Tatt i kontroll av tilsyn
Blei milliardærar på barnehage. No kan dei få kjempekrav
Eigarane selde barnehagebygg for 4,25 milliardar og flytta formuen til Sveits. Etter kontroll av tre barnehagar meiner staten at pengar som skulle ha gått til barn har hamna på avvege.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Læringsverkstedet driv 260 barnehagar og er den største kjeda i landet. Læringsverkstedet er eigd av ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby. Dei selde barnehagebygga til det svenske selskapet SBB for 4,25 milliardar kroner i 2020. Etter salet sat ekteparet igjen med ein formue på 1,25 milliardar kroner. I 2022 flytta dei til Sveits.
Barnehagebygga vart seinare selt igjen: Det kanadiske oppkjøpsfondet Brookfield eig no bygga 300 norske barnehagar.
Tilsyn etter varsling
No meiner Utdanningsdirektoratet og deira barnehagetilsyn at det har skjedd feil i prosessen då dei over 200 barnehagebygga gjekk frå å vere eigd av Sundby-ekteparet til det svenske selskapet.
Tilsynet starta ein kontroll med tre Læringsverkstedet-barnehagar etter eit varsel om at prisen på bygga hadde blitt sett kunstig høg og at leia også var for høg.
Læringsverkstedet avviste dette og meinte handelen var innanfor.

• Sjekk kor mykje mindre skatt for barnehageeigarar i Sveits
Krev millionar betalt tilbake
No er den førebelse tilsynsrapporten klar. Tilsynet varslar 12. januar at dei vurderer å krevje at Læringsverkstedet betalar tilbake over 37 millionar kroner.
Dei har sett på Læringsverkstedet Forus barnehage i Stavanger. For denne barnehagen krev tilsynet betalt tilbake 16.326157 kroner. Tilsynet såg på Læringsverkstedet Kristiansund idrettsbarnehage. Her krev dei tilbake 15.323874 kr. Tilsynet kontrollerte også Læringsverkstedet Hellemyr Solkollen barnehage i Kristiansand. Her kom kravet på kr 5.935.940 kr.
Bakgrunnen for dei ulike krava er ei vurdering av verdien av eigedomane barnehagane ligg på, opp mot den bokførte verdien som vart lagt til grunn i salet. Den endelege kravsummen kan bli justert basert på tilbakemeldinga Læringsverkstedet kjem med før 12. februar.
• Brukte barnehagen sine pengar for oppkjøp
– Ville utgjort betydeleg forskjell for barna
Håkon Holmen er leiar for Utdanningsdirektoratet sitt tilsyn med barnehagar.
Han skriv i ein epost til Fagbladet at tilsynet er førebels og at Læringsverkstedet skal svare på varsla om tilbakebetaling. Slik det ser ut for tilsynet no, meiner dei at pengar som skulle ha gått til barnehagebarn, har gått andre stadar:
– Vår førebelse vurdering er at barnehagen har inngått avtalar med nærståande som ikkje ville ha vore inngått med ein uavhengig part. Vi meiner at om desse midla hadde blitt brukt på godkjent barnehagedrift, hadde det utgjort ein betydeleg forskjell for barna i barnehagen, skriv Holmen på epost.
Han skriv vidare at tilsynet ikkje har sett på lån eller leigenivå spesifikt, noko som låg til grunn for varselet frå investeringsselskapet Viceroy. Det tilsynet har sett på, er «korleis barnehagane økonomisk kom ut av ei utfisjonering av barnehageeigedommar».
Utfisjonering av eigedom er regna som ein effektiv måte å overføre bygg frå eit selskap til eit anna. Utfisjonering kan også gje mindre skatt ved sal eller overføring av eigedom.
• Firedobla husleiga etter sal
Læringsverkstedet: – Har ikkje brote lover
Læringsverkstedet har frist til 12. februar for å kome med svar til tilsynet. Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet, avviser på epost at det har skjedd noko ulovleg.
– Korleis stiller Læringsverkstedet seg til tilsyna og krava om tilbakebetaling?
– Tilsyna det blir referert til er eit pågåande tilsyn og rapporten frå Utdanningsdirektoratet er førebels. Ein endeleg konklusjon er ikkje fatta i saka. Tilsynet gjeld ei selskapsmessig omorganisering gjennomført i 2020. Omorganiseringa er i gjennomført i tråd med aksjelova, skattelova og regnskapslova. Men Utdanningsdirektoratet meiner at barnehagelova også regulerer slike omorganiseringar. Læringsverkstedet er heilt ueinige i at barnehagelova har eigne reglar for selskapsmessige omorganiseringer og meiner den førebelse konklusjonen i rapporten er feil, skriv Sydtangen.
Avviser at eigedomane er prisa feil
Den daglege leiaren avviser at det er brukt feil verdiar:
– Læringsverkstedet har gjennomført fisjonen i tråd med alle relevante reglar for fisjon. Det er innhenta ekstern verdsetting og bytteforholdet i fisjonen er basert på verkeleg verdi. Det er inga underprising av eigedommane og eigenkapitalen i barnehagane er i behald. Læringsverkstedet vil kome med sine kommentarar til den førebelse tilsynsrapporten frå Utdanningsdirektoratet for å kaste vidare lys på saka, skriv Sydtangen i Læringsverkstedet.
Tilsynet har sett på tre av til saman 260 barnehagar kor bygga dei driv i blei kjøpt opp av svenske SBB (SBB selde som tidlegare nemnt hausten 2023 eigedomane til kanadiske Brookfield).
Tilsynet skriv at det kan bli aktuelt å sjå på fleire av barnehagane. Fleire kjeder har gjort som Læringsverkstedet og selt bygga til utanlandske eigarar. Sjekk eigen faktaboks.