Ikkje pengar til høgare løn, seier sjefen? Sjekk om det er sant, oppfordrar korrupsjonsjeger
– Dette er den nye måten å vere fagorganisert på, seier korrupsjonsjeger Eva Joly.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Korrupsjonsjeger Eva Joly meiner tillitsvalde må bruke innsynsretten for å sjekke om det stemmer at det ikkje er råd til meir løn.
Ho veit noko om å jage pengar. Saman med ei fransk fagforeining oppdaga ho at milliardar frå McDonalds var på avvege.
– Dette er den nye måten å vere fagorganisert på, seier Joly.
Ho ser med granskande blå auge over kanten på dei mandelforma tjukke brilleglasa og utover 350 lyttande i salen på Folkets hus ved Youngstorget i Oslo.
Kule i posten og livvakter
Joly vaks opp i Oslo og flytta som ungdom til Frankrike. Der blei ho etter kvart dommar og statsadvokat. Ho har opplevd å få ei kule i posten som presidentkandidat. Ho gjorde ein så god jobb som korrupsjonsjeger at ho hadde seks livvakter på det meste.
No håpar ho at fleire fagorganiserte gjer som ho og ser på tal, rekneskap og kor det blir av pengane. Spesielt når sjefen seier kassa er tom og det ikkje er noko igjen til høgare løn.

– Følg pengestraumane
Joly seier at kassa ofte er fullare enn det eigarane og leiinga skal ha det til:
– Eg såg at i Norge har ein rett til å bli assistert for å skjøna bedrifta. Det betyr at du kan ha ein revisor til å forklare regnskapa for deg. Det er veldig viktig å bruke desse verktøya og at ein vel ein person som er vant til å sjå på rekneskap for å finne pengestraumane. Spesielt dei som er litt mistenkjelege, seier Joly.
Ho fortel at dei fleste internasjonale selskap og mange nasjonale sender pengar til skatteparadis. Slik kan dei skjule kor god råd selskapet har.
Les i eiga undersak korleis tillitsvalde har rett til å vite «alt» om pengar i eit selskap. Og korleis ein går fram praktisk for å få innsyn.
Og kva skjer når regnskapa blir kledd opp i ei drakt med slitasjehol på knea og albogane?
– Det har som konsekvens at resultatet er lett negativt eller rundt null. Det gjer at når du skal forhandle betre tariffavtalar, så kan arbeidsgjevar seie at de ikkje kan. Dei tener jo ikkje noko pengar i Norge. Det er viktig for arbeidarane sine rettar at den verkelege inntekta blir etablert. Ettersom tillitsvalde har tilgang til regnskap, bruk denne moglegheita.
• Nesten ingen selskap blir straffa for økonomisk kriminalitet
Fekk McDonalds til å betale 13 milliardar
Det skjer ofte noko når Joly senkar brilleglasa og granskar med augebryn som peikar lett nedover. For nokre år sidan slo ho seg saman med ei fransk fagforeining som er ein del av PSI, Public Services International.
Dei kom med ein rapport som dokumenterte korleis McDonalds sende pengar til skatteparadis. Joly representerte tilsette i McDonalds-kjeda, og vant saka så det suste. Etter at advokaten såg over dei mandelforma brillene sine saman med fagforeininga, enda det med at McDonalds betalte 13 milliardar kroner til den franske staten.
Ein god del av pengane var regelrette bøter for skattetriksing. Ein annan del var tilbakebetaling av skatt. Hurtigmat-kjeda, på si side, innrømte aldri at dei hadde gjort noko feil.
• Maksimum straff for å sende ansatt i døden? 60 dager i fengsel
– Kven er systemet rigga for?
Det spørsmålet stilte Joly frå scena då ho nyleg heldt foredrag på Svart økonomikonferansen og fortalde om korleis store internasjonale selskap snik seg unna skatt og lønsaukar. Men ho vende også blikket mot Norge.
Ho rista på hovudet fleire gonger under konferansen do fekk høyre om norske selskap som ikkje betalar løn til dei tilsette. Og at dei same problema ho granska i 2005 med kriminalitet i det norske arbeidslivet skjer i dag.
Joly ser også at det er svært mange kroner som får vingar og flyg som trekkfuglane til utlandet:
– Kven er eigentleg systemet rigga for? Det er ein del tydelege hol som ikkje skulle vere så vanskeleg å tette igjen. Som ikkje har blitt tetta igjen. Då må ein stille spørsmålet: Korfor er det slik?
Joly slapp saman med Nina Witozek boka «Det blåøyde riket – norske tillitspatologier» i fjor. Der tek dei blant anna for seg at over 1300 norske eigedommar er eigd i Luxembourg med hemmeleg eigar:
– Eg syns det er rart at ein ikkje treng å registrere skjøter. At staten leiger av lokale skatteparadis-selskap. Dette kunne ein ha kontrollert mykje betre. Og ordna opp i, seier Joly før ho set seg i ein drosje til Gardermoen.
Vegen går vidare til Paris, der ho driv eit advokatkontor saman med dottera Caroline Joly.