Fagarbeidarane fekk mest i private barnehagar

Minst 7500 kroner i tillegg til alle, og nesten 20.000 til fagarbeidarar med lang ansiennitet. Dette er resultatet frå lønsoppgjeret i private barnehagar som vart avslutta torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Partane i oppgjeret for private barnehagar tilknytta Private Barnehagers Landsforbund (PBL) hadde forhandla i to dagar då resultatet var klart torsdag ettermiddag.

Forhandlingsleiar for Fagforbundet, Mette Henriksen Aas, meiner dei har fått eit akseptabelt resultat med ei rame på linje med lønsoppgjera i offentleg sektor.

Motiverer dei tilsette

Alle medlemmer i PBL-området får minst 7.500 i lønstillegg. Og vinnarane blant dei tilsette er fagarbeidarar med 16 års ansiennitet. Desse får 19.200 kroner i lønstillegg frå 1. mai.

- Våre medlemmer med lang ansiennitet treng ei løn som gjer at de ynskjer å fortsette i jobben. Det meiner vi partane har fått til i dette oppgjeret. Samtidig er dette eit steg på vegen for å rekruttere kvalifisert personale til barnehagen, seier forhandlingsleiaren.

AFP

Forutan lønstillegg, var også spørsmål knytt til AFP eit viktig tema i forhandlingane. Partane er no einige om å vidareføre AFP-ordninga for tilsette i private barnehagar.

- Dette sikrar at våre medlemmar har rett til å gå av ved 62 år utan at dei må ete av framtidig alderspensjon. Slik får våre medlemmer same mulegheit for tidlegpensjonering som tilsette i offentleg sektor har, slår forhandlingsleiaren fast.

Til saman organiserer Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Delta i overkant av 11.000 tilsette dei private barnehagane som er knytte til PBL.

Powered by Labrador CMS