Hjelpearbeid på Gaza støtta av Fagforbundet

Hjelpearbeidaren «Adam» søv ute på ein madrass: – Foreldre merkar born med sprittusj, i tilfelle dei blir sprengde

Norsk Folkehjelp-tilsette «Adam» svimlar av svolt, har fått huset sitt bomba og ser foreldre skrive namna sine på hender til små barn i tilfelle dei blir sprengde: – I alt dette får vi eit utroleg håp og styrka moral av det eg ser folk gjere i Noreg.

HJELPER: Redningsmannskap frå ein Fagforbundet-støtta organisasjon i aksjon i Gaza.
Publisert Sist oppdatert

Føresetnaden for at "Adam" stiller til intervju, er at namnet hans blir heldt hemmeleg. Hjelpearbeidaren i 30-åra seier han fryktar Israel vil drepe han for å dele med omverda kva som skjer i Gaza.

– Eg merkar svolten ved at eg blir svimmel, sveittar, får hovudpine, hendene skjelv og eg slit med å fokusere. Eg må ofte ta smertestillande fordi vatnet vi drikk er forureina og gjer at vi får konstante mageproblem.

Fryktar han kan bli drepen for å snakke 

"Adam" har jobba i seks år for Norsk Folkehjelp i Gaza. Heimen hans har blitt bomba, huset til besteforeldra er lagt i grus og heile familien er driven på flukt:

– Eg søv på ein madrass utandørs i ein hage, medan kvinnene, dei eldre og borna søv inne i huset, seier den Norsk Folkehjelp-tilsette.

FLUKT: "Adam" fortel at han budde i ei av blokkene til høgre. Dit måtte han flykte fordi heimen hans blei truffen av bomber. Etter han flykta, blei den nye heimen totalt smadra. Han og resten av familien måtte legge ut på flukt på ny.

Lærer vekk korleis overleve i ruinar

"Adam" seier at han og dei andre i Norsk Folkehjelp på Gaza prøver så godt dei kan å gjere jobben sin. Trass svolt, bombing og at dei konstant blir drivne på flukt. Ein del av jobben hans er å lære ungar å ikkje plukke opp israelske ueksploderte bomber:

– Vi underviser blant anna i kva dei skal gjere om dei finn ei bombe eller granat. Vi har mista så mange kvinner, barn, arbeidarar eller fattige menneske som leitar etter søppel for å resirkulere det eller for å overleve, seier den Norsk folkehjelp-tilsette. 

Ser foreldre skrive namn med sprittusj på borna

Han og kollegaene underviser også i kva folk skal gjere om dei er i hus som blir bomba:

– Eg reiser rundt og lærer vekk til barn og vaksne at alle som kan, bør skaffe seg ei fløyte. Eller noko som lyser. Då blir det lettare å finne dei om dei overlever eksplosjonen og blir fanga i ruinane, seier "Adam" og fortset:

– Eg har sett foreldre som tek sprittusj og skriv navna sine på armane og hendene til treåringen sin. Det er fordi om ungen blir sprengt i bitar, skal det vere lett å finne ut kven sin unge det er.

EKSPLOSJON: Adam fortel at han tok dette bildet etter at han måtte flykte frå heimen sin. I bakgrunnen ser du ein røyksky frå israelsk bombing.

Ser familie og venner svime av

Eit konstant problem for "Adam" og dei rundt han er at matmangelen gjer at dei fell om:

– Ein gong greidde eg utruleg nok å få tak i litt sukker. Vi blandar sukkeret med vatn. Når fleire av familiemedlemmane mine har svima av, gjev eg dei sukkervatn slik at dei vaknar igjen, forklarer hjelpearbeidaren. Han fortel at pengar har slutta å ha verdi:

– Det finst ikkje minibankar her lenger. Om du har løn, må du då overføre digitale pengar til ein person som har kontantar. Her må du då betale 50 prosent kommisjon. Om det er mat å få tak i har prisane auka med opp mot 4000 prosent. Pengar har mista sin verdi, seier "Adam". Han fortel vidare at fleire i familien har blitt drepne. Og at huset til besteforeldra er totalt smadra.

FLUKT: Fordi mange skular er enten sprengde eller områder med kamp, skjer ofte skule-undervisning i telt i Gaza.

Fagforbundet med støtte og innsamling

Fagforbundet har samarbeida med Norsk Folkehjelp om prosjekt på Gaza og Vestbredda sidan 2009. Fagforbundet støttar tre palestinske organisasjonar, som samarbeider med Norsk Folkehjelp. Det er desse lokale organisasjonane "Adam" hjelper. I tillegg har Fagforbundet sidan november 2023 samla inn 4,3 millionar kroner i Gaza sulter-kampanja. Pengane er samla inn av medlemmer, tillitsvalde, fylkeslag og har gått til blant anna akutt nødhjelp:

– Det viktig å vere på lag med dei som faktisk er undertrykka. Og i denne situasjonen så har vi bygd alliansar gjennom Norsk Folkehjelp til både småbrukarlag, kvinneorganisasjonar, ungdomsorganisering, småbønder og fiskarar, seier Fagforbundet-leiar Mette Nord. 

STILLE STRAND: "Adam" fortel at det ved denne stranda brukte å yre av liv og leik. Grunna krigen er den heilt folketom

– Heilt surrealistisk

Nord seier ho og Fagforbundet med sine 414.000 medlemmer ønsker bidra til at palestinarane skal kunne klare seg sjølve: 

– Støtta handlar om den solidariske tanken om å bygge demokrati. Og å sikre at den palestinske befolkninga kan brødfø eiga befolkning og utvikle samfunnet. Det gjer vi ved ein ganske omfattande samarbeidsavtale med Norsk Folkehjelp, seier Nord. Ho deler eit minne frå då ho sjølv var inne i Gaza i 2016:

– Det var heilt surrealistisk. Her i Noreg lærer vi ungane våre å ikkje gå på rødt lys. Eg har sett korleis palestinske småungar blir lært at dei må halde munnen open om dei blir bomba. For å unngå å få trykk i øyrene. Og korleis dei blir kursa i at dei ikkje må la knivar og gaflar ligge på bord. Om det kjem ein eksplosjon, kan lause middagsknivar kome fykande. 

NY FLUKT: "Adam" fortel bildet viser då han og familien måtte flykte for andre gong. Først gong fordi heimen hans ligg i ei kampsone og fordi den blei truffen av bomber. Neste runde med flukt skjedde fordi plassen staden dei flykta til, også blei bomba og totalt øydelagd.

Norsk Folkehjelp:  – Bevisst utsvelting

Kelly Flynn er landdirektør for Palestina i Norsk Folkehjelp. Ho har leia hjelpearbeidet sidan to veker før terror-angrepet til Hamas i oktober 2023. Flynn seier at den israelske staten gjer det dei kan for å gjere arbeidet hennar så vanskeleg som råd:

– Dei driv bevisst blokkering av all støtte og hjelp som vi og andre hjelpeorganisasjonar prøver å få inn i Gaza. Det er ei bevisst utsvelting av 2,2 millionar menneske og eit folkemord der målet er å gjere det uråd å bu på Gaza, seier landdirektøren som har 25 års erfaring med humanitært arbeid mellom anna i fleire afrikanske land og Myanmar.

–  "Adam" gjev håp

 Landdirektør Flynn seier ho dei siste åra har blitt godt kjent med "Adam", som er ein av dei seks tilsette til Norsk Folkehjelp inne i Gaza:

– Han har evna til å vere heile tida håpefull. I ein veldig skjør og mørk situasjon. Og det er dette håpet som motiverer han til å støtte kollegaene og partnarane våre i Gaza. Og til å vere tilgjengeleg heile tida, der han er svært godt på å gje moralsk og emosjonell støtte. Han står opp for kjerneprinsippa til Norsk Folkehjelp om medkjensle og respekt. "Adam" er også ei svært sterk stemme for rettane til palestinarane, seier Flynn

STOLT: Kelly Flynn er landdirektør for Norsk Folkehjelp i Palestina og seier ho er stolt over arbeidet "Adam" og dei andre tilsette i Norsk Folkehjelp får til inne i Gaza. Trass dei svært vanskelege forholda.

Ein dråpe som får han til å håpe

"Adam" deler at det er vanskeleg å sjå lyset i enden av tunellen:

– Men når du ser at du kan  påverke livet til eit individ. Du reddar livet til eit barn. Eller ei gravid kvinne. Med mat, eksempelvis. Og du ser dei smile igjen. Det er dette som får meg til å håpe. Som eg sa til ein kollega, vi har tom mage, men hjartet er fylt av håp, seier den Norsk Folkehjelp-tilsette. "Adam" seier at arbeidet han og andre gjer kan følast som ein drope i havet. Og at behovet er mykje større enn det både Norsk Folkehjelp og andre organisasjonar greier å levere:

– Det som trengst no, er at andre land og regjeringar trår til for å få stoppa krigen.

STØTTER: Støttemarkering med folk frå Fagforbundet i Kristiansund. "Adam" og andre har fått med seg dei mange demonastrasjonane og markeringane i Norge.

– Kjøpe mat frå butikkeigaren som plagar hunden din?

Eit stykke ut i intervjuet spør eg han kva han tenkjer om norsk økonomisk boikott av Israel:

– Om du har ein hund, går tur med han, og du ser ein mann angripe og plage hunden din: Vil då kjøpe varer frå butikken til den mannen som plagar kjæledyret ditt? spør Adam. Eg spør han om det kanskje ville vere meir illustrerande å bruke ein ven som eksempel, i staden for ein hund:

– Situasjonen har blitt slik og så dehumanisert når det kjem til palestinarane og Gaza, at det er derfor eg vil forklare dette med dyre-eksempel, seier "Adam". Han fortset:

– Eg har sett mange utsegner frå den norske regjeringa som fordømmer drap på uskuldige sivile i Gaza. Om du verkeleg meiner det, oversett det til handling. Vi er forbi tida for utsegner.

OSLO: Markering til støtte for Palestina.

Takkar Noreg og Fagforbundet

"Adam" fortel at det er spesielt ein ting som rører han og andre palestinarar. Støtta frå medlemmane i Fagforbundet: 

– Først av alt, frå ein palestinar på bakken: Takk frå botnen av hjartet. Som palestinsk borgar, og som stolt arbeidar for ein norsk organisasjon, blir hjelpa di levert. Du har sjenerøst donert, og hjelpa blir brukt for å redde liva til folk. Du støttar er ei livslinje, seier hjelpearbeidaren. Ein annan ting som rører, er det folkelege engasjementet:

– Eg har sett enorme demonstrasjonar i Noreg. Kollegaene mine sende meg bilete av norske vanlege folk, tillitsvalde og folkevalde med palestinske flagg, som ropte: Stopp folkemordet! Stopp krigen! De anar ikkje kva dette betyr for meg, for venene mine, familien min og alle her. Vi ser at vi ikkje står åleine. Det er fordi folket er vakne og pressar på at dette vil snu, seier "Adam" medan han legg ei hand over hjartet sitt.

 

Powered by Labrador CMS