Anne-Lise kan bli tvungen til å selje heimen: – Naboane får millionar og eg blir kasta på gata som fattig
Eit søksmål frå ei fagforeining kan gjere at Anne-Lise Vang blir tvinga til å selje heimen. Skjer det, vil ho få rundt 300.000 kroner. Naboen som har lik leilegheit, vil få rundt tre millionar kroner.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Anne-Lise Vang er 55 prosent ufør, utdanna lektor og har prosjektjobb ut juni. Ho bur sentralt i Bergen i ei leilegheit ho eig og ønskar å pusse opp.
– Eg veit verkeleg ikkje korleis det skal gå. Ikkje berre må eg ut av heimen min, men eg anar ikkje korleis eg skal få det til å gå rundt. Eg trur det blir økonomisk ruin, seier Vang.
Ho og rundt 50 andre i arbeidarleilegheitene i Trikkebyen er i same situasjon. Dei eig leilegheiter til ein estimert verdi frå to–tre millionar og oppover, men risikerer å sitte igjen med berre 10 prosent av salssummen. Og dei kan bli tvinga til å både selje og flytte om dei taper i retten i haust.

Pensjonist: – Tek frå meg nattesøvn
Det bur rundt hundre i arbeidarbustadane. Fleire er pensjonistar med avgrensa økonomi. Som «Maria»:
– Eg er gift med ein mann som blei ufør og me sette pengane inn her. Berre badet kosta 100.000 kroner. Me har pussa ordentleg opp, sett inn peis og får ingen ting. Dette tek frå meg nattesøvn, fortel ho.
Ho vil ikkje stå fram med fullt namn på grunn av konflikten som har gått fleire rundar i retten sidan 2013.
– Me har ikkje noko pengar i bakhand og ikkje råd til å kjøpe nytt.
Både «Maria» og Vang er av dei rundt 50 som kan gå frå å eige leilegheiter verdt fleire millionar i Bergen sentrum, til å bli tvinga til å selje. Og måtte gje frå seg 90 prosent av verdien av salssummen.

– Vanskeleg psykisk
Stridens kjerne er kven som skal få verdiar frå 110 leilegheiter på Møhlenpris. Dei blei bygd på starten av 1900-talet for å gje billige bustader til fagorganiserte som jobba med trikk. I dag er det rift om kven som har krav på kva. Bergen Sporveisfunksjonærers forening krev 15 prosent av verdiane frå dei to bygårdane. Bergen Sporveisfunksjonærers byggeselskap, som er styrt av bebuarane, meiner den saksøkande fagforeininga ikkje har krav på noko pengar. «Maria» er kritisk til at hennar eiga fagforening går til sak:
– Det verkar ikkje riktig. Du føler du har vore med i foreininga og gjort ting riktig. Dei gjer noko mot oss som er vanskeleg psykisk. Den uvissa som følger med, er veldig vond, fortel «Maria», som har vore medlem i Bergen Sporveisfunksjonærers forening i over 40 år.
– Må leie resten av livet
Anne-Lise Vang fortel at ho har ei årleg inntekt på 215.000 kroner etter skatt:
– Det er nesten umogleg for meg å kjøpe nytt. I og med at eg er 55 prosent ufør kan eg berre gløyme fellesgjeld, husleige og lån. No betalar eg 3500 i månaden for å bu her. Den summen er det berre å gløyme om eg må flytte, seier Vang. Ho og «Maria» er av dei rundt 50 som vil kome i ein vanskeleg situasjon om fagforeininga vinn i retten og det blir tvangssal.

Halvparten vakna som millionærar
Dei 50 andre bebuarane vil sitte igjen med fleire millionar. Og kven av dei i Trikkebyen som blir millionærar eller ikkje, er tilfeldig:
– Eg blir matt og sliten. Eg kan ikkje investere noko i dette og leilegheita forfell. Eg vil sitte igjen med 300.000 og naboen som har lik leilegheit vil få tre millionar kroner. Det er rett og slett flaks og uflaks kven som fekk A- eller B-aksjar. Då blir uretten endå større.
– Kva tenkjer du om balansen mellom kravet til foreininga og bebuarane?
– For meg er fagforeining solidaritet. Det å sette folk på gata er så langt frå solidaritet du kan kome, seier Anne-Lise Vang.
– Sporveisforeningen har verken krav på pengar eller ein rett til å krevje leilegheitene seld, seier bebuar og styremedlem Mariann Fossum. Les heile intervjuet med ho i ramma under:

Korleis er alt dette mogleg?
Historia om Trikkebyen er ein svært sjeldan og innvikla konflikt. Fram til 2011 trudde alle som budde i Trikkebyen at dei leigde. Halvparten av dei vakna ein dag som millionærar. Korfor? Trikkebyen er eit bustadaksjeselskap. Husa blei bygd etter initiativ frå fagforeininga til trikkearbeidarane, Bergen Sporveisfunksjonærers forening. Fagforeininga oppretta eit byggeselskap, som i dag er styrt av bebuarane og ikkje fagforeininga lenger. Folk fekk burett og flytte inn ved å kjøpe ein A- eller B-aksje i A/S Bergens Sporveisfunksjonærers Byggeselskap, til ein pris frå 10 til 2000 kroner. Det ga burett. Om dei flytta, selde dei aksjen tilbake til styret i selskapet til same pris – det sto i vedtektene til selskapet. Etter kvart som nye flytta inn, vart det tilfeldig kven som fekk A- eller B-aksje. I takt med at det blei færre sporveisfunksjonærar fordi det blei slutt med trikk i Bergen, blei det opna for at folk som ikkje var medlem au kunne kjøpe aksje, flytte inn og «låne» leilegheit i Trikkebyen.
Fagforeining krev 15 prosent
I ei gransking for byggeselskapet i 2011 kom advokat Hogne Sandanger fram til at bebuarane i Trikkebyen juridisk sett var eigarar, og kunne selje leilegheitene fritt til marknadspris. Vedtektspunktet om at aksjane måtte tilbake til selskapet ved flytting, var ulovleg. Då blei det konflikt.
Konflikten skyldes mellom anna at Bergen Sporveisfunksjonæreres forening, som eig 15 prosent av aksjane i byggeselskapet, men ingen burett, krev sin del av verdiane frå Trikkebyen. I 2020 slo retten fast at Sandanger hadde rett: Bebuarane er eigarar og kan selje leilegheitene til marknadspris. Konklusjonen: Dei 110 leilegheitene i Trikkebyen vart i 2018 taksert til ein samla verdi på 230 millionar kroner. Alle i Trikkebyen har altså betalt mellom 10 og 2000 kroner for ei leilegheit med millionverdi.
– Om kvar av bebuarane hadde betalt 100.000-300.000 til foreininga, hadde saka vore løyst, seier Morten Ulevik, tidlegare leiar i Bergen Sporveisfunksjonærers forening.
Sjå heile tilsvaret i ramma under:
Men kven skal få pengane?
Bustadselskapet har til saman 665 aksjar. 50 bebuarar eig ti aksjar kvar. (A-aksjonærar). 50 andre bebuarar eig ei aksje kvar (B-aksjonærar). Sjølve boligselskapet eig ti aksjar. Fagforeininga eig 100 aksjar. Bebuarane eig aksjar med burett. Bergen Sporveisfunksjonærers forening, som er ein del av Fagforbundet, eig aksjar utan burett.
Men foreininga har altså eigarinteresse på vegner av fleire enn berre bebuarane – av dei 300 medlemmane bur 19 i Trikkebyen. I januar 2022 tok foreininga ut eit søksmål som skal opp i retten i oktober. Fagforeininga krev at boligselskapet tvangsoppløysast. Dei meiner det ikkje er rett at bebuarar kan selje leilegheiter og få millionar, medan fagforeininga ikkje får noko.

Pengeinnsamling eller sal
Bergen Sporveiersfunskjonærers forening er ein del av Fagforbundet og LO. Vinn fagforeininga i retten, betyr det i praksis at alle leilegheitene må seljast. Bebuarane vil bli kjøpt ut – halvparten (A-aksjeeigarane) får full pris, medan resten (B-aksjeeigarane) får 10 prosent. Det kan vere at bebuarane vil få tilbod om å fortsette å bu der mot å betale marknadsleige. Det blir over det dobbelte av det dei betaler i fellesutgifter i dag. Det kan også hende at alle som bur der må flytte etter at dei har blitt kjøpt ut.
Fagforeiningas første krav var eigentleg 17 millionar kroner som sin del av aksjeverdien i selskapet. Skal foreininga få pengar, må bebuarane anten samle inn pengar og kjøpe dei ut, eller leilegheiter må seljast. Om partane ikkje blir einige, blir det ei ny runde i retten 31. oktober.