Høgre og Frp vil privatisere bibliotek-reinhald i Oslo: – Det er heilt for jævlig
Reinhaldarane ved det største biblioteket i landet kan nå ny arbeidsgjevar, og dei eldste blant dei kan truleg gå på ein pensjonssmell. Heilt greitt, meiner Høgre og Frp i Oslo. Hovudtillitsvalgt for Fagforbundet er ikkje enig.
Jenny Dellegård er hovudtillitsvald for Fagforbundet ved Deichman Bjørvika. Ho er svært kritisk til at åtte medlemmer og reinhaldarar ved Oslo-biblioteket kan bli privatiserte:
– Eg tenker at det er heilt for jævlig. Når ein har hatt eit langt yrkesliv, mange av dei har jobba lenge i Oslo kommune. Her har vi ein veldig god tariffavtale, vi har gode løns- og arbeidsvilkår. Spesielt for reinhaldarar som ofte har dårlege løns- og arbeidsvilkår i private firma. Så det er klart at dette er katastrofe for medlemmene det gjeld, seier Dellegård opprørt.
Ho fyrer av ei breiside til:
– Dei som stemmer for dette forslaget gjev fullstendig faen i arbeidstakarane sine løns- og arbeidsvilkår.
Mistar AFP
Fire av dei åtte reinhaldarane får spesielt merke konsekvensane. Dei er 55 år. Ved ei privatisering vil arbeidstakarar i den aldersgruppa truleg miste den avtalefesta pensjonen sin, AFP.
Det vil i praksis bety at kvar og ein av dei vil få ein million kroner mindre i pensjon.
Dei vil heller ikkje kunne gå av med pensjon når dei er 62, men må jobbe til dei er 67 år.
Skal spare pengar
Byregjeringa i Oslo har bedt dei ulike avdelingane kome med forslag til sparing.
– Bakgrunnen er at kommunen er i ein veldig vanskeleg økonomisk situasjon, som gjer at alle aktørar i Oslo kommune er nøydde til å få kutt, om vi skal klare å gå i null. Det er ein føresetnad. Det betyr at også Deichman, som vi er veldig glade i og meiner gjer ein kjempeviktig jobb, må ta nokre kutt. Når dei då skal ta stilling til dette, har dei foreslått å konkurranseutsette reinhaldsarbeidet på Deichman. Det har vi sagt at det er vi opne for at dei gjer, seier Anita Leirvik North (H).
Ho er byråd for kultur og næring i Oslo kommune.
Ein av grunnane til den stramme økonomien i kommunen er at bystyrefleirtalet har fulgt byrådets anbefaling om å kutte i eigedomsskatten.
Trur ikkje kommunen vil spare
Dellegård trur ikkje kommunen vil spare på å sette dei åtte jobbane ut på anbod:
– Eg trur ikkje dette vil bli billegare. Ikkje ut frå den informasjonen eg har fått. Dei har grovt rekna seg fram til at dei skal spare ein million kroner. Det er ikkje rekna med administrative kostnader knytte til anbodsprosessane og oppfølging av avtalane, seier ho.
Viser til Oslo-modellen
Kulturbyråd North seier at regelverket for anbod og Oslo-modellen skal sikre gode løns- og arbeidsvilkår.
– Fire reinhaldarar risikerer å måtte jobbe fem år lenger og få ca. 1 million mindre pensjon. Kva tenker du om det?
– Eg har ikkje grunnar til å meine noko om dei tala. Det eg veit, er at Deichman, på lik linje med absolutt alle aktørar som arbeidsgivarar, må halde seg til norsk regelverk. I tillegg har Oslo kommune Oslo-modellen, som er endå strengare enn nasjonalt regelverk når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår. Eg vil seie at dette betyr at eg har tiltru til og forventning til at Deichman forholder seg innanfor dagens regelverk, seier North.
Ho legg til at Deichman kan ha gode grunnar til å privatisere reinhald.
– Deichman skal levere eit godt tilbod til innbyggjarane i Oslo. Dersom dei meiner at dei kan spare ein million på reinhaldstenestene, som ikkje er ei kjerneoppgåve i drifta til Deichman, meiner at det kanskje er ein klok måte å handtere sine kutt på. Det er sikkert andre som kanskje er betre på å organisere det arbeidet, og kanskje kan til og med vere ein betre arbeidsgivar for dei som skal drive med reinhald på Deichman.
– Du seier at kanskje andre kan organisere betre. Har du nokon tankar om korleis andre kan gjere det betre?
Deichman driv jo ikkje med reinhald, det er ikkje deira hovudgeskjeft.
– Eg kan ikkje meine så mykje om det. Men Deichman driv jo ikkje med reinhald, det er ikkje deira hovudgeskjeft. Det er først og fremst bibliotektenestene til byens innbyggarar Deichman er innmari gode på. Dei som spesialiserer seg på reinhald, er kanskje av den grunn er betre på det.
Nærmar seg fleirtal for anbod
Varaordførar i Oslo, Julianne Ofstad (Frp), seier også ho og partiet vil stemme for å sette reinhaldet ut på anbod. Frp og Høgre har til saman 24 mandatar i Oslo bystyre og treng å få med seg til dømes Venstres fire og KrFs eine mandat for å sikre fleirtal for forslaget.
– Vi er i utgangspunktet for det. Vi ser at veldig mange reinhaldstenester andre stader i kommunen er lagt ut på anbod. Vi meiner det er naturleg at ein også gjer det på Deichman. Og vi kjem ikkje til å forsøke å reversere dette i forhandlingar med byrådet, seier Ofstad.
– Kva tenker du om dei som ligg an til å gå glipp av AFP-en sin?
– Vi meiner at det anskaffingsregelverket vi har, er godt. Det sørger for at seriøsiteten i arbeidslivet og rettane til dei tilsette blir tekne vare på. På lik linje med mange andre reinhaldstenester som er konkurranseutsette i byen. Vi meiner det vil vere varetatt av ordningane vi har.
– Men når sånn systemet er i dag, ser du at dei vil greie å få bevart AFP-en sin? Om det blir lagt ut på anbod?
– Det er jo nokon som kjem dårlegare ut. Dei fleste reinhaldstenestene i Oslo kommune er lagt ut på anbud. Og vi ser ingen grunn til at ein ikkje skal gjere det same med reinhaldstenestene på Deichman.
Pressa økonomi
Også varaordførar Ofstad peikar på lite pengar i Oslo-kassa:
– Det er ingen tvil om at den økonomiske situasjonen i kommunen er stram og ganske alvorleg med tanke på å ta vare på tenestene i kommunen. Så vi må jo sjå på alle område der ein har moglegheit til å effektivisere. Utfordringa er at vi nok er ueinige i kva som er den beste måten å gjere det på. Men Oslo kommune har fått mykje lågare inntekt. Så vidt eg veit, er det 2026 det året som kjem til å bli strammast og med dei største kutta. Det er eit bakteppe vi tar med oss inn når vi skal forhandle med byrådet, seier Ofstad.
– Småleg kutt
Tillitsvalde Dellegård ber partia tenkje seg godt om før dei skal stemme over kuttforslag 16. desember:
– Eg håpar dei skal legge ideologi og si sterke tru på at marknadskraftene alltid skal ordne opp til side. Tenk heller på kva som er best for Oslo si befolkning, kva som gir best reinhald, og kva som gir best lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette, seier ho.
Ho legg til at ho er motivert for neste kommuneval.
– Vi kan byte ut politikarane i 2027. No har vi eit høgrebyråd som vel å fjerne eigedomsskatten framfor å tilby gode velferdstenester. Så kjem eit småleg kutt som er å konkurranseutsette reinhald på Deichman, som går veldig hardt utover dei tilsette, seier Dellegård.