YRKESFAG: På grunn av ein meir praktisk skulekvardag vart ein vidareutdanning innan yrkesfag på agendaen for Adam Bouzakraft (16).

Arbeidslivsfag: 
Adam (16) fann motivasjonen – no skal alle få tilbodet

– Når eg kjem på skulen og skal ha arbeidslivsfag, så tenkjer eg at eg har noko kjekt eg skal den dagen, seier Adam Bouzakraft (16). Frå hausten 2026 må alle ungdomsskular i Noreg tilby faget.

Publisert Sist oppdatert

Saka oppsummert

  • Adam Bouzakraft har funne motivasjon i arbeidslivsfag på Lofsrud skole. Faget har gitt han meistring og lyst til å velje yrkesfag, kanskje kokkelinja.
  • Frå hausten 2026 må alle ungdomsskular tilby arbeidslivsfag. Regjeringa vil styrkje yrkesfag og gi fleire elevar ein meir praktisk og relevant skulekvardag.
  • Arbeidslivsfag krev ressursar og lokal satsing for å bli godt. Samstundes meiner skulen at faget kan gi ungdom arbeidserfaring, betre framtidsval og gode alternativ til utanforskap.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

Lærar ved arbeidslivsfag på Lofsrud skole, Kai-Roger Kjellvold, har følgt Adam Bouzakraft gjennom ungdomsskuleløpet og sett korleis han har vakse inn i ansvaret.

No ser Adam føre seg ei framtid innan yrkesfag – noko som ikkje nødvendig vis låg i korta tidlegare.

– Eg kunne tenkje meg å gå kokkelinja eller noko. Det er gøy å kjenne at du meistrar noko, og eg kjenner på det når eg lagar mat og er på kjøkkenet, seier Adam.

ANSVAR: Adam har i følgje Kjellvold teke på seg ekstra ansvar på kjøkkenet og vakse inn i ansvaret. Her lagar han pizza i den nye pizzakontaineren som elevane ved arbeidslivsfag skal drive.

Praktisk fag

Han er ein av mange ved Lofsrud skole som har valt arbeidslivsfag framfor språkfag på ungdomsskulen.

– Når eg kjem på skulen og skal ha arbeidslivsfag, så tenkjer eg at eg har noko kjekt eg skal den dagen. Ikkje norsk eller noko sånt, seier Adam.

Tilbodet er ikkje uvanleg i dag, men det er ikkje der for alle. Det vil regjeringa gjere noko med. 

Den 26.03.2026 vart det vedteke eit krav om at alle ungdomsskular skal tilby elevane arbeidslivsfag. Faget må vere ein del av utdanningstilboda til skulane for skuleåret 26/27. Altså trer det i kraft 1. august.

Signalet er tydeleg: Yrkesfag skal styrkjast og arbeidslivsfag skal vere ein nøkkel til motivasjon og gje elevane betre overgang til yrkesfag.

Plutseleg hadde Adam noko å sjå fram til i skulekvardagen.

– Me lagar mat, kosar oss og jobbar. Me får god erfaring, seier han.

Arbeidslivsfag

  • Arbeidslivsfag skal gje elevar erfaringar med reelle arbeidssituasjonar i ulike yrkesfelt, eller ved å produsere noko sjølv.
  • Det skal vere eit alternativt valfag til språkfag eller språkleg fordjupningsfag.
  • Faget er praktisk retta og særleg eigna for elevar som er interesserte i å velje ein yrkesfagleg utdanning.
  • Samtidig som arbeidslivsfag blir eit krav, står mange skular utan tilbod. I Oslo er det no berre omlag halvparten av skulane som har faget.
  • Faget krev ressursar, tid og tett oppfølging for å fungere godt.

Betalt arbeid

I 2020 innførte Lofsrud skole arbeidslivsfag fordi tilsette ved skulen meinte det var behov for meir praktisk undervisning.

Arbeidslivsfag starta i det små, men har seinare blitt eit omfattande tilbod. 

No kan elevane drive vedproduksjon, catering, frisør, operere matvogn, sosiale medier, podcast og selje eigne pizzaer i pizzakonteineren ved skulen.

Elevane får etter kvart betalt for arbeidet sitt, og kan blant anna halde pizzakontaineren i drift som sommarjobb.

– Me har laga og selt mat i ei matvogn på festivalar. Då var det ikkje berre matlaging, men du måtte snakke med kundar og gje kundeservice. Litt stress fordi me måtte gjere alt samtidig, men gøy, fortel Adam.

Mangelfullt tilbod

Men utviklinga ved Lofsrud står i kontrast til mange andre osloskular.

Kjellvold trur tilbodet varierer stort i kvalitet på osloskulane, og trur mange skular framleis ikkje tilbyr faget.

– Mange stader finst det ikkje tilbod, og nokre plassar er det lite knytt mot faktisk arbeidsliv. Det typiske er at dei anten tilbyr sløyd eller at elevane står i kantina, noko som i grunn ikkje gir grobotn for arbeidslivet, seier han. 

Arbeidslivsfag ved Lofsrud skole

  • Av årets omlag 440 ungdomskuleelevar, har 135 valt arbeidslivsfag framføre språkfag.
  • Oslo kommune har eit vedtak om at minimum 30 prosent av ungdomsskuleelevar bør søkje seg til yrkesfag.
  • Lofsrud skole merka stor framgong i tal elevar som søkte seg til yrkesfaglege utdannelsar etter dei innførte arbeidslivsfag som valfag i 2020.
  • Då låg tal elevar som søkte yrkesfagleg utdanning på 25 prosent.
  • Etter seks år med arbeidslivsfag vel omlag 42 prosent av elevane på Lofsrud utdanning innan yrkesfag. 

Vidare utdanning

– For Adam sin del så hadde han nok ikkje funne ut at han ynskte å ta ei yrkesfagleg utdanning utan dette tilbodet. Det høgnar skulemotivasjonen, utdjupar Kjellvold.

Han har sjølv jobba som kokk i rundt 30 år før han omsider vart lærar.

– Plutseleg ein dag så er det Adam, eller ein som Adam som opnar sin eigen servering her, legg han til.

 – Kunne du tenkje deg å gjere noko sånt ein dag?

– Ja det kunne eg, svarar Adam noko sjenert.

PIZZA: Den nye pizzakontaineren vert ein del av arbeidslivsfaget og skal drivast av elevane. Den gir også lokale på Mortensrud eit nytt mattilbod.

Krev ressursar

– Det er jo sånn at det må lærarar eller ei leiing på plass som torer å satse og gjere ting litt annleis, seier John Ingvald Betsi, undervisningsinspektør ved Lofsrud skole.

Men engasjement åleine er ikkje nok. Skal arbeidslivsfaget byggjast opp og utviklast, krev det også pengar og ressursar.

Gjennom prosjektet Lofsrud læringshub har skulen fått midlar frå mellom anna Utdanningsetaten og bydel Søndre Nordstrand.

Nokre av midlane har gått til satsinga på arbeidslivsfag.

 – Det er ikkje til å stikke under stol at utan det, så hadde ikkje me vore der vi er i dag. Så det har vore gull, fortel Betsi.

Det er også i tråd med det som er kome frå nasjonale styringseiningar om praktisk undervisning i skulane. 

ELDSJELER: Kai-Roger Kjellvold (t.v) og John Ingvald Betsi (t.h) er to av mange som har lagt inn ein ekstra innsats for ein meir praktisk skulegong for ungdommane på Lofsrud.

Hindre kriminalitet

– Noreg har eit skrikande behov for fagutdanna yrkesarbeidarar, og faget er spesielt retta mot elevar som kunne tenkje seg dette, seier Betsi.

Skulen ligg plassert midt på Søndre Nordstrand. Det er ein del av hovudstaden ein oftast les om når noko går galt. 

For John Ingvald Betsi handlar arbeidslivsfag også om å gi ungdomane gode erfaringar og alternativ tidleg.

– Me tenker at det å lære elevane opp i praksis gjennom praksis, og at dei får lønn for det, er mykje betre og meir samfunnsnyttig enn at dei skal gå og trå rundt senteret, eller i skumle krokar og bli rekruttert i lysskye verksemder, seier Betsi. 

Kan vere utfordrande

– Faget som no er vedteke, er omfattande, vil koste og krevje ressursar. Er det rimeleg å pålegge skulane arbeidslivsfag?

– Sjølv stilte me oss dette spørsmålet. Likevel treng me fleire som søkjer seg til yrkesfag og vert fagarbeidarar, seier Irene Brodshaug, rådgivar og spesialkonsulent i Utdanningsetaten i Oslo.

Ifølgje Irene Brodshaug vil arbeidslivsfag sjå ulikt ut frå skule til skule då elevbehov og prioriteringar vil varierer. Læreplanen opnar også for lokale tilpassingar. 

Sjølv om faget no blir obligatorisk, heng mange skular framleis etter. 

– Nokre skular tykkjer nok det er utfordrande at eit praktisk fag vert obligatorisk, medan andre skular har merka behovet for meir praktiske fag og er klare. Me ynskjer sjølvsagt å veileie og bidra med støtte så godt me kan, seier Brodshaug.

Arbeidslivsfag i Osloskulane

  • Arbeidslivsfag var i 2017 eit tilbod eit par tre osloskular kunne tilby. 
  • I dag tilbyr omlag halvparten av osloskulane arbeidslivsfag.
  • Det er fleire austkantkular som tilbyr arbeidslivsfag, men fleire og fleire vestkantskular innfører det som valfag.
  • Skulane som rekrutterer flest elevar inn i ein yrkesfagleg utdannelse, tilbyr oftare eit betre arbeidslivsfagtilbod.

Ikkje utan grunn

Det er ikkje utan grunn at faget vert eit obligatorisk krav.

– Det er eit veldig viktig praktisk fag. Me ser på forsking at det er motiverande og bygger relasjon mellom elevane. Det fungerer som rekruttering til yrkesfag og ein meir praktisk skule, noko som er positivt, fortel Brodshaug.

Powered by Labrador CMS