Pensjonistane driv ferga: Verdas minste cruise med Beffen
Den vesle ferja har frakta turistar og bergensarar over Vågen i 132 år. Pensjonist og Beffen-kaptein Steinar seier dei ikkje førebur seg på turistsesongen.
– Det nærmar seg turistsesong, men her i Bergen er det turistar heile året. Me gjer ikkje stort for å førebu oss til sommaren. Båtane går til faste tider uansett, seier Steinar Rosvold.
Han er ein av tre pensjonistar som køyrer Beffen-båtane mellom Bradbenken ved Bryggen i Bergen og Nordnes.
Sjølv er han tidlegare sjømann og kaptein.
– Du var ikkje heilt ferdig med å vere på sjøen?
– Nei, det kan du seie, men det er kjekt med ein hobby. Me er fleire som deler ansvaret, og ein kan jobbe når ein vil, forklarer Steinar.
Unngå regnet
I staden for å gå i 20 minutt rundt Vågen kan Beffen frakte deg over på om lag tre minuttar.
Då Fagbladet møter Steinar ved 12-tida, fortel han at han allereie har frakta mellom 40 og 50 passasjerar.
På ein vanleg dag har han gjerne over hundre passasjerar om bord.
– Det er ikkje alltid sol i Bergen, så då er det greitt å kome seg over litt raskare – og korte ned tida ein kan bli våt på, seier Steinar med eit smil.
Turistar og lokale
Steinar har lita tid mellom kvart stopp.
– Det går i eitt. Det er ikkje mykje dødtid her, for å seie det sånn, seier han medan han ønskjer eit nytt lass med passasjerar velkomne om bord.
Steinar seier at sjølv om båten er ein svært populær turistattraksjon, er det mange bergensarar som òg nyttar seg av snarvegen over Vågen.
– Nokre tek han til jobb, og nokre tek han heim frå jobb. Du sparer om lag 20 minutt om du vel båten framfor å gå. Me byrjar å køyre i halv åtte-tida, noko som er perfekt for dei i Sandviken som skal vere på jobb i åtte- eller ni-tida på Nordnes. Eller motsett.
– Det er også eit knippe born som brukar han som skuleveg, legg han til.
BEF1
Båten blitt ein populær turistattraksjon og eit reisealternativ for lokale.
Gjennom sine 130 år i drift har Beffen blitt ein del av bybiletet og nærmast ein institusjon å regne for bergensarane.
– Bergensarane set pris på Beffen. Det er det dei seier når dei brukar båten. Det er på ein måte meir enn ein båt – det har blitt ein kulturarv. Ein skal ikkje røre ved Beffen. Då trur eg mange blir sure, seier Steinar.
Auka industri og handel førte til sterk folkevekst i Bergen frå 1850-talet, og i 1894 oppstod behovet for ferjesamband over Vågen.
15. mai same år vart «Bergens Elektriske Færgeselskab» stifta, og allereie i august sette selskapet to ferjer med plass til 16 passasjerar i drift.
Etter kvart kom fire ferjer til, med namna «BEF 1», «BEF 2» og så vidare. På folkemunne fekk båtane namnet Beffen.
I dag går tre Beffen-ferjer, eigde og drivne av Bergen Kommunale Kystkultursenter sidan 2020.
Trass i at «Bergens Elektriske Færgeselskab» ikkje eig eller driv Beffen-båtane, finst det framleis i dag med hovudmål om å ta vare på, og byggje vidare på 130 år med maritim historie.
Reisande
Då eg var lita, sa me alltid sånn «kan me inn til byen og køyre med Beffen?» Båten er koseleg og viktig å ta vare på.
Bryllaup på Beffen
Ein gammal og folkekjær båt som Beffen har sett litt av kvart.
– Me leiger ut båtane, i alle fall den elektriske, så her har det skjedd litt av kvart, kan Steinar fortelje.
Sjølv har han enno til gode å oppleve noko heilt utanom det vanlege, men fortel at Beffen har vore arena for mange morosame arrangement.
– Her har det vore utdrikkingslag og bryllaup. Me har frakta folk til og frå fest og alt mogleg av sånne ting. Det er morosamt å tenkje på, men eg ser føre meg at utdrikkingslag på Beffen kan vere noko utfordrande, legg han til.
Kjekke folk – stort sett
På jobb får Steinar møte og prate med folk frå alle verdas krikar og krokar, noko han tykkjer er givande.
Eg vil seie eg har Bergens kjekkaste jobb, og det er berre kjekke folk å møte her. No har eg kun køyrt i omlag tre år, men det kjekkaste med jobben er å møte alle dei hyggelege folka.
Steinar tenkjer seg om nokre sekund før han omsider legg til:
– Det er ein eg har krangla med, men elles har alle vore glade og nøgde, legg han til og ler litt for seg sjølv før han atter ein gong legg til kai.