Fagforbundet-topp inn i helseutvalg
Korleis få fleire tilsette, kortare køar og unngå at pasientar blir kasteballar? Det skal blant andre dagleg leiar av Fagforbundet, Lars Erik Flatø, finne ut av.

Regjeringa og helseminister Jan Christian Vestre har vil ha reform av helsevesenet. Nyleg har dei sett ned Helsereformutvalget som skal sjå på korleis alt frå sjukehusa til helsehjelp i kommunane kan bli betre.
Første utval av sitt slag
Til vanleg jobbar Lars Erik Flatø som dagleg leiar av Fagforbundet. No skal han også bli ein del av utvalet som skal kome med forslag og råd til korleis det norske helsevesenet kan bli betre:
– Dette er jo eit viktig og utfordrande arbeid. Organiseringa av norsk helse- og omsorgsteneste har aldri vore gjennomgått på den måten dette utvalet skal gjere. Vi veit at tenestene står overfor store utfordringar, særleg grunna veksten i talet på eldre og mangelen på personell, seier Flatø.
Håpar på varige løysingar med brei støtte
Helsereformutvalet skal kome med forslaga i november neste år. I eit tidlegare intervju med Fagbladet har helseminister Vestre signalisert at han ønsker eit helseforlik på Stortinget. Flatø seier han håpar at arbeidet til utvalet vil nå breitt ut:
– Eg håpar vi vil kome fram til forbetringar av samspelet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. At vi kan samle brei politisk tilslutning. Og at vi dermed kjem fram til løysingar som står seg over tid.
Erfaring frå regjering, sjukehus og kommune
Flatø har blant anna bakgrunn som statssekretær, generalsekretær i Kirkens Bymisjon og direktør for Lovisenberg diakonale sykehus.
– Korfor trur du at du blei spurd om å delta i utvalet?
– Eg reknar med at det er bakgrunnen min som leiar i helsetenesta. Og at eg no har kjennskap både til spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. I tillegg har mine ti år som kommunepolitikar gjeve meg verdifull innsikt i kommunehelsetenesta. Den er verdifull å ta med inn i dette arbeidet.
Vil ha nye løysingar
Flatø var med på å forme helseføretaka på starten av 2000-talet:
– Det eit kvart hundreår sidan no. Eg synest det er artig å få lov å vere med på dette arbeidet no, i og med at ei ny tid krev nye løysingar, seier Flatø.