Vil ha Israel ut av FN
Fagforbundet samanliknar Israel med aparthaid Sør-Afrika: – Stolt over at vi viser veg til ei anna verd, seier tillitsvalde Sara Bell.
Den norske regjeringa bør ta til orde for å nekte den israelske delegasjonen å delta i FN si generalforsamling, såkalla "unseating. Det vedtok Fagforbundet sitt landsmøte fredag:
– Det er viktig med ei svært tydeleg fråsegn frå Fagforbundet sitt landsmøte, som viser vegen vidare for det raudgrøne fleirtalet på Stortinget når det gjeld å handle på ei rekkje punkt for å leggje press på å få avslutta folkemord og ulovleg okkupasjon. Og å stille Israel til ansvar i tråd med dei folkerettslege forpliktingane deira gjennom sanksjonar, seier Sara Bell som var delegat på landsmøtet. Ho er også regionssekretær i Fagforbundet Vestland og har vore ei markant stemme for palestinsk sjølvstyre i fleire år.
Dette betyr "unseating"
Såkalla "unseating" betyr at eit land mistar tale- og stemmerett i FN si generalforsamling. Det skjer om eit fleirtal av medlemslanda bestemmer å ta ifrå nasjonen krediteringa til generalforsamlinga. Landet er framleis medlem av FN, men kan berre delta i enkelte FN-organ.
Vil ha FN-styrke i Gaza
Vidare vedtok Fagforbundet at dei meiner regjeringa bør jobbe for ein FN-styrke som skal beskytte sivile i Gaza:
– Eg er stolt av at vi som forbund skaper eit stort og tydeleg politisk handlingsrom for våre politiske vener. At vi viser vegen til ein annan verd, og at vi bidreg til å løfte håpet om ei lysare framtid og ei regelstyrt verdsorden, seier Sara Bell til Fagbladet rett etter landsmøte-vedtaket.