colourbox
Leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet
Har du høyrd om sterilforsyningsteknikarar? Mange har kanskje ikkje det, og er ikkje klar over kor sentrale dei er i drifta av sjukehusa våre. Du har aldri ein time hos ein sterilforsyningsteknikar. Dei møter deg ikkje i døra. Det er ikkje sikkert du går forbi ein i gangane på sjukehuset heller, men for at du skal vere trygg på sjukehuset treng du at sterilforsyningsteknikarane går på jobb.
Deira hovudoppgåve er å sikre at utstyr er skikkeleg sterilisert og klargjort til bruk. For at du skal vere trygg når du skal gjennomføre ein prosedyre på sjukehuset er dette kritisk. Feil kan resultere i alvorlege infeksjonar.
Infeksjonar er ein av dei største farane i helsesektoren. Infeksjonar i til dømes operasjonssår kan gje alvorlege komplikasjonar og øydelegge for at såret gror. Fagleg forsvarleg handsaming av operasjonsutstyr er difor heilt avgjerande. Det er slikt sterilforsyningsteknikarane er ekspertar på.
Fagforbundet ynskjer å synleggjere sterilforsyningsteknikarane. Difor meiner me i Fagforbundet at sterilforsyningsteknikarane fortener ein eigen dag! Valet på dato var ikkje vanskeleg, 10. april er allereie den internasjonale dagen for sterilforsyningsteknikarar. Det er naturleg at me slutar oss til den.
Fagforbundet organiserer alle som jobbar i helsesektoren, uavhengig av utdanning. Mellom dei me organiserer finn du mange av dei som avisene gløymer når dei hyllar helsepersonell. Dei som gjer dei «usynlege», men viktige oppgåvene som må til for at dei meir synlege gruppene skal kunne gjera sine jobbar trygt og sikkert.
Difor håpar eg at du blir med meg og feirar sterilforsyningsteknikarane våre! Dei er kritisk viktige fagfolk som sikrar at du og eg vert trygge viss me må på sjukehuset.
Gratulerer med sterilforsyningsdagen!
SOLIDARITET: – Vi krever at det tas solidariske grep, sier leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet.
Ida Bing
MER TIL FLER: Alle foreldre med barn under 18 år får en økt ytelse fra 1. mai.
Mats Løvstad
Martin Guttormsen Slørdal
HAR TROA: Akademikerne, Unio og LO kommune er fortsatt like uenige om lavtlønte skal prioriteres eller om bedre lønn til høyt utdannede for å sikre at kommunene får rekruttere viktig personell. - Jeg tror vi finner en løsning, sier Mette Nord (t.v) i LO kommune.
Ola Tømmerås
TRYGGERE: – Nå trenger ikke de ansatte å bekymre seg for billigere og dårligere pensjonsavtaler ved at barnehageeierne bytter tariffavtale for å få lavere kostnader, sier Mette Nord om forslaget til ny barnehagelov. Illustrasjonsfoto.
Jo Straube
TIL HØYESTERETT: Norges høyeste domstol skal behandle spørsmålet om omplasseringsplikt, etter en anke fra Tana kommune.
Sissel M. Rasmussen
Birgit Danneberg