Her kjem Vestre med lovnader på sjukeheimen

– Vi skal løyve pengane og grunnbemanninga skal opp. Det er eit løfte, seier helseminister Jan Christian Vestre.

LOVNAD: Jan Christian Vestre (Ap) lovar meir pengar og fleire tilsette i helse og omsorg. Han vil også ha med dei andre partia på eit helseforlik. Her på omvisning ved Åskollen bo- og servicesenter.
Publisert Sist oppdatert

– Vi blir så godt teke vare på her, men det kan vere slitsamt for dei som jobbar, seier ei dame med grått hår sittande i ein godstol. Den ustrakte fura handa hennar har akkurat møtt ei yngre hand. Ein mann med dress og brunt skjegg lener seg litt inn og ned mot ho. Auga hans føl blikket hennar og han svarar:

– Og akkurat det at det kan vere slitsamt for dei tilsette har vi tenkt å gjere noko med, svarar han. 

Løfte

Helseminister Jan Christian Vestre er på omvising på Åskollen bo- og servicesenter i Drammen. Med seg har han eit løfte. Får han og Ap fortsette i regjering etter valet, skal dei som jobbar her og kollegaene i heile landet merke ein forskjell:

– Dette er eit løfte, ja med utropsteikn! Vi har lytta til Fagforbundets medlemmer, som er veldig tydelege på at bemanning er den største utfordringa no. Og det tek vi på stort alvor. Vi skal levere eit løft på auka grunnbemanning og fleire på jobb, seier Vestre. 

BESØK: Jan Christian Vestre (Ap) saman med Fagforbundet-leiar Mette Nord og nestleiar Helene Skeibrok på Åskollen bo og servicesenter. Nord og Skeibrok støttar Vestre sine planer om korleis han vil få fleire hender på dekk i helse. Dei besøkande fekk orientering om det topp moderne senteret med hage, cafe, drivhus og nye lokaler.

Ni av ti meiner det er for få folk på jobb

Helseministeren viser til Fagforbundet si medlemsundersøking. Der kjem det fram at i Buskerud meiner 48 prosent av medlemmane at det ikkje er nok folk på jobb til å gjere arbeidet på ein forsvarleg måte. Sju av ti meiner det ofte er travelt og stressande på jobb. Nasjonalt viser tala at åtte av ti meiner bemanninga må bli betre i barnehage og SFO. Ni av ti som jobbar i eldreomsorg og helse meiner det er for få på jobb. 

MØTEPLASS: Helseminister Jan Christian Vestre saman med Lena Nilsen som jobbar som nærmiljøkontakt ved Knutepunkt Åskollen. Nilsen jobbar blant anna med tiltaket der bu og servicesenteret har opna ein cafe. Der kan alle som vil ete middag, ofte samlast bebuarar, pårørende og barnefamiliar på cafeen ved Knutepunkt Åskollen. Staden har blitt ein mykje brukt møteplass i lokalsamfunnet.

Vil gje meir til kommunane

Vestre har nyleg strakt ut ei hand til alle partia på Stortinget. Han ønsker å få til eit helseforlik. Innan det eventuelt kjem på plass vil han auke grunnbemanninga slik:

– Vi må rekruttere fleire. Vi må behalde dei vi har. Vi må satse på heiltid, vi må satse på ordentlege arbeidstidsordningar. Vi må få ned belastninga, slik at vi òg får sjukefråværet ned, og at det er lettare å stå lenger i arbeid. Vi må sjå på om vi kan gjere det enklare for fleire å stå lenger i yrket. Og så må vi prioritere ein ordentleg kommuneøkonomi, som gjer det mogleg å tilsette og løne folk, og ha tilstrekkeleg folk på jobb, rett og slett, seier Ap-ministeren. Han vil ikkje talfeste konkret kor mykje meir pengar eller fleire tilsette han skal sørge for til helse. Vestre seier at han også ønsker å tilrettelegge turnusane og arbeidstida til dei ulike livsfasane og behova som folk har. 

Jan Christian Vestre (Ap) lovar meir pengar og fleire tilsette i helse og omsorg. Han vil også ha med dei andre partia på eit helseforlik. Her på omvisning ved Åskollen bo- og servicesenter. Frå venstre: Mette Nord, Masud Gharahkhani og Jon Christian Vestre.
BEMANNING: Ei undersøkjing blant Fagforbundet sine medlemmar viser at nesten halvparten meiner at bemanninga er så låg at det kan gå ut over jobben. No lovar Ap eit helseløft. Frå venstre: Mette Nord, leiar av Fagforbundet, Masud Gharakhani, stortingspresident og stortingspolitikar frå Drammen (Ap) og helseminister Jan Christian Vestre (Ap).

Tilbyr alle under 30 utanfor arbeidslivet jobb i helse 

Vestre viser til at han og regjeringa vil gje alle under 30 år som står utanfor, jobb i eldreomsorg og barnehage. Det skal dei få via arbeidstrening og kvalifiseringsprogram. Dette er eit av tiltaka for å sikre fleire på jobb i helse. Fagforbundet-leiar Mette Nord trur dette kan vere eit av fleire tiltak som kan hjelpe mot mangelen på tilsette:

– Dette er eg heilt sikker på vil hjelpe og vil bli ein veg inn for mange. Der mange kan få ei helsefagarbeidarutdanning medan dei jobbar. Det vil gjere at ein ser verdien av jobben, opplever meistring og får eit sosialt felleskskap. Dette kan bidra til å få fleire unge i arbeid og være en viktig rekrutteringsvei inn til helsefagene, seier Nord.

Les meir om ungdomsprogrammet her

Fakta om Ungdomsprogrammet

• For ungdom mellom 16 og 30 år som står utanfor arbeidslivet eller utdanning.

• Skal gje fleire unge ein ny sjanse gjennom jobbing i barnehage, SFO, sjukeheimar og anna helsejobbar.

• Kjem frå Ap sitt partiprogram vedteke våren 2025.

• Der står det at Ap vil «etablere eit nytt arbeidsprogram for unge under 30 år som sikrar dei jobb i barnehage, SFO eller helse og velferd innan tre månader».

• Fagforbundet og Ap har også gått saman om fire andre punkt for å sikre fleire i helse.

• Satsing på heile faste stillingar, mindre bruk av vikarbyrå, meir oppgåvedeling og gje fleire sjansen til å ta fagbrev på jobb.

Over ein halv million utanfor arbeidslivet

Helene Skeibrok er nestleiar i Fagforbundet. Ho viser til at det er over 600.000 i arbeidsfør alder som står utanfor. Ho støttar plana om å tilby unge som ikkje arbeider jobb i helse og barnehage:

– Samfunnet treng desse folka. Men ikkje minst er det viktig for den enkelte å kunne bidra i det sosiale fellesskapet. Så det er ein vinn-vinn-situasjon. Både for den enkelte, men også for samfunnet elles, og ikkje minst for våre medlemer som allereie opplever at dei har for dårleg bemanning, for lite kollegaer rundt seg. Det håpar eg kan vere med og sørgje for at folka våre òg kan klare å stå i yrket fram til dei går av med pensjon, seier Skeibrok. 

Powered by Labrador CMS