Sjekk ut kva generasjon Z er uroa over
Fleire unge har dårlegare tru på framtida: – Elendet berre fortset
Ein ny undersøking visar at unge er stadig meir bekymra for framtida si. Det er spesielt eit tema Fagforbundet Ung-leiaren roper varsku om.

Unge er kjent for å vere meir optimistiske enn eldre, men det har skjedd noko dei siste tre åra. Det fortel Vilde Vågsland i Opinion til Khrono.
Undersøkinga Ung2024 visar nemleg at unge er stadig meir bekymra for framtida si.
– Dei har fleire bekymringar enn tidlegare. Ikkje berre det som skjer her og no, men også om 10 til 15 år. Det er uvanleg, seier Vågsland.
Undersøkinga viser at 63 prosent av dei unge er uroa over auka prisar, 52 prosent er bekymra for klima og miljø og 51 prosent er uroa over krig. 47 prosent fryktar falske nyheiter.
– Det umoglege har skjedd
Det er spesielt krigane i Ukraina og på Gaza som pregar dei unge.
– Ein har kanskje tenkt at om eit par veker eller eit par månader er det ikkje sånn lenger. Men elendet fortset berre.
– Mange av dei tinga ein tenkte var heilt umoglege, det har berre skjedd. Og då trur eg det er med og påverkar unge sin frykt for krig og uro. Og at mange av dei tinga vi tenkte ikkje kunne skje, skjer, seier Jeanette Lea Romslo, leiar av Fagforbundet Ung.
Generasjon Z, som er mellom 15 og 25 år, vil kunne få eit anna liv enn dei som pensjonerer seg no og har fått med seg gullalderen i økonomisk vekst.
– Vi kan fort bli den fyrste generasjonen som ikkje har det betre enn generasjonen før. Ein har jo hatt ein veldig velstandsauke. Men no ser vi jo faktisk at utviklinga går i den retninga at ikkje berre er det generasjonsforskjellar mellom mor og dotter, men det er generasjonsforskjellar i søskenflokkar, seier Romslo.
Ropar varsku
Ho viser til løpske bustadprisar som gjer at eit søsken kjem seg inn på bustadmarknaden, medan eit anna ikkje greier det.

Romslo ropar varsku om bustadprisane:
– Ser vi på spådommane for dei neste tre åra, så skal prisane auke med 25 prosent i heile landet og 33 prosent i Oslo. Så da vil det jo ha ganske mykje å seie om ein fekk kjøpt i 2021, eller om ein får kjøpt i 2026.
Romslo seier at det ikkje berre er eigenmarknaden som går løpsk. Der gjer og leigemarknaden, som har auka med rundt 15 prosent.
Undersøkinga Khrono viser til viser at 11 prosent av dei spurde ser optimistiske på framtida. 52 prosent svarar at dei er pessimistiske.
• Bustadprisane pressar fagarbeidarane ut av byane

Vil ha meir offentleg bustad-styring
Romslo seier at det er bra at samfunnet har så mykje fokus på bustadmarknaden, fordi situasjonen er såpass alvorleg.
– Det har stor betydning for medlemmene våre, økonomien og korleis livet er. Så vi har jo ei bustadkampanje gåande og kjem til å legge litt press på politikarane om at no må ein faktisk gjere noko, seier Romslo.
