Full jobb og høgare vidareutdanning: Slik får helsefagarbeidarane Anne Gro og Nina kabalen til å gå opp
Med full jobb er det tungt å studere ved sida. Men Nina, Anne Gro og kollegaene brenn for faget, brukarane og jobben – og kommunen brenn for dei.

Dei to eldsjelene Nina Helen Haugan Hansen (38) og Anne Gro Olesrud Rugaas (36) greip sjansen då fagskulen kom til Rjukan. Dei arbeider saman tre dagar i veka på ei dagavdeling for eldre heimebuande.
– Eg er mest overglad i jobben og brukarane, seier Nina og ler litt av seg sjølv.
I september 2024 byrja Nina og Anne Gro på kurset «Aktiv omsorg for personar med demens».
– Vi ynskjer meir kunnskap for å gjere jobben så godt som mogleg, seier Anne Gro.

To tilsette og 14 brukarar
Dagavdelinga der Nina og Anne Gro arbeider, har opptil 14 brukarar på ein dag. Dei fleste er oppegåande, men nokre er også ramma av ei demensliding. Ein dag i veka tek dei imot sju brukarar. Uansett talet og helsa til brukarane er dei aldri meir enn to tilsette.
Ein av dei køyrer ut og hentar dei eldre frå klokka åtte om morgonen. Imens steller den andre til frukost. Klokka fire på efta skal alle brukarane vere vel heime, og Nina og Anne Gro avsluttar dagen.
Heile mennesket
Den avgjerande grunnen til at dei tek denne vidareutdanninga, er at dei vil lære meir om korleis ein kan nærme seg, få kontakt med og ta vare på kvar og ein – uansett kor forskjellige brukarane er. Dei håper at meir kunnskap skal gjere dei enda betra på jobb slik at brukarane skal oppleve enda meir meistring og enda betre livskvalitet.
– Vi må heile tida vere medvitne om at alle er heile menneske, understrekar Nina.
Ho peiker på at fysisk og psykisk helse, sosialt og åndeleg liv speler saman.
– Dette studiet får oss til å tenkje meir over kor samansett ein person er, meiner Anne Gro.
Godt skolerte
Nina er hjelpepleiar frå 2005 og har arbeidd på Austbygd i om lag ti år. Anne Gro var ferdig utdanna helsefagarbeidar i 2010 og har berre arbeidd på dagavdelinga i nokre månader. Begge andre oppgåver i heimetenesta slik at Nina arbeider fire dagar (86 prosent) og Anne Gro alle kvardagar (100 prosent).
Før dei byrja på Aktiv omsorg for personar med demens, hadde Anne Gro 30 studiepoeng i Demensomsorg. Ho hadde også 30 poeng i Velferdsteknologi. Begge vidareutdanningane var nettbaserte i regi av NKI. Nina hadde 30 poeng i Demensomsorg og 60 poeng i Kroniske sjukdommar. Begge studia hennar var i regi av AOF.
Gjev og tek energi
Om det er slitsamt å arbeide og studere samstundes?
– Eg vert heller litt gira, ler Nina.
Anne Gro, som arbeider full tid, opplever det litt annleis.
– Eg kjenner det er tyngre enn eg hadde venta, er hennar svar.
Ho spør seg faktisk om det er verdt det. Inntil vidare er svaret «ja».
– Det er av di eg syns alle tema er svært interessante.
Ei gåve til kommunen
Gry Anja Gundersborg, kommunalsjef for utvikling og levekår i Tinn, ser på vidareutdanninga som ei gåvepakke til kommunen. Då utdanningstilbodet kom, hadde dei nett avslutta arbeidet med Demensplan 2025. Her hadde dei blinka ut aktiv omsorg og opplæring som område dei skal satse på.
– Vi har om lag 140 fast tilsette helsefagarbeidarar i kommunen og håpte at vi ville fylle ei klasse, fortel ho.
Fagskolen Diakonova kom for å informere om utdanninga. Tilsette i administrasjonen og leiarar i sektoren møtte opp. Men berre seks–sju helsefagarbeidarar kom på informasjonsmøtet.
Likevel: Innan studiestart var klassen full med 20 studentar.
Strekkjer seg langt
Ei avtale mellom arbeidsgjevar og tillitsvalde kom på plass.
– Mange jobbar hardt for å få flyt i tenesta når studentane har undervisning, seier Gry Anja Gundersborg.
Den store utfordringa er å skaffe vikarar. Enklare var det å skaffe ein PC til dei som trong å låne det. Og å dekkje alle utgifter til semesteravgift og litteratur.
– Vi har strekt oss langt for at studentane skal klare å gjennomføre.

Jobb, skule, jobb
Nina og Anne Gro syns det er flott at dei får ta vidareutdanninga i arbeidstida. Dei roser også kommunen for å kjøpe bøker og betale semesteravgift.
Men kvardagen er krevjande.
Studentane er samla på kommunehuset ein tysdag i månaden frå klokka 9 til 14. I tillegg kjem nettundervisning ein gong i veka to timar midt på dagen.
– Det går i eitt dei dagane vi har undervisning. Fyrst jobb, så skule, og så jobb igjen, seier helsefagarbeidar og student Anne Gro Olesrud.
– Gruppearbeid er krevjande
Mellom kvar samling skal studentane førebu seg til neste samling. Dei skal lese pensum, høyre podkastar og sjå korte filmsnuttar og lange filmar. På samlinga må dei vere førebudd på å få spørsmål om det dei har vore gjennom sidan sist. I tillegg skal dei arbeide med ei større oppgåve over fleire veker. Heile gruppa må vere førebudd til samlingane, og oppgåver skal leverast av gruppa.
– Gruppearbeidet tek mest tid, seier Anne Gro.
Ho trur det ville ha vore enklare å kombinere full jobb med studiet om dei ikkje måtte ha brukt så mykje tid på å møtast for å gjere gruppearbeid.
– Vi har ulik erfaring med å skrive oppgåve. Eg har vore student før, så for meg ville det nok ha vore lettare å levere oppgåvene åleine, meiner ho.
Ho seier dei får god vegleiing, men syns det hadde vore fint om dei også kunne ta kontakt utanom kontortid.
– For mange passar det å ringe på dagen, men ikkje for meg som aldri har fri på dagtid, seier ho.
Skulen er nøgd
Gry Ulvedalen, rektor ved Fagskolen Diakonova, meiner vegleiinga er lagt godt til rette for studentane.
«Ved behov (…) for veiledning gir lærerne individuell veiledning eller er tilgjengelige på nett og svarer innen kort tid», skriv ho i ein e-post og legg til at «De fysiske samlingene gir mulighet for personlig kontakt mellom lærere og studenter (…) Det gir mulighet for å stille spørsmål og få umiddelbar tilbakemelding.»
Rektoren kommenterer ikkje det Anne Gro Olesrud Rugaas seier om gruppearbeid.
Kommunalsjefen i Tinn vil ikkje kommentere saka, men håper alle dei 20 studentane klarer å gjennomføre.
Hjelp!
Allereie midt i fyrste semesteret kjenner ho seg sliten.
– På tre år tok eg studiekompetanse og to vidareutdanningar. Det gjekk heilt fint, seier Anne Gro.
Ho meiner det var mindre krevjande enn den utdanninga ho no tek. Forskjellen er at då ho tok vidareutdanning i demensomsorg og velferdsteknologi, kunne ho be om vegleiing også på kvelden.
Studenten med full stilling skjøner at det er vanskeleg for arbeidsgjevar å leggje endå meir til rette. Dei manglar jo folk.
Men ho kjenner at ho hadde trengt ein heil dag i veka for å konsentrere seg om studiet.
For helsearbeidarar som brenn for jobben og brukarane slik ho og Nina gjer, er studiet framfor alt interessant og nyttig.
– Men no tenkjer eg også: To år med så stor belastning? Hjelp!