Rauddagar i 2020:
Her er dei raude dagane i 2020: I år må du jobbe litt meir enn i fjor
To ekstra arbeidsdagar samanlikna med i fjor, er resultatet av årets rauddagar.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Mens ti av fjorårets rauddagar fall på ein kvardag, er talet åtte i år. 17. mai er ein søndag og andre juledag er ein laurdag. I fjor fall desse dagane på ein fredag og ein torsdag, som gjorde at vi fekk fleire kvardagar fri.
Rauddag på kvardag
Første nyttårsdag, 1. mai og første juledag er kvardagar i år som i fjor.
Rauddagane som alltid fell på ein kvardag, er skjærtorsdag, langfredag, andre påskedag (måndag), kristi himmelfartsdag (torsdag) og andre pinsedag (måndag).
Grunnen til at dei alltid fell på desse dagane, er at dei blir berekna ut frå første påskedag som alltid er ein søndag. Nærmare bestemt er det søndag etter første fullmåne på eller etter 21. mars, ifølge lova.
Meir lønn?
Det er berre 1. mai og 17. mai du etter lova skal ha lønn. Tariffavtalene har derimot reglar som sikrar deg godtgjering for fri på andre rauddagar. Dermed får mange av oss like mykje lønn i år som i fjor.