Valg 2025

Vil skrote helseforetaka: – Fleire byråkratar enn intensivplassar

Kjersti Toppe og Sp vil kvesse kniven og kutte i helsebyråkratiet: – Dette er stor sløsing med offentlege pengar, seier legen og den tidlegare ministeren som heller vil ha fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar.  

KUTT: Kjersti Toppe er stortingsrepresentant og 1. nestleiar i Senterpartiet. Den tidlegare barne- og familieministeren har sett seg lei på det ho meiner er unødvendig byråkrati og vil skrote helseføretaksmodellen.
Publisert Sist oppdatert

I følge regjeringa jobbar det 338 direktørar i helsebyråkratiet. Dei har ei snittløn på 1,4 millionar kroner. Mange av desse jobbar i helseføretaka.  Kjersti Toppe som har jobba fleire år som lege, meiner det er altfor mange i administrasjon og for få som arbeider med pasientar.

– Fleire direktørar enn intensivsengeplassar

Stortingsrepresentant Toppe og Sp vil no kutte i helsebyråkratiet og fjerne helseføretaksmodellen. Den årlege løna til dei 338 helsedirektørane kjem på rundt ein halv milliard kroner i året:

– Det blir heilt feilt når det er rundt 300 intensivsengeplassar på sjukehusa og 338 direktørar. Og i denne statistikken er det ikkje rekna med dei som har tittel fagdirektør, seier Toppe som er valgt inn frå Hordaland på Stortinget. Toppe viser til dette svaret frå helseminister Jan Christian Vestre på spørsmål i Stortinget om talet på intensivplassar. Toppe meiner svaret ikkje svarar konkret på kor mange sengeplassar som faktisk finst og at det blir brukt ulike reknemåtar som er uklare. Slik ho ser det er det i realiteten rundt 300 intensivplassar på norske sjukehus. 

FLEIRE: Toppe meiner helseforetaka har blitt alt for overstyrt og underleda med for mange direktørar og for få som jobbar med folk.

Vil ha fleire hender

Sp-nestleiaren meiner å kutte helseføretaksmodellen vil ta vekk det ho meiner er unødvendig administrasjon:

– Eg vil heller bruke pengane på å styrkje grunnbemanninga på sjukehusa, på avdelingar som barsel og andre stader der behovet for folk er størst. Det er ingen som ropar etter fleire direktørar. Det folk ropar etter, er fleire sjukepleiarar og fleire hender i pasientnær teneste, seier Toppe. 

KORFOR: Ullevål sjukehus blir flytta til nybygg. Verken fagforeiningane til legane, sjukepleiarane og helsefagarbeidarane er for flyttinga. Dei vil heller behalde gamle Ullevål sjukehus og bygge nytt der. Toppe meiner dette er eit eksempel på at føretaktsmodellen har ført til at det tilsette og brukarar vil blir overkjørt av direktørar.

Ser til Storbritannia som kuttar

Regjeringa i Storbritannia er leia av Labour som er søsterpartiet til Arbeidarpartiet i Noreg. Der vil no statsminister Keir Starmer legge ned helseføretaks-modellen:

– Vi er inspirerte av det som no skjer i England, der dei har bestemt seg for å avvikle ein tilsvarande modell og gå over til ein forvaltningsmodell med meir demokratisk styring, seier Toppe og legg til:

– Det er inga naturleg lov som seier at sjukehus må drivast etter ein forretningsmodell. Vi kan styre dei på same måte som vi styrer skular, eldreomsorg og andre velferdstenester, seier stortingspolitikaren. Ho var barne- og familieminister i Støre-regjeringa frå 2021 til vinteren 2025.

Vil ta kontrollen over sjukehusa tilbake

Toppe som har jobba som kommunelege meiner det er eit paradoks: Borgarane betalar for sjukehusa og er dei som brukar dei. Men, folk har lite eller ingen ting dei skulle ha sagt om korleis sjukehusa blir drivne. Eller korleis tenestene skal vere:

– I dag ligg det ei enorm makt hos direktørane i helseføretaka, og mange av dei byter berre stillingar seg imellom. Det er ei lukka gruppe med mykje innflytelse, seier ho.

Vil greie ut ny styring 

 Ho og Senterpartiet meiner sjukehusa bør ligge direkte undre Helsedepartementet:

– Vi vil ha ein modell der ein styrkjer både demokratisk styring frå Stortinget, regionalt nivå og lokalt nivå for korleis ein skal forme sjukehusdrift i framtida. Vi kallar det ein forvaltningsmodell med folkevald styring. Så har jo vi sagt at skal vi endre dette, så må ein greie ut ein ny modell.

– Dårleg, dyrt og ueffektivt

Helseforetaka blei innført for 23 år sidan. Toppe feller ein kritisk dom over ordninga som blei innført av Stoltenberg 1-regjeringa i 2002:

– Modellen er stor sløsing med offentlege pengar. I tillegg fører den til dårlegare leiing og mindre effektiv drift av sjukehusa. Ta no skandalen med Helseplattformen: milliardar av kroner brukt på eit system som gjer at legane jobbar saktare enn før – og ingen tek ansvar, seier ho og legg til:

– Politiske signal og vedtak blir ikkje følgde opp. Det er ein av grunnane til at vi vil avvikle modellen og gå over til ei ordning med folkevald styring.

Powered by Labrador CMS