Her er portørane ein del av operasjonsteamet

Likevel er mykje av arbeidet dei utfører i liten grad inkludert i fagutdanninga. 

PÅ HAUKELAND: Portør Jens Didrik Milde ynskjer å setje portørane på operasjonsstovene på kartet .
Publisert Sist oppdatert

Saken oppsummert

  • På Haukeland er portørar ein fast del av operasjonsteamet. Dei klargjer stova og frigjer tid for sjukepleiarar og kirurgar.
  • Ein sentral del av arbeidet er leiring av pasienten før operasjon. Målet er trygg plassering, god tilgang for kirurg og å hindre trykksår og smerter.
  • På grunn av portørane vert tida mellom kvar operasjon effektivisert og korta ned.
  • Portørane i operasjonsverksemd er framleis lite synlege og i liten grad inkludert i portørutdanninga.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

– Det er få sjukehus som jobbar, i alle fall i like stor skala, slik me gjer på Haukeland med portørar på operasjonsstovene, seier Jens Didrik Milde.

Han er sjølv portør på sentraloperasjonen ved Haukeland universitetssykehus, og er fagansvarleg for portørane på avdelinga.

I tillegg er han plasstillitsvalgt for Støtte Sentraloperasjonen i Fagforbundet Helse Bergen, og nestleiar for Yrkesseksjon Helse og Sosial på Haukeland Universitetssjukehus.

MOGLEGHEIT: Portør Jens Didrik Milde ynskjer at fleire skal vite om denne moglegheita, samt at det skal bli ein del av portørfagutdanninga.

Ukjend yrkesretning

Når ein tenkjer portør, ser ein gjerne føre seg pasientportørar som trillar pasientane frå A til B, eller forsyningsportørar som sørger for at utstyr og tøy er på riktig stad til rett tid.

På Haukeland universitetssjukehus har portørar arbeidd på operasjonsstovene i Sentralblokka i rundt 40 år. 

Desse portørane har ein litt anna arbeidskvardag, sjølv om dei også driv med logistikk- og forsyningsoppgåver.

Trass i lang fartstid på Haukeland er det enno lite kjent for resten av helse- og yrkes-Noreg kva portørar i operasjonsverksemd gjer. 

Og at dei i det heile finst.

– Målsetjinga er å bidra til god og effektiv flyt gjennom dagen, samt spreie den fysiske belastninga operasjonsteamet står i, seier Milde.

Samstundes får operasjons- og anestesisjukepleiarane meir tid til å konsentrere seg om sine eigne kjerneoppgåver.

– Svært lite av det me gjer er ei erstatning for noko anna, men det er meir som eit samarbeid, legg Milde til.

VISER: Milde ynskjer å vise korleis portørane jobbar på Sentraloperasjonen.

På operasjonsstova

På ein vanleg dagvakt ved sentraloperasjonen er det rundt elleve portørar på jobb. 

Kven som har ansvar for å bistå på operasjonsstovene varierer frå dag til dag, men to portørar er alltid sette av til å vere tilgjengelege for operasjonsteamet.

– Det skal vere tydeleg kven av oss som er tilgjengelege når operasjonsstovene treng hjelp, seier Milde.

Det er også her portørane i operasjonsverksemd skil seg frå forsynings- og pasientportørane. 

Før pasienten kjem inn til operasjon, ventar ei rekkje oppgåver.

– Etterkvart som operasjonsstova vert rydda og vaska, trillar me inn og byter operasjonsbord.

Portørane brukar operasjons- og planleggingssystemet ORBIT for å halde oversikt over kva inngrep som skal gjennomførast på dei ulike stovene. Slik kan dei klargjere nødvendig leiringsutstyr før pasienten kjem til operasjon.

– Når pasienten kjem til stova, er me ofte med på å ta imot pasienten og hjelpe til med å flytte vedkomande på plass på ein skånsam måte, tilpassa skaden dei skal opererast for, seier Milde.

UTSTYR: Ulike inngrep krev ulike operasjonsbord.
OPERASJON: Portør Kjell Joar Eide klargjer operasjonsbordet før neste pasient skal opererast ved ortopedien.

To ting på ein gong

Når pasienten ligg på operasjonsbordet bistår portøren med øvrige gjeremål om sjukepleiar og eventuelt kirurg har behov for det.

Dette kan til dømes vere å støtte pasienten medan vedkomande får bedøving.

– Om pasienten har brot i hofta og treng spinalbedøving er det smertefullt å sitje sjølv i 90 grader. Me kan bidra med å støtte pasienten så dei andre i operasjonsteamet kan fokusere på hovudoppgåvene sine, seier Milde.

Altså, ved hjelp av portørane kan ein frigjere tid og effektivisere prosessen før operasjonen byrjar.

Leiring

Portørar i operasjonsverksemd har etterkvart opparbeidd seg god kompetanse på leiring av pasient i samarbeid med operasjonsteamet.

Leiringa skjer etter at pasienten er bedøvd og utstyret er klargjort for operasjon.

Leiring går ut på å gje best kirurgisk tilgang på operasjonsområdet, samt sikre at pasienten er komfortabel, ivaretatt og trygg.

Korleis ein leirar ein pasient, varierer ut frå kva inngrep det dreier seg om, og kva behov kroppen til kvar enkelt pasient har.

– Ny pasient, ny leiring, seier Milde.

Å leire betyr å sikre stabil og hensiktsmessig liggeposisjon som opprettheld vitale funksjoner som frie luftvegar og god blodsirkulasjon. Det skal samtidig hindre vondter, trykkskader eller nerveskader.

–  Pasienten skal ikkje få trykksår eller våkne med vondter på grunn av liggestillinga. Ein skal også sikre at pasienten ligg trygt på bordet og ikkje kan falle ned, forklarar Milde.

Portørane er ikkje tilstades under sjølve operasjonen men tek seg då av andre logistikkoppgåver.

– Det kan vere å fylle på med nytt tøy i varmeskap slik at det alltid er tilgjengelege varmeteppe ved operasjonsstovene, eller å fylle opp med væske eller gass. Me kastar også søppel og held eit ekstra auge med kva neste operasjon treng, og klargjer nytt operasjonsbord og leiringsutstyr, fortel Milde.

LOGISTIKK: På eit sjukehus, og særleg på operasjonsstover, går det hyppig med tøy. Portørane har som oppgåve å sende til vask og rydde på plass tøy og utstyr.

Eit døme for andre 

At portørar bidreg på operasjonsstover på mindre sjukehus, er ikkje uvanleg. På Nordlandssykehuset i Bodø har dei òg byrja å ta i bruk portørar i operasjonsverksemd.

– Me hadde ein gjeng frå sjukehuset i Bodø som kom hit nokre dagar for å sjå korleis me får til det tverrfaglege samarbeidet på Haukeland.

Milde omtalar måten portørane arbeider på operasjonsstovene ved Haukeland universitetssjukehus som «Haukelandsmodellen». 

Namnet er delvis meint med glimt eit i auga, men viser også til at arbeidsmåten har blitt utvikla og gradvis optimalisert gjennom fleire tiår.

Han trur ingen sjukehus nyttar portørar på operasjonsstovene i like stor skala som på Haukeland, og håpar erfaringane deira kan vere til inspirasjon for andre.

– Heile helsevesenet er i endring, og me veit at det i framtida kjem til å bli mangel på blant anna sjukepleiarar og helsearbeidarar. Me ser heile tida etter oppgåveendringar og betre rollefordeling.

Ikkje inkludert i fagbrevet

– Vår måte å jobbe på er per i dag ikkje ein del av portørfagbrevet. Leiring vart omsider ein del av kompetansemåla, men ut frå det eg har skjønt, får det ikkje stor plass i utdanninga, seier Milde.

– Hos oss er leiring kanskje den viktigaste oppgåva og det som i størst grad skil oss frå andre portørretningar, legg han til.

Portørfagbrevet er ei ung utdanning som omsider kom i 2017. 

Om portørfagbrevet på Utdanning.no står det om pasienttransport, grunnleggjande sjukepleiaroppdrag, leiring og flytting og mottak av varer. 

Det at ein kan bli portør på operasjonsstover er ikkje ein tydeleg retning, noko Milde tykkjer burde gjerast noko med.

– Trur du fleire hadde vurdert portørutdanning om dei kunne vidareutdanna seg, eller kjende arbeidsoppgåvene de gjer på operasjonsstovene?

– Ja det trur eg nok.

Andre helseføretak har så langt vore tilbakehaldne med å ta i bruk den same modell for oppgåvedeling mellom portørar og operasjonsteam då den formelle kompetansen enno ikkje er på plass.

– Fagbrevet er allereie ganske omfattande. Kanskje det eignar seg betre som ei vidareutdanning? På denne måten kan ein også spesialisere seg og kome vidare i yrket.

UTDANNING: Sjølv om leiring er ein del av kompetansemåla i portørfaget, ynskjer Milde at moglegheita for å arbeide på operasjonsstove skal bli betre inkludert i utdanninga.

Eit godt samarbeid

– Det er eigentleg litt merkeleg at ikkje fleire sjukehus har etablert ei så god portørgruppe, seier Linda Jansson.

Jansson er seksjonsleiar på ortopedisk avdeling og ansvarleg for operasjons- og anestesisjukepleiarane.

Også Jansson understrekar at tilværet til portørane effektiviserer arbeidsflyten på operasjonsstovene.

– Om me ikkje hadde portør til stades, måtte me gjerne ha hatt ein ekstra operasjonssjukepleiar, legg ho til. 

I tillegg til effektiviseringsprosessen har dei utvikla eit samarbeid og ein rutine som fungerer.

– Me er avhengige av kvarandre, godt samarbeid og kommunikasjon. På denne måten kan ein jobbe parallelt med å ta seg av pasient og utstyr. Det kan bety meir tid til fleire pasientar, noko sjølvsagt er lønnsamt for sjukehuset, seier ho.

Powered by Labrador CMS