
– Dette handlar ikkje berre om arbeidskraft. Det handlar også om at mangfald er bra i seg sjølv. Fordi det gjer at vi ser ting frå fleire perspektiv. Det gjer at vi møter befolkninga vår, som også er mangfaldig, med ulike erfaringar, ulike bakgrunnar, fleire ein kan identifisere seg med. Og det gjer at vi leverer betre helsetenester, seier Vestre og legg til:
– Mangfaldet har gjort Noreg rikare, lykkelegare, og vi får betre helse og omsorgstenester av det. Det synest eg dessverre ofte forsvinn i samfunnsdebatten.
Kritisk til bruk av tal
Frp bestilte rapporten frå SSB. Undersøkinga ser på forskjellane mellom kva land innvandrane kjem frå og om dei betalar meir i skatt enn dei får i stønad. Ni av 23 landgrupper bidreg med mindre i skatt enn dei får i overføringar. Dette er i all hovudsak menneske som har kome som flyktningar. Vestre har ikkje sansen for samanlikninga:
– Vi treng meir av dei verdiane som foreiner oss og held oss saman. Det er derfor eg meiner at vi lagar sånne rekneskap og forsøker å teikne eit bilde av at det går dårleg med integreringa og inkluderinga: Kom hit til Ahus og sjå korleis sjukehuset blir drive.
– Vinn-vinn
Helene Skeibrok er leiar av Fagforbundet som har 414.000 medlemmar, mange av dei fødd i eit anna land. Ahus har blant anna ei langtidsplan for mangfald, likeverd og migrasjonshelse:
– Ahus er eit godt eksempel på korleis vi kan inkludere og bruke dei ressursane innvandrar faktisk er. Dei er heilt essensielle for at drifta skal gå rundt, seier Skeibrok og fortset:
– Vi klarar oss ikkje utan denne arbeidskrafta verken i kommunane eller på sjukehusa. Mange har teke med seg kompetanse frå heimlanda og kan bruke den her. Kunnskapen får vi nytte og glede av. Det er ein vinn-vinn situasjon for den enkelte, tenestene og innbyggarane, seier leiaren av det største forbundet i landet.