Dagens delegat

Vil breie ut Fagforbundet både utdanningsmessig og politisk

Mastergrad-innehavarar må bli eit satsingsområde, meiner Vegard Austmo. – Me må vise at me verkeleg meiner heile laget, også dei som ikkje arbeider på golvet, seier han. 

PÅVERKE: – Fagforbundet må presse regjeringa til å betre økonomien i kommunane, seier Vegard Austmo i Fagforbundet Trøndelag.
Publisert

Sauebonde og sekretær Vegard Austmo vil ha fleire folk med på laget. Mellom anna meiner han Fagforbundet må bli betre til å fri til arbeidsfolk med høgre utdanning. I tillegg vil han sikre alliansen med Senterpartiet og MDG

Dagens delegat: Nr. 349 Vegard Austmo, Yrkesseksjon Kontor og administrasjon

Alder: 45 år

Yrke: Formannskapssekretær

Bustad: Levanger

– Har du ei hjartesak?

– Eg er opptatt av oss som har høgare utdanning. Tariffmakta er avhengig av at vi klarer å rekruttere og halde på folk med universitetsutdanning. Blant dei unge har mange både ein bachelor og ein mastergrad.

– Kva håp har du for dette landsmøtet?

– Vi må verne den makta vi har og behalde bredda. Og så må vi gje ei klar melding til regjeringa om at kommuneøkonomien må styrkast. Viss ikkje, blir det kutt i dei yrke eg representerer. Det vil svekke mellom anna beredskapen.

– Kva er viktigast at Fagforbundet får til framover?

– Styrke yrkesseksjonane, auke tariffmakta. Det er lettare å verve enn å halde på medlemmar. Men vi må ikkje lekkje medlemmar til profesjonsforbunda. Difor må me komme oss ut på sjukehusa, Nav og fylkeshusa. Me må bli meir synlege og vise at me verkeleg meiner heile laget, også dei som ikkje arbeider på golvet.

– Korleis tykkjer du landsmøtet har vore så langt?

– Eg er imponert over engasjementet og kunnskapsnivået til deltakarane. Eg trur Fagforbundet har fått ei ny leiing som ikkje er dårlegare enn den førre, og at det blir ein god politisk verkstad. Så eg ser lyst på framtida til Fagforbundet.

– Noko anna?

– Blir det splitting mellom dei fem partia som no har fleirtal på Stortinget, er det ingen som taper meir enn medlemmane til Fagforbundet. Så vi må syte for å halde på støtta frå MDG og Senterpartiet.

Powered by Labrador CMS